Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 21. mars, 2003

Harde ord i Helse Nord

Fredag 21. mars, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Styreleiar Olav Helge Førde reagerer ikkje mot at eit styremedlem i Helse Nord kallar legane i regionen for «jævleg egoistiske». Derimot vil han gjerne ta hol på mytane som blir spreidd av folkeaksjonane for lokalsjukehus.

Lenge før sommarsola får fatt i nord-norske lokalsamfunn, har fakkeltok og glødande lesarinnlegg skrudd opp temperaturen mange hakk. Helse Nord styrer mot nedlegging av fødeavdelingar og akuttberedskap. Stokmarknes og Mosjøen ligg aller mest tynt an. Men også i Sandnessjøen, Narvik og Harstad er det nervøsitet å spora. I går gjekk dei nervøse ut på gatene. Tusenvis i fakkeltog lyste opp i Narvik og på Stokmarknes.

Det kan gå varmt på andre sida også. Styremedlem i Helse Nord, direktør og mangemillionær Johan P. Barlindhaug, langa ut mot folkeaksjonane i Klassekampen 11. mars:

? Det er null solidaritet i protestane som er gang no. Eg trur dei som står bak dette er legar som sitt rundt omkring og berre tenkjer på inntekta si, på at få gå vakt og gjera ingenting. Det er jævleg egoistiske perspektiv.

Førde forstår

Utblåsinga har skapt reaksjonar. Nokre av legane opplever dette som mistillit mot legestanden i Helse Nord, er Klassekampen kjent med. Men styreleiar Olav Helge Førde forstår godt sitt frittalande styremedlem.

? Det var friskt, seier Førde når Klassekampen resiterer Barlindhaug.

? Det er såpass friskt at det har skapt reaksjonar. Kan du forstå at legane reagerer på å bli tillagt slike motiv?

? Motiva som styret i Helse Nord blir tillagt er minst like uryddige.

? Så legane får som fortent?

? Altså, eg er ikkje overraska over at denne tolkinga kjem frå nokon i styret. Men eg ville nok formulert meg litt meir varsamt.

? Bør Barlindhaug be om orsaking?

? Nei, då er det mange som skal be om orsaking!

Styreleiar Førde understrekar at legane i Helse Nord har ein legitim rett til å kjempa for arbeidsplassane sine.

? Men eg blir skeptisk når striden tek form av skremsler som det ikkje er hald for. Ein overlege i Vesterålen har vore ute i media med at seks menneske vil døy om vi gjer endringar i Stokmarknes, til dømes.

Slike utspel skaper utryggleik og angst i befolkninga, seier Førde.

? Ein skal vera varsam med å opptre som politikar i kvitt.

Sparar ikkje pengar

Det er mange mytar i striden om lokalsjukehusa, meiner Helse Nord. Styreleiar Førde vil avsanna nokre av dei mest sentrale. Som den om at det er pengane som styrer prosessen.

? Økonomien er heilt uvesentleg. Vi kjem ikkje til å spara pengar på dette.

Det Helse Nord er ute etter, er betre og meir effektiv organisering av ressursane.

? Problemet i dag er at vi ikkje får utnytta personalet optimalt. Det går svært mykje tid med til beredskap, til å venta på det som sjeldan skjer. Med betre arbeidsdeling får vi frigjort dagarbeidstid til å gå meir aktivt laus på køane.

Det er også ein myte at nedlegging av akuttkirurgisk beredskap fører til at mange haste-operasjonar får lang reisetid, meiner Førde.

? Vi tek fatt i det som har minst hastegrad. Innan kirurgien har vi nesten ikkje operasjonar på natta og helgane. Det viser at dette let seg skyva på.

Pasientar som verkeleg hastar, som offer for alvorlege trafikkulukker, blir stort sett sendt til dei store sjukehusa, Bodø eller Tromsø. Og den medisinske akuttberedskapen for hjartefeil, lunger og så vidare blir ikkje rørt, understrekar Førde.

Sentraliseringsmyten

Styreleiaren vil også sentraliseringsmyten til livs. Biletet av ei einsidig sentralisering er direkte galt, seier han. Faktisk har Helse Nord som ambisjon å bringa fleire tenester ut dit folk bur. Også spesialisthelsetenester, som vanlegvis høyrer sjukehusa til.

? Fleire og fleire fag blir uavhengige av senger, dei blir poliklinisert, som vi seier. Det blir operert knær på sjukestova i Alta. Det ville vore uhøyrt for nokre år sidan. Dette er teknologiske framsteg, og dei små sjukehusa har ein kjempesjanse her, meiner Førde. Det treng ikkje lenger vera slik at folk reiser inn til eit større sjukehus kvar gong det er noko som skal ordnast,

? Så skjer det altså ei sentralisering av akuttkirurgi-senger. Men i volum er dette smått, understrekar Førde. Og han vil at folk skal merka seg at det ikkje er områda rundt Mosjøen eller Stokmarknes som har dei lengste reiseavstandene i Helse Nord. Det er i Finnmark at det er verst.

? Faggruppene våre har foreslått å oppretta ei ny fødestove på indre Finnmark, for der er det verkeleg ekstreme reisetider. Dette vurderer vi no.

Vedtak før ferien

Denne våren står styret i Helse Nord midt oppe i ein knallhard strid som vil gå fram til sommarsola har etablert seg over både Helgeland og Hålogaland. Olav Helge Førde hadde ikkje venta anna enn protest, når forslaga fyrst kom på bordet.

? Aksjonane er ikkje uventa. Det ville nesten vore rart om vi ikkje drog med oss historia inn i den nye modellen. Dette har vore mønsteret kvar gong.

? Gjer aksjonane noko frå eller til?

? Ja, det gjer dei jo. I den forstand at vi er ein del av den politiske styringa av helsevesenet. Det ville vera underleg om aksjonane ikkje gjorde inntrykk på politikarane som til sjuande og sist skal bestemma, seier Førde. Kven dette blir, er ikkje avgjort. Det kan blir Stortinget og det kan blir helseminister Dagfinn Høybråten. Planen er at det skal bli helseministeren.

I Helse Nord ser tidsplanen slik ut: Ekstraordinært styremøte 10. april avsluttar høyringsprosessen og leverer eit meir konkretisert oppdrag for kva som bør skje lokalt. Før 20. mai skal dei lokale foretaka vedta sine løysingar. 19. juni gjer styret i Helse Nord sitt endelege vedtak. Blir det nedlegging av fødeavdelingar, vil saka gå vidare til «foretaksmøtet», som er helseministeren. Slik foretaksmodellen er konstruert, er det fyrst deretter at Stortinget eventuelt vil blanda seg inn.

20. juni er siste møtedag på Løvebakken. Så tek Stortinget ferie fram til oktober.

Sp utfordrar Stortinget

Som varsla i Klassekampen måndag, har Senterpartiet lagt inn forslag om at Stortinget skal gripa inn i prosessen som kan føra til nedlegging av fødeavdelingar og akuttfunksjon ved lokalsjukehus landet over.

Sp viser i sitt forslag til at helseminister Tore Tønne (Ap) i debatten om sjukehusreforma 6. juni 2001 uttalte at «den mest umiddelbare virkningen av denne saken er at dette ansvaret samles på statens hånd, representert ved helseministeren, og blir underlagt Stortingets demokratiske kontroll».

? Det som skjer no, med framlegg om innskrenkingar og nedlegging av lokalsjukehus, akuttmedisinsk beredskap, fødetilbod, psykiatri og ambulanseteneste, skaper utryggleik, mellom anna i høve til om dette er i tråd med vedtak og målsettingar frå Stortinget, seier Sp-leiar Åslaug Haga.

Derfor vil Sp at Stortinget skal be regjeringa om at «større endringer i struktur, lokalisering og kapasitetsnivå [?] blir forelagt Stortinget til behandling».

Fakkeltog på Gjøvik

«900 menneske i eit gedigent fakkeltog», melder Oppland Arbeiderblad etter at aksjonen til forsvar for fødeavdelinga ved sjukehuset aksjonerte onsdag kveld. 6900 underskrifter er samla inn. «Maken til folkemønstring har antageligvis aldri funnet sted i Gjøvik tidligere», skriv lokalavisa.

? Vi er ikkje upåverkelege. Det er tydeleg at folk set pris på fødeavdelinga i byen, var den knappe kommentaren til administrerande direktør Torbjørn Almlid i helseforetaket Sykehuset Innlandet, som styrer i Hedmark og Oppland for Helse Øst.

Fyrst i september eller oktober blir det endeleg avgjerd. Men ein rapport frå ei arbeidsgruppe som kjem i mai vil truleg leggja klare føringar, skriv Oppland Arbeiderblad. Aksjonsgruppa satsar no på å dynga direktør Almlid ned med postkort frå befolkninga.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT