Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Mandag 10. mars, 2003

Regjeringa held Stortinget for narr

Mandag 10. mars, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Parlamentet i Sør-Afrika får vita kva den norske regjeringa krev av landet i Gats-forhandlingane. Stortinget får klara seg med feilinformasjon frå Hilde Frafjord Johnson.

Onsdag sist veke, i Oslo: Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson (KrF) går opp på talarstolen i Stortinget. Det gjeld Verdas handelsorganisasjon (WTO) og forhandlingane om Generalavtalen om handel med tenester (Gats). Delar av opposisjonen er uroa over at Noreg stiller krav til titals utviklingsland om at dei skal opna for frihandel med tenester på sentrale samfunnssektorar.

? Noreg har generelt ikkje stilt ordinære forhandlingskrav til utviklingsland. Vi legg fram eigne framlegg som inviterer til kontakt og samarbeid. Dette er teke positivt imot av u-landa, opplyser Frafjord Johnson til Stortinget.

Onsdag sist veke, i Cape Town: Sør-Afrikas utdanningsminister Kader Asmal møter opp i parlamentet. Han informerer handels- og industrikomiteen om Gats og utdanning.

? Vi kan ikkje akseptera ei omfemnande marknadsretting og kommersialisering av høgare utdanning, seier Asmal. Han åtvarar mot at Sør-Afrika vil tapa meir enn landet vinn ved å leggja utdanningssektoren inn under WTOs regelverk.

Asmal nemner dei fire landa som har stilt krav om uhindra adgang for sine utdanningsselskap i Sør-Afrika. Dei fire er USA, Kenya, New Zealand og Noreg.

Dette veit Stortinget ingenting om.

Utdanning ut av Gats?

Sør-Afrikas utdanningsminister hevdar at utanlandske utdanningsleverandørar har hatt ein «øydeleggjande» verknad på høgare utdanning i Afrika, skriv den sørafrikanske avisa BusinessDay. Dei utilsikta konsekvensane og kostnadene ved handelsliberalisering innan utdanning kan ikkje undervurderast, sa han onsdag.

Asmal går mot at Sør-Afrika skal opna sektoren under Gats-forhandlingane. Han set spørjeteikn ved om utdanning har noko som helst i Gats å gjera:

? Når vi kjenner til korleis dette uroar folk i ulike delar av verda, må vi spørja om det ikkje bør skje ei fundamental revurdering av at utdanning er inkludert i Gats. Vi må for ein kvar pris unngå ein Gats innan utdanningssektoren som set utdanninga vår, kulturen vår og framtida vår i fare.

Sør-Afrikas utdanningsminister fryktar at kommersialisering av høgare utdanning «vil føra til ei uheldig einsretting av akademiske tilnærmingar og underminera institusjonelle kulturar, akademiske verdiar og jakta på sanning».

Hemmelege krav

Noreg har stilt krav til 51 land under Gats-forhandlingane. Krava er hemmelegstempla. Ikkje ein gong Stortinget får sjå dei. Derfor kan regjeringa gje sine eigne tolkinga av kva regjeringa gjer i Gats-forhandlingane, utan at nokon kan etterprøva dei.

Som heimel for hemmeleghaldet bruker regjeringa paragraf 6.1 i Offentlighetsloven. Den gjeld «opplysninger som om de ble kjent, ville kunne skade rikets sikkerhet, landets forsvar eller forholdet til fremmede makter eller internasjonale organisasjoner».

Ingen reglar i WTO krev at Noreg held sine eigne krav hemmelege. Då må tanken vera at det skadar tilhøvet til Sør-Afrika om Stortinget får kjennskap til norske krav som parlamentet i Sør-Afrika alt kjenner til.

I Stortinget onsdag viste utviklingsminister Frafjord Johnson til «tradisjonen i WTO-forhandlingane» som grunngjeving for det norske hemmeleghaldet.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT