Aksjonerer for sjukehus
Tirsdag 18. mars, 2003
? Det blir generalstreik i tre kommunar, opplyser Ulf Ulriksen, leiar for LO i Indre Helgeland. Målet er å redda sjukehuset i Mosjøen. Folkeaksjonen for sjukehuset har vore i sving før. No er den forsterka med dei tre ordførarane i Vefs, Grane og Hattgjelldal, samt LO. Streiken er lagt til 25. mars, når styret i det lokale helseforetaket har møte. Sjukehuset blir omringa, og aksjonskomiteen planlegg ein gje-blod-for-sjukehuset-aksjon.
? Det blir lang kø, meiner Ulriksen.
Som Klassekampen skreiv i går, kan fødeavdeling eller akuttfunksjon vera truga ved 23 sjukehus landet over. Men dei regionale helseforetaka får ikkje igjennom nedskjeringane utan strid.
? Vi bør få til ein nasjonal konferanse for alle sjukehusaksjonane, seier Toril Sæterstrand i «Sykehusets venner», Stokmarknes. Aksjonen kom i gang i fjor, og har samla 17.000 underskrifter frå dei 31.000 innbyggjarane som bur i kommunane rundt sjukehuset. Dei har delt ut 3000 postkort med bilete av sjukehuset, som folk sender til medlemmar i sosialkomiteen og dei parlamentariske leiarane, med ei personleg helsing. 8. mars slo befolkninga ring om sjukehuset, og på torsdag er fleire tusen venta i fakkeltoget.
? Folk reiser seg no. Det Helse Nord prøver seg på, går ikkje an, seier Sæterstrand. Sjukehusaksjonane i Nord-Noreg koordinerer seg som best dei kan, for å unngå at det eine lokalsamfunnet blir sett opp mot det andre. Sæterstrand ynskjer meir koordinering på landsplan også, fordi det er sentrale styresmakter som må oppleva presset, no som fylkestinga er ute av dansen.
? Ingen respekt
? Alle snakkar om sjukehuset. Det er den store saka her no, fortel Eva Opshaug Teigen. Ho er amanuensis ved Høgskolen i Narvik og leiar for «Folkeaksjonen bevar Narvik sykehus».? I både 1997 og 1999 kom fylkeskommunen med liknande åtak på akuttberedskapen. Dei same menneska som vart røysta ned av fylkestinget to gonger, sit i dag i administrasjonen i Helse Nord og prøver seg igjen. Dei har ingen respekt for viljen som er uttrykt av dei folkevalde.
? Dette dreier seg om noko så fundamentalt som tryggleik i kvardagen. Vi bør vera stolte over at fylkeskommunane og folket etter krigen har bygd opp eit godt helsevesen i distrikta, med høg standard. Dette er fellesskapet sin eigedom, som foretaka prøver å rasera, seier Teigen, og slår fast:
? Styret i Helse Nord er no det største trugsmålet mot folkehelsa i Nord-Noreg.
? Vi fryktar at fødeavdelinga i Harstad kan blir gjort om til fødestove. Men dette er også ein solidaritetsaksjon med Narvik og Stokmarknes, som ligg mest tynt an, seier Silje Espejord i Harstad. Ho sit i aksjonsgruppa i lag med fire gravide kvinner, sjølv fødde ho i fjor. Aksjonen krev at fødeavdelinga i Harstad ikkje blir stengt i sommar. Den stenginga vil råka 40 fødande kvinner.
1000 til aksjon
Laurdag aksjonerte Lærdal. 1000 menneske møtte opp, og sette press på dresskledde menn som Kjell Opseth. «Eg har sett større mønstringar», var kommentaren frå den tidlegare Ap-statsråden som no er nestleiar i styret for Helse Førde.? Helseministeren må instruera Helse Vest i denne saka, seier Siv Enerstvedt til Klassekampen.
Til dagleg er ho økonomisekretær i det private næringslivet. No er ho engasjert i aksjonen for sjukehuset i Lærdal, som er lokalsjukehus for åtte kommunar i Sogn og Fjordane.
I går kveld var det demonstrasjon i Nordfjord, til forsvar for fødeavdeling og akuttfunksjon. Initiativtakar var Nordfjordrådet, eit organ for dei sju ordførarane lengst nord i Sogn og Fjordane.
? Innstillinga frå Helse Førde no ser bra ut for vår del, men vi finn det naudsynt å aksjonera. Ingenting er avgjort. Sjukehuset er den viktigaste tryggleiksfaktoren her i Nordfjord, seier Nils Støyva, ordførar i Stryn og leiar for Nordfjordrådet.
Ikkje til Stortinget
Helseministeren har ingen planar om å involvera Stortinget i den storstilte omlegginga av helsevesenet som skjer i regi av dei fem regionale helseforetaka. I Klassekampen i går kravde Åslaug Haga (Sp) og Olav Gunnar Ballo (SV) at statsråden kjem til Stortinget med ein oversikt over kva som er i ferd med å skje med akuttfunksjonar og fødeavdelingar. Dette er ikkje i tråd med intensjonen bak den nye organiseringa av helsevesenet, opplyser statssekretær Kristin Ravnanger i Helsedepartementet.? Det er rart å ta denne prosessen inn i Stortinget. No er dei ulike framlegga ute på høyring. Så må helseministeren håndtera dette i tråd med Foretakslova og vedtak i Stortinget, seier Ravnanger til Klassekampen.
Dei fem regionale helseforetaka styrer med vide fullmakter. Men større endringar må opp i «foretaksmøtet», det vil si at dei blir avgjort av helseministeren. Nedlegging av fødeavdelingar og akuttfunksjonar må truleg opp i foretaksmøte, meiner statssekretæren.
Olav Gunnar Ballo vil ha informasjon seinast ved revidert nasjonalbudsjett i mai. Ingen struktruendringar kan skje før Stortinget har vore inne i saka, meier SV-representanten. Departementet ser det annleis. Stortinget skal få informasjon gjennom det nye «plan- og meldesystemet», som kjem i sving ved framlegging av statsbudsjett i oktober.
? Gjennom dette systemet vil Stortinget bli orientert om den generelle utviklinga i foretaka, på dei ulike områda, ved kvart statsbudsjett, opplyser Ravnanger.
Dermed er det opp til fleirtalet på Stortinget om det skal bli noko av ynsket til Haga og Ballo. Dersom fleirtalet vil, kan Stortinget ta opp saka.
? Om Stortinget ber om det, kjem helseministeren på dagen, forsikrar Ravnanger. ? Men slik vi kjenner fleirtalet i dag, ynskjer Stortinget at vi skal halda oss til foretakslova.
? Ville ikke rukket fram til sykehuset i tide
Det blåser en vekkelse over mjøsbyen. Hele Gjøvik og Toten er samlet bak kravet om å få beholde fødeavdelingen ved sykehuset. I ly av mørket går Unge Høyre ut og klistrer opp plakater for å bevare avdelingen. Politimesteren gir oppmuntrende tilrop til aksjonistene på stand.Alle de politiske partiene er samlet bak kravet om å bevare fødetilbudet. Onsdag klokka 18.00 blir det fakkeltog med kravet: «Ikke rør føden!». Aksjonskomiteen har kjøpt inn ett tusen fakler. De håper på at det ikke blir nok til alle som møter opp på Tranberg videregående skole når demonstrasjonstoget starter.
Drektige kyr
Fødeavdelingen på Gjøvik dekker hele den vestlige delen av Oppland fylke. Fødende fra Tyin og Bygdin i nord til Jevnaker i sør reiser til Gjøvik på vestsida av Mjøsa for å føde. 900 barn kom til verden ved sykehuset som nå heter Sykehuset Innlandet, helseforetak Gjøvik.Det finnes en fødestue på Fagernes i Valdres, men den er ikke for kompliserte fødsler. Heller ikke førstegangsfødende får bruke den.
? Det er mange fødsler som må foregå på sykehus. Det gjelder fødsler med tang, vakuum eller keisersnitt, sier jordmor Karen Marie Jacobsen. Hun er tillitsvalgt i den lokale avdelingen av Den Norske Jordmorforeningen, og med aksjonsgruppa.
? Det er ikke lov til å flytte drektige kyr de siste to ukene før de kalver, sier leder i Gjøvik Høyre, Anne Bjertnæs. Hun er gravid, skal inn på fødeavdelingen igjen i månedsskiftet mai/juni. Hun har med seg datteren på 18 måneder når Klassekampen møter Aksjonsgruppa for fødeavdelingen Gjøvik.
? Jeg har ikke gått i tog før, men nå skal jeg gå i tog for fødeavdelingen, sier Bjertnæs.
Aksjonsgruppa er opptatt av hvilke konsekvenser nedleggingen av fødeavdelingen vil få for sykehusets framtid. De frykter at nedleggingen av sykehuset vil føre til at det er begynnelsen på slutten på Gjøvik som akuttsykehus.
For langt unna
? Hadde fødeavdelingen på Gjøvik sykehus vært nedlagt hadde jeg ikke kommet fram i tide, sier Aina Nagell Bradal. Hun sitter i dagligstua på fødeavdelingen på Gjøvik sykehus, ved siden av står den lille senga med datteren hennes ? født for ti timer siden.
? Hun har ikke fått noe navn ennå, sier Bradal.
Det er ikke så lang vei fra hjemstedet hennes til fødeavdelingen. Bradal bor på Lena 20 minutters kjøring fra Gjøvik sykehus, men hadde fødeavdelingen vært nedlagt, ville den nærmeste fødeavdelingen vært på Lillehammer, over en times kjøring unna.
? Jeg trodde ikke fødselen var ordentlig i gang, så det tok under en time fra vi reiste hjemme fra til ungen var ute. Det tok bare fem minutter fra vannet gikk til hun var født sier Bradal.
Datteren sover, trekker pusten dypt, fortsatt ikke helt vant til å puste selv. Hun rynker litt på nesa over fotografens nærgåenhet.
? Hva synes du om planene om å legge ned fødeavdelingen i Gjøvik?
? Det ville vært tragisk, slår Bradal fast.
? Skal du å i toget mot nedlegging?
? Jeg får se an formen, men jeg har veldig lyst, sier Bradal.
? Det blir generalstreik i tre kommunar, opplyser Ulf Ulriksen, leiar for LO i Indre Helgeland. Målet er å redda sjukehuset i Mosjøen. Folkeaksjonen for sjukehuset har vore i sving før. No er den forsterka med dei tre ordførarane i Vefs, Grane og Hattgjelldal, samt LO. Streiken er lagt til 25. mars, når styret i det lokale helseforetaket har møte. Sjukehuset blir omringa, og aksjonskomiteen planlegg ein gje-blod-for-sjukehuset-aksjon.
? Det blir lang kø, meiner Ulriksen.
Som Klassekampen skreiv i går, kan fødeavdeling eller akuttfunksjon vera truga ved 23 sjukehus landet over. Men dei regionale helseforetaka får ikkje igjennom nedskjeringane utan strid.
? Vi bør få til ein nasjonal konferanse for alle sjukehusaksjonane, seier Toril Sæterstrand i «Sykehusets venner», Stokmarknes. Aksjonen kom i gang i fjor, og har samla 17.000 underskrifter frå dei 31.000 innbyggjarane som bur i kommunane rundt sjukehuset. Dei har delt ut 3000 postkort med bilete av sjukehuset, som folk sender til medlemmar i sosialkomiteen og dei parlamentariske leiarane, med ei personleg helsing. 8. mars slo befolkninga ring om sjukehuset, og på torsdag er fleire tusen venta i fakkeltoget.
? Folk reiser seg no. Det Helse Nord prøver seg på, går ikkje an, seier Sæterstrand. Sjukehusaksjonane i Nord-Noreg koordinerer seg som best dei kan, for å unngå at det eine lokalsamfunnet blir sett opp mot det andre. Sæterstrand ynskjer meir koordinering på landsplan også, fordi det er sentrale styresmakter som må oppleva presset, no som fylkestinga er ute av dansen.
? Ingen respekt
? Alle snakkar om sjukehuset. Det er den store saka her no, fortel Eva Opshaug Teigen. Ho er amanuensis ved Høgskolen i Narvik og leiar for «Folkeaksjonen bevar Narvik sykehus».
? I både 1997 og 1999 kom fylkeskommunen med liknande åtak på akuttberedskapen. Dei same menneska som vart røysta ned av fylkestinget to gonger, sit i dag i administrasjonen i Helse Nord og prøver seg igjen. Dei har ingen respekt for viljen som er uttrykt av dei folkevalde.
? Dette dreier seg om noko så fundamentalt som tryggleik i kvardagen. Vi bør vera stolte over at fylkeskommunane og folket etter krigen har bygd opp eit godt helsevesen i distrikta, med høg standard. Dette er fellesskapet sin eigedom, som foretaka prøver å rasera, seier Teigen, og slår fast:
? Styret i Helse Nord er no det største trugsmålet mot folkehelsa i Nord-Noreg.
? Vi fryktar at fødeavdelinga i Harstad kan blir gjort om til fødestove. Men dette er også ein solidaritetsaksjon med Narvik og Stokmarknes, som ligg mest tynt an, seier Silje Espejord i Harstad. Ho sit i aksjonsgruppa i lag med fire gravide kvinner, sjølv fødde ho i fjor. Aksjonen krev at fødeavdelinga i Harstad ikkje blir stengt i sommar. Den stenginga vil råka 40 fødande kvinner.
1000 til aksjon
Laurdag aksjonerte Lærdal. 1000 menneske møtte opp, og sette press på dresskledde menn som Kjell Opseth. «Eg har sett større mønstringar», var kommentaren frå den tidlegare Ap-statsråden som no er nestleiar i styret for Helse Førde.
? Helseministeren må instruera Helse Vest i denne saka, seier Siv Enerstvedt til Klassekampen.
Til dagleg er ho økonomisekretær i det private næringslivet. No er ho engasjert i aksjonen for sjukehuset i Lærdal, som er lokalsjukehus for åtte kommunar i Sogn og Fjordane.
I går kveld var det demonstrasjon i Nordfjord, til forsvar for fødeavdeling og akuttfunksjon. Initiativtakar var Nordfjordrådet, eit organ for dei sju ordførarane lengst nord i Sogn og Fjordane.
? Innstillinga frå Helse Førde no ser bra ut for vår del, men vi finn det naudsynt å aksjonera. Ingenting er avgjort. Sjukehuset er den viktigaste tryggleiksfaktoren her i Nordfjord, seier Nils Støyva, ordførar i Stryn og leiar for Nordfjordrådet.
Ikkje til Stortinget
Helseministeren har ingen planar om å involvera Stortinget i den storstilte omlegginga av helsevesenet som skjer i regi av dei fem regionale helseforetaka. I Klassekampen i går kravde Åslaug Haga (Sp) og Olav Gunnar Ballo (SV) at statsråden kjem til Stortinget med ein oversikt over kva som er i ferd med å skje med akuttfunksjonar og fødeavdelingar. Dette er ikkje i tråd med intensjonen bak den nye organiseringa av helsevesenet, opplyser statssekretær Kristin Ravnanger i Helsedepartementet.
? Det er rart å ta denne prosessen inn i Stortinget. No er dei ulike framlegga ute på høyring. Så må helseministeren håndtera dette i tråd med Foretakslova og vedtak i Stortinget, seier Ravnanger til Klassekampen.
Dei fem regionale helseforetaka styrer med vide fullmakter. Men større endringar må opp i «foretaksmøtet», det vil si at dei blir avgjort av helseministeren. Nedlegging av fødeavdelingar og akuttfunksjonar må truleg opp i foretaksmøte, meiner statssekretæren.
Olav Gunnar Ballo vil ha informasjon seinast ved revidert nasjonalbudsjett i mai. Ingen struktruendringar kan skje før Stortinget har vore inne i saka, meier SV-representanten. Departementet ser det annleis. Stortinget skal få informasjon gjennom det nye «plan- og meldesystemet», som kjem i sving ved framlegging av statsbudsjett i oktober.
? Gjennom dette systemet vil Stortinget bli orientert om den generelle utviklinga i foretaka, på dei ulike områda, ved kvart statsbudsjett, opplyser Ravnanger.
Dermed er det opp til fleirtalet på Stortinget om det skal bli noko av ynsket til Haga og Ballo. Dersom fleirtalet vil, kan Stortinget ta opp saka.
? Om Stortinget ber om det, kjem helseministeren på dagen, forsikrar Ravnanger. ? Men slik vi kjenner fleirtalet i dag, ynskjer Stortinget at vi skal halda oss til foretakslova.
? Ville ikke rukket fram til sykehuset i tide
Det blåser en vekkelse over mjøsbyen. Hele Gjøvik og Toten er samlet bak kravet om å få beholde fødeavdelingen ved sykehuset. I ly av mørket går Unge Høyre ut og klistrer opp plakater for å bevare avdelingen. Politimesteren gir oppmuntrende tilrop til aksjonistene på stand.
Alle de politiske partiene er samlet bak kravet om å bevare fødetilbudet. Onsdag klokka 18.00 blir det fakkeltog med kravet: «Ikke rør føden!». Aksjonskomiteen har kjøpt inn ett tusen fakler. De håper på at det ikke blir nok til alle som møter opp på Tranberg videregående skole når demonstrasjonstoget starter.
Drektige kyr
Fødeavdelingen på Gjøvik dekker hele den vestlige delen av Oppland fylke. Fødende fra Tyin og Bygdin i nord til Jevnaker i sør reiser til Gjøvik på vestsida av Mjøsa for å føde. 900 barn kom til verden ved sykehuset som nå heter Sykehuset Innlandet, helseforetak Gjøvik.
Det finnes en fødestue på Fagernes i Valdres, men den er ikke for kompliserte fødsler. Heller ikke førstegangsfødende får bruke den.