– Sjukehus-slakt må opp i Stortinget
Mandag 17. mars, 2003
? Den dagen det verkeleg hastar, veit eg ikkje kva vi skal gjera, seier Helga Wenaas Holte, kommunelege i Tysfjord. Pasientar frå Tysfjord har opp til 2 timar og 45 minutt transport til sjukehuset i Narvik. På godt føre. Dersom Helse Nord legg ned den kirurgiske akuttberedskapen i Narvik, blir det 12 mil ekstra å køyra, til Harstad. 12 mil kan ta eit par timar.
? Det hastar når du har ei gravid kvinne der ungen kjem på tvers. Både mor og barn kan stryka med om det går for lang tid. Og det hastar når hovudpulsårer sprekk, seier Wenaas Holte. Så akutte tilfelle oppstår ikkje ofte. Men når det skjer, kan liv gå tapt.
Planane om sentralisering i Helse Nord har skapt ein storm av protestar. Pasientar frå Bø i Vesterålen kan få minst 2 timar og 45 minutt akuttreise, om Stokmarknes mistar beredskapen. Frå Andenes blir det 3 timar.
Det er som om Oslo-folk skulle ha akuttlegevakta si på Gol, i Skien eller godt nord for Lillehammer.
Også styret i Helse Vest skaper lokal furore. I Odda, i Lærdal, i Nordfjordeid, på Voss og på Stord mobiliserer lokalbefolkninga til kamp for fødeavdelingar og akuttberedskap. Nedskjering og nedlegging står på dagsorden også i Helse Midt-Noreg, Helse Øst og Helse Sør.
Stortinget uvitande
Det skjer store endringar i alle dei fem helseregionane. Mange vedtak om nedlegging skal skje i juni. Deretter får helseministeren sakene på sitt bord. Han avgjer dei like før Noreg tek fellesferie.Fylkespolitikarane er heilt ute av prosessen. Ingen i sosialkomiteen på Stortinget har oversikt over kva som skjer. Det har ikkje helsedepartementet heller, får vi opplyst. Men Klassekampen har undersøkt tilstanden. Og den er dramatisk:
Fødeavdeling og/eller kirurgisk akuttberedskap kan vera truga ved så mange som 23 sjukehus, viser våre granskingar (sjå kart).
Ikkje alle forslag vil bli gjennomført. Sjukehus står opp mot kvarandre, slik at om Stokmarknes mister fødeavdelinga, blir den ikkje fjerna på Narvik, i denne omgangen. Men om berre halvparten av dei 23 sjukehusa blir råka, er Noreg midt oppe i ein av dei raskaste sentraliseringsprosessane i helsevesenet nokon gong. Lite tyder på at helseminister Dagfinn Høybråten har tenkt å ta saka opp med Stortinget.
? Ein gisselsituasjon
Før innføringa av foretaksmodellen i 2002, styrte fylkestinga helsevesenet. No er prosessen flytta inn bak lukka dører. I Helse Øst har styret sett i gang Prosjekt 2003, med 21 prosjektgrupper i sving.? Det sit tillitsvalde i prosjektgruppene. Men så lenge arbeidet er i gang, er dei pålagt ein lojalitetsplikt som gjer at dei ikkje kan gå ut med informasjon, opplyser fylkesleiar Bente Aaland i Norsk Sjukepleiarforbund i Hedmark. Ho er fortvila.
? Det er ein gisselsituasjon. Korkje organisasjonane eller befolkninga får diskutert det som er i ferd med å skje.
Protestaksjonar med underskriftslister og fakkeltok er alt i gang i mange lokalsamfunn. No vil Senterpartiets nyvalde leiar løfta striden om helsevesenet inn i rikspolitikken.
? Stortinget må gripa inn
? Den situasjonen vi no ser, var det vi frykta, og ein viktig grunn til at Senterpartiet heile tida har vore imot statleg overtaking av sjukehusa, seier Åslaug Haga.? Vi vil no be regjeringa leggja fram ei sak for Stortinget som viser status i dei planane som er lagt i dei einskilde helseforetaka, slik at Stortinget kan gjera dei vedtaka som trengst for å sikra eit forsvarleg helsetilbod i ulike delar av landet, seier Sp-leiaren.
? Kva kan Stortinget gjera, så lenge budsjettansvaret ligg hos dei einskilde helseforetaka?
? Eg håpar det skal vera mogeleg å skapa forståing for at denne utviklinga er svært uheldig. Helseministeren har det overordna ansvaret, og han kan gripa inn og instruera foretaka. Ein annan utveg er at Stortinget går inn og ser på heile grunnlaget for sjukehusreformen, seier Haga.
? Vil ei behandling i Stortinget komma raskt nok i forhold til dei nedleggingane som no blir planlagde?
? Eg har tru på at det skal vera mogeleg. Stortinget hadde ikkje sett for seg dei konsekvensane vi no ser av sjukehusreformen da den vart vedteken, seier Sp-leiaren.
Knallhard innsparing i Sjukehus-Noreg
Ein ordre om knallhard innsparing ligg bak kuttplanane i helseforetaka. I fjor gjekk sjukehusa totalt med over tre milliardar kroner i underskot. Dette er spriket mellom utgiftene og løyvinga frå Stortinget. Innan utgangen av 2004 skal drifta gå i balanse. Derfor skriv helseministeren i sitt styringsdokument til foretaka for 2003 om «strukturtiltak» at han vil «framheve at det effektiviseringskrav som de regionale helseforetakene er pålagt, gjør det nødvendig å gjennomføre slike tiltak». Det økonomiske presset blir formidla ned til dei lokale foretaka av det regionale styret. Helse Øst skriv om sentraliseringsprosessen: «Det forutsettes at de videre prosesser legger sterk vekt på kostnadseffektive tiltak i tillegg til de medisinskfaglige forutsetninger». Styret i Helse Sør ber i sin Resept 2006 om «sentralisering av akuttfunksjonene», og understrekar at «innsparingseffekten forventes å bli betydelig». ? Alt dreier seg om å spara mest mogleg pengar. Nærleik og kvalitet er ikkje så viktig lenger, det er mest honnørord, kommenterer fylkesleiar Bente Aaland i Sjukepleiarforbundet i Hedmark. Om det er noko styra i dei fem store helseforetaka forstår seg på, er det pengar. Som Klassekampen opplyste 11. mars, har dei regjeringsoppnemnde styremedlemmane ei gjennomsnittleg inntekt på over 870.000 kroner i året. Medianinntekta ligg over 670.000.? Stortinget kjenner ikkje omfanget
? Vi som sit i sosialkomiteen er ikkje kjent med omfanget av det som skjer med fødeavdelingar og akuttberedskap, seier SVs helsepolitikar Olav Gunnar Ballo til Klassekampen. Situasjonen er alvorleg, meiner han: ? Om alt dette blir gjennomført, er det ei dramatisk omlegging av helsevesenet. Ballo vil sikra folkevald kontroll med den grunnleggjande strukturen i Sjukehus-Noreg. ? Desse avgjerdene kan ikkje foretaka ta på eiga hand. Helseministeren må leggja fram eit oversyn over kva som kan skje med fødetilbodet for Stortinget. Ingen strukturelle endringar skal skje før Stortinget har vore inne i saka, meiner Ballo. Han vil på ingen måte ta til orde for at Stortinget skal styra detaljane i helsevesenet, seier han.? Men vi må definera talet på fødeavdelingar og omfanget av akuttberedskapen. Så får foretaka utforma det konkrete tilbodet.Ballo meiner ein presentasjon av saka bør koma seinast ved framlegginga av revidert nasjonalbudsjett i mai.? Den dagen det verkeleg hastar, veit eg ikkje kva vi skal gjera, seier Helga Wenaas Holte, kommunelege i Tysfjord. Pasientar frå Tysfjord har opp til 2 timar og 45 minutt transport til sjukehuset i Narvik. På godt føre. Dersom Helse Nord legg ned den kirurgiske akuttberedskapen i Narvik, blir det 12 mil ekstra å køyra, til Harstad. 12 mil kan ta eit par timar.
? Det hastar når du har ei gravid kvinne der ungen kjem på tvers. Både mor og barn kan stryka med om det går for lang tid. Og det hastar når hovudpulsårer sprekk, seier Wenaas Holte. Så akutte tilfelle oppstår ikkje ofte. Men når det skjer, kan liv gå tapt.
Planane om sentralisering i Helse Nord har skapt ein storm av protestar. Pasientar frå Bø i Vesterålen kan få minst 2 timar og 45 minutt akuttreise, om Stokmarknes mistar beredskapen. Frå Andenes blir det 3 timar.
Det er som om Oslo-folk skulle ha akuttlegevakta si på Gol, i Skien eller godt nord for Lillehammer.
Også styret i Helse Vest skaper lokal furore. I Odda, i Lærdal, i Nordfjordeid, på Voss og på Stord mobiliserer lokalbefolkninga til kamp for fødeavdelingar og akuttberedskap. Nedskjering og nedlegging står på dagsorden også i Helse Midt-Noreg, Helse Øst og Helse Sør.
Stortinget uvitande
Det skjer store endringar i alle dei fem helseregionane. Mange vedtak om nedlegging skal skje i juni. Deretter får helseministeren sakene på sitt bord. Han avgjer dei like før Noreg tek fellesferie.
Fylkespolitikarane er heilt ute av prosessen. Ingen i sosialkomiteen på Stortinget har oversikt over kva som skjer. Det har ikkje helsedepartementet heller, får vi opplyst. Men Klassekampen har undersøkt tilstanden. Og den er dramatisk:
Fødeavdeling og/eller kirurgisk akuttberedskap kan vera truga ved så mange som 23 sjukehus, viser våre granskingar (sjå kart).
Ikkje alle forslag vil bli gjennomført. Sjukehus står opp mot kvarandre, slik at om Stokmarknes mister fødeavdelinga, blir den ikkje fjerna på Narvik, i denne omgangen. Men om berre halvparten av dei 23 sjukehusa blir råka, er Noreg midt oppe i ein av dei raskaste sentraliseringsprosessane i helsevesenet nokon gong. Lite tyder på at helseminister Dagfinn Høybråten har tenkt å ta saka opp med Stortinget.
? Ein gisselsituasjon
Før innføringa av foretaksmodellen i 2002, styrte fylkestinga helsevesenet. No er prosessen flytta inn bak lukka dører. I Helse Øst har styret sett i gang
Prosjekt 2003, med 21 prosjektgrupper i sving.
? Det sit tillitsvalde i prosjektgruppene. Men så lenge arbeidet er i gang, er dei pålagt ein lojalitetsplikt som gjer at dei ikkje kan gå ut med informasjon, opplyser fylkesleiar Bente Aaland i Norsk Sjukepleiarforbund i Hedmark. Ho er fortvila.
? Det er ein gisselsituasjon. Korkje organisasjonane eller befolkninga får diskutert det som er i ferd med å skje.
Protestaksjonar med underskriftslister og fakkeltok er alt i gang i mange lokalsamfunn. No vil Senterpartiets nyvalde leiar løfta striden om helsevesenet inn i rikspolitikken.
? Stortinget må gripa inn
? Den situasjonen vi no ser, var det vi frykta, og ein viktig grunn til at Senterpartiet heile tida har vore imot statleg overtaking av sjukehusa, seier Åslaug Haga.
? Vi vil no be regjeringa leggja fram ei sak for Stortinget som viser status i dei planane som er lagt i dei einskilde helseforetaka, slik at Stortinget kan gjera dei vedtaka som trengst for å sikra eit forsvarleg helsetilbod i ulike delar av landet, seier Sp-leiaren.
? Kva kan Stortinget gjera, så lenge budsjettansvaret ligg hos dei einskilde helseforetaka?
? Eg håpar det skal vera mogeleg å skapa forståing for at denne utviklinga er svært uheldig. Helseministeren har det overordna ansvaret, og han kan gripa inn og instruera foretaka. Ein annan utveg er at Stortinget går inn og ser på heile grunnlaget for sjukehusreformen, seier Haga.
? Vil ei behandling i Stortinget komma raskt nok i forhold til dei nedleggingane som no blir planlagde?
? Eg har tru på at det skal vera mogeleg. Stortinget hadde ikkje sett for seg dei konsekvensane vi no ser av sjukehusreformen da den vart vedteken, seier Sp-leiaren.
Knallhard innsparing i Sjukehus-Noreg
Ein ordre om knallhard innsparing ligg bak kuttplanane i helseforetaka. I fjor gjekk sjukehusa totalt med over tre milliardar kroner i underskot. Dette er spriket mellom utgiftene og løyvinga frå Stortinget. Innan utgangen av 2004 skal drifta gå i balanse. Derfor skriv helseministeren i sitt styringsdokument til foretaka for 2003 om «strukturtiltak» at han vil «framheve at det effektiviseringskrav som de regionale helseforetakene er pålagt, gjør det nødvendig å gjennomføre slike tiltak».
Det økonomiske presset blir formidla ned til dei lokale foretaka av det regionale styret. Helse Øst skriv om sentraliseringsprosessen: «Det forutsettes at de videre prosesser legger sterk vekt på kostnadseffektive tiltak i tillegg til de medisinskfaglige forutsetninger». Styret i Helse Sør ber i sin Resept 2006 om «sentralisering av akuttfunksjonene», og understrekar at «innsparingseffekten forventes å bli betydelig».
? Alt dreier seg om å spara mest mogleg pengar. Nærleik og kvalitet er ikkje så viktig lenger, det er mest honnørord, kommenterer fylkesleiar Bente Aaland i Sjukepleiarforbundet i Hedmark.
Om det er noko styra i dei fem store helseforetaka forstår seg på, er det pengar. Som Klassekampen opplyste 11. mars, har dei regjeringsoppnemnde styremedlemmane ei gjennomsnittleg inntekt på over 870.000 kroner i året. Medianinntekta ligg over 670.000.
? Stortinget kjenner ikkje omfanget
? Vi som sit i sosialkomiteen er ikkje kjent med omfanget av det som skjer med fødeavdelingar og akuttberedskap, seier SVs helsepolitikar Olav Gunnar Ballo til Klassekampen. Situasjonen er alvorleg, meiner han:
? Om alt dette blir gjennomført, er det ei dramatisk omlegging av helsevesenet.
Ballo vil sikra folkevald kontroll med den grunnleggjande strukturen i Sjukehus-Noreg.
? Desse avgjerdene kan ikkje foretaka ta på eiga hand. Helseministeren må leggja fram eit oversyn over kva som kan skje med fødetilbodet for Stortinget. Ingen strukturelle endringar skal skje før Stortinget har vore inne i saka, meiner Ballo. Han vil på ingen måte ta til orde for at Stortinget skal styra detaljane i helsevesenet, seier han.
? Men vi må definera talet på fødeavdelingar og omfanget av akuttberedskapen. Så får foretaka utforma det konkrete tilbodet.
Ballo meiner ein presentasjon av saka bør koma seinast ved framlegginga av revidert nasjonalbudsjett i mai.










