Tilsette blir knebla
Torsdag 20. mars, 2003
I dag går tusenvis av nordlendingar ut i gatene til forsvar for lokale sjukehus. Planane frå Helse Nord om å kutta ned på fødeavdelingar og akuttfunksjonar blir møtt med demonstrasjonar i Narvik, Harstad og på Stokmarknes i kveld.
Offisielt set Helse Nord pris på ein frisk debatt. Inne i helseforetaka opplever tillitsvalde forsøk på munnkorg.
Ein hovudtillitsvald ved sjukehuset i Narvik, som ligg under helseforetaket Hålogalandssykehuset, er av direktøren ved sjukehuset nekta å delta i aksjonsgruppa til forsvar for fødeavdelinga og akuttberedskapen.
Direktivet kom fram i samband med ein permisjonssøknad. Konstituert direktør ved sjukehuset i Narvik, Kristin M. Leiros, skreiv i eit brev 1. mars i år:
«Direktør Hagenlund har gitt klar beskjed om at deltakelse i en slik aksjonsgruppe ikke kan forenes med å være tillitsvalgt i sykehuset. Av den grunn kan overnevnte permisjon ikke innvilges.»
Direktør Ivar F. Hagenlund er sjef for Hålogalandssykehuet HF, der Narvik inngår.
? Ei stor mistyding
? Dette byggjer på ei openberr og stor mistyding, som eg kunne ha god lyst til å spørja dei tilsette sjølve kvar dei har fått ifrå, seier direktør Hagenlund til NRK Norland.? Eg kan minnest å ha sendt ein e-post til ein leiar i dette foretaket, der eg frårådde, men ikkje nedla noko forbod mot, å delta i denne typen markeringar, forklarer Hagenlund. Denne eposten er frå 17. mars, hevdar NRK Nordland, altså lenge etter at brevet frå direktøren i Narvik vart sendt.
Den hovudtillitsvalde vil ikkje stå fram med namn. Direktør Kristin M. Leiros, som skreiv det kontroversielle brevet, arbeider ikkje lenger ved sjukehuset i Narvik.
Inn på teppet
Også i region Vest er det innført munnkorg. Det fekk lege Poul Berthelsen ved sjukehuset i Lærdal oppleva, etter at han hadde uttalt seg til ein journalist.? Eg vart kalla inn på teppet. Vår direktør har fått klar melding frå direktøren i Helse Førde om at tilsette ikkje skal uttala seg. All journalistkontakt skal gå til direktøren, seier Berthelsen til Klassekampen.
? Blir det akseptert av fagfolka?
? Eigentleg fell ikkje dette i god jord. Men no skal du altså helst ringja direktøren og spørja han , seier Berthelsen. Så mannar han seg opp igjen.
? Skal eg vera heilt ærleg, så blir det sett munnkorg på folk, seier han.
? Men det er systemet no. Det er den verda vi lever i.
Krev lojale legar
I desember 2001, rett før sjøsettinga av den nye modellen for helsevesenet, omtalte Klassekampen at direktørane har sterke ambisjonar om lojalitet i rekkene.? No kan ikkje legane lenger argumentera mot sin eigen eigar ute i pressa. Det er eit prinsipp, sa administrerande direktør Tor Berge i Helse Øst til Klassekampen.
? Om folk ikkje har fatta at endringane har skjedd og held fram som før, vil vi sjå konfliktar, sa administrerande direktør Paul Hellandsvik i Helse Midt-Noreg.
Både Lægeforeningen og Sjukepleiarforbundet protesterte kraftig mot desse haldningane.
I den aktuelle konflikten i Narvik, tek styreleiar for Helse Nord, Olav Helge Førde, avstand frå bruk av munnkorg.
? Tilsette har den same retten som alle andre til å ytra sine meiningar, seier Førde.
I dag går tusenvis av nordlendingar ut i gatene til forsvar for lokale sjukehus. Planane frå Helse Nord om å kutta ned på fødeavdelingar og akuttfunksjonar blir møtt med demonstrasjonar i Narvik, Harstad og på Stokmarknes i kveld.
Offisielt set Helse Nord pris på ein frisk debatt. Inne i helseforetaka opplever tillitsvalde forsøk på munnkorg.
Ein hovudtillitsvald ved sjukehuset i Narvik, som ligg under helseforetaket Hålogalandssykehuset, er av direktøren ved sjukehuset nekta å delta i aksjonsgruppa til forsvar for fødeavdelinga og akuttberedskapen.
Direktivet kom fram i samband med ein permisjonssøknad. Konstituert direktør ved sjukehuset i Narvik, Kristin M. Leiros, skreiv i eit brev 1. mars i år:
«Direktør Hagenlund har gitt klar beskjed om at deltakelse i en slik aksjonsgruppe ikke kan forenes med å være tillitsvalgt i sykehuset. Av den grunn kan overnevnte permisjon ikke innvilges.»
Direktør Ivar F. Hagenlund er sjef for Hålogalandssykehuet HF, der Narvik inngår.
? Ei stor mistyding
? Dette byggjer på ei openberr og stor mistyding, som eg kunne ha god lyst til å spørja dei tilsette sjølve kvar dei har fått ifrå, seier direktør Hagenlund til NRK Norland.
? Eg kan minnest å ha sendt ein e-post til ein leiar i dette foretaket, der eg frårådde, men ikkje nedla noko forbod mot, å delta i denne typen markeringar, forklarer Hagenlund. Denne eposten er frå 17. mars, hevdar NRK Nordland, altså lenge etter at brevet frå direktøren i Narvik vart sendt.
Den hovudtillitsvalde vil ikkje stå fram med namn. Direktør Kristin M. Leiros, som skreiv det kontroversielle brevet, arbeider ikkje lenger ved sjukehuset i Narvik.
Inn på teppet
Også i region Vest er det innført munnkorg. Det fekk lege Poul Berthelsen ved sjukehuset i Lærdal oppleva, etter at han hadde uttalt seg til ein journalist.
? Eg vart kalla inn på teppet. Vår direktør har fått klar melding frå direktøren i Helse Førde om at tilsette ikkje skal uttala seg. All journalistkontakt skal gå til direktøren, seier Berthelsen til Klassekampen.
? Blir det akseptert av fagfolka?
? Eigentleg fell ikkje dette i god jord. Men no skal du altså helst ringja direktøren og spørja han , seier Berthelsen. Så mannar han seg opp igjen.
? Skal eg vera heilt ærleg, så blir det sett munnkorg på folk, seier han.
? Men det er systemet no. Det er den verda vi lever i.
Krev lojale legar
I desember 2001, rett før sjøsettinga av den nye modellen for helsevesenet, omtalte Klassekampen at direktørane har sterke ambisjonar om lojalitet i rekkene.
? No kan ikkje legane lenger argumentera mot sin eigen eigar ute i pressa. Det er eit prinsipp, sa administrerande direktør Tor Berge i Helse Øst til Klassekampen.