Sexannonsane enno på plass
Torsdag 24. april, 2003
Det er gått eit halvt år sidan dåverande redaktør John Olav Egeland til offentleg applaus kunngjorde at Dagbladet sine omstridde, men svært innbringande telesexannonsar skulle vekk. Då hadde Likestillingsombod Kristin Mile alt klaga avisa inn til Forbrukarombodet for å driva kjønnsdiskriminerande reklame.
I dag er annonsane framleis på plass, gjerne over ei heilside på laurdagar, om enn noko mindre prangande enn tidlegare, sidan bileta er borte. Korleis går det med nedtrappingsplanen?
Opp til ny redaktør
Ein telefon til konstituert redaktør John Arne Markussen gjev ikkje noka avklaring.? Dette er noko eg ikkje synest det er rett av meg å gripa fatt i, sidan eg berre er konstituert redaktør, seier Markussen, som overlet til den komande ny-redaktøren å ta tak i problemet.
Sidan Markussen tok over etter Egeland, som gjekk på dagen den 18. mars i år, har det vorte klart at Dagbladet står framom harde økonomiske innstrammingar. Avisa som gjekk med underskot i fjor, har ikkje greidd å følgja opp tidlegare innsparingsplanar og målet er at resultatet om to år skal ligga på 80 millionar kroner. I 2001 var resultatet på 50 millionar. Ifølgje Dagens Næringsliv kan inntil 30 mista jobben.
Egeland kalkulerte sist haust inntektstapet av å kutta ut telesexannonsane til opp mot 15 millionar kroner årleg.
? Det er ikkje slik at de ikkje prioriterer fjerninga av telesexannonsane lenger, sidan det også ligg an til relativt omfattande nedskjeringar i Dagbladet no?
? Det seier seg sjølv at økonomien spelar inn i slike spørsmål, men som sagt, dette må bli opp til den nye redaktøren å avgjera, held Markussen fast. Han kan også fortelja at Dagbladet nyleg har hatt eit møte med Forbrukarombodet om saka.
Til bransjemagasinet Kampanje hevda Markussen tidlegare i vår at telesexannonsane har vorte «mindre sexfiksert», «mer dempet og kjønnsnøytrale», som følgje av forhandlingar mellom avisa og dei største telesexaktørane. Forbrukarombodet seier seg dels samde.
Fornøgd med Dagbladet
Etter å ha motteke Likestillingsombodet sin klage, har Forbrukarombodet følgt Dagbladet si handtering av telesexannonsane. Mellom anna sendte Forbrukarombodet eit brev til Dagbladet i fjor haust, der dei gjorde avisa merksam på at mange av annonsane då tvillaust var i strid med lova om kjønnsdiskriminerande reklame. Det galdt særleg biletbruken, men også ein del av innhaldet i annonsetekstane.Etter den tid har avisa redusert omfanget av desse annonsane i avisa, biletbruken i dei, og tekstane som kjem på trykk har fått moderert innhald.
? I dag er det mindre opplagt at annonseringa er lovstridig, seier Gry Nergård i Forbrukarombodet, som arbeider spesielt med kjønnsdiskriminerande reklame.
Ho stadfester at Forbrukarombodet har hatt eit møte med Dagbladet der avisa har lagt fram sitt arbeid med å redusera telesexannonseringa. Nergård seier seg nøgd med det Dagbladet har gjort så langt, og fortel at også dei ventar på at det skal koma ein ny dagbladredaktør før dei gjer noko meir med denne saka, sidan det ikkje lenger er umiddelbart klart at den annonseringa som finst i dag bryt gjeldande lov.
Ny lov må til
? Neste steg ville ha vore å gå inn på einskildannonsar og vurdera om dei kan seiast å vera «urimeleg marknadsføring». Dette er eit omfattande arbeid som ikkje berre krev å ta kontakt med avisa, men å vurdera kvar annonse som einskildtilfelle og ta kontakt med kvar av dei annonsørane som kan stå bak ein tvilsam annonse. Difor ventar vi no på kva den nye redaktøren i Dagbladet vil gjera, og på å få eit møte med den nye leiinga i avisa, fortel Nergård.? Så annonsane blir ikkje borte, jamvel om de følgjer opp saka?
? Ein kan jo alltid spørja seg kor ynskeleg det er med slike annonsar i det heile tatt og i kva for media dei eventuelt bør finnast, men det finst ikkje noko forbod i seg sjølv mot telesexannonsar. Så heilt kvitt dei i media som Dagbladet blir vi nok ikkje, om ein berre skal nytta det reglementet vi har i dag til å bli kvitt dei, hevdar Nergård.
? Då må det eventuelt ei lovendring til, seier ho.
Dagbladet lova lesarane sine å fjerna telesexannonsane frå avisa i oktober i fjor, før den siste «upmarked-omleggjinga» av avisa. Dei tabloide uttrykka vart tona kraftig ned og sexannonsane skulle fjernast gjennom ei gradvis nedtrapping. Dette blant anna for å gjera avisa meir truverdig og attraktiv hjå vaksne, kvinnelege lesarar. Ei målgruppe som Dagbladet har satsa sterkt på, mellom anna gjennom Magasinet på laurdagar.
Så lenge sexannonsane har eksistert, har det også vore stor motstand mot dei både i fagforeiningane og blant dei tilsette i avisa. Andre annonsørar har også uttrykt misnøye med dei.
Det er gått eit halvt år sidan dåverande redaktør John Olav Egeland til offentleg applaus kunngjorde at Dagbladet sine omstridde, men svært innbringande telesexannonsar skulle vekk. Då hadde Likestillingsombod Kristin Mile alt klaga avisa inn til Forbrukarombodet for å driva kjønnsdiskriminerande reklame.
I dag er annonsane framleis på plass, gjerne over ei heilside på laurdagar, om enn noko mindre prangande enn tidlegare, sidan bileta er borte. Korleis går det med nedtrappingsplanen?
Opp til ny redaktør
Ein telefon til konstituert redaktør John Arne Markussen gjev ikkje noka avklaring.
? Dette er noko eg ikkje synest det er rett av meg å gripa fatt i, sidan eg berre er konstituert redaktør, seier Markussen, som overlet til den komande ny-redaktøren å ta tak i problemet.
Sidan Markussen tok over etter Egeland, som gjekk på dagen den 18. mars i år, har det vorte klart at Dagbladet står framom harde økonomiske innstrammingar. Avisa som gjekk med underskot i fjor, har ikkje greidd å følgja opp tidlegare innsparingsplanar og målet er at resultatet om to år skal ligga på 80 millionar kroner. I 2001 var resultatet på 50 millionar. Ifølgje Dagens Næringsliv kan inntil 30 mista jobben.
Egeland kalkulerte sist haust inntektstapet av å kutta ut telesexannonsane til opp mot 15 millionar kroner årleg.
? Det er ikkje slik at de ikkje prioriterer fjerninga av telesexannonsane lenger, sidan det også ligg an til relativt omfattande nedskjeringar i Dagbladet no?
? Det seier seg sjølv at økonomien spelar inn i slike spørsmål, men som sagt, dette må bli opp til den nye redaktøren å avgjera, held Markussen fast. Han kan også fortelja at Dagbladet nyleg har hatt eit møte med Forbrukarombodet om saka.
Til bransjemagasinet Kampanje hevda Markussen tidlegare i vår at telesexannonsane har vorte «mindre sexfiksert», «mer dempet og kjønnsnøytrale», som følgje av forhandlingar mellom avisa og dei største telesexaktørane. Forbrukarombodet seier seg dels samde.
Fornøgd med Dagbladet
Etter å ha motteke Likestillingsombodet sin klage, har Forbrukarombodet følgt Dagbladet si handtering av telesexannonsane. Mellom anna sendte Forbrukarombodet eit brev til Dagbladet i fjor haust, der dei gjorde avisa merksam på at mange av annonsane då tvillaust var i strid med lova om kjønnsdiskriminerande reklame. Det galdt særleg biletbruken, men også ein del av innhaldet i annonsetekstane.
Etter den tid har avisa redusert omfanget av desse annonsane i avisa, biletbruken i dei, og tekstane som kjem på trykk har fått moderert innhald.
? I dag er det mindre opplagt at annonseringa er lovstridig, seier Gry Nergård i Forbrukarombodet, som arbeider spesielt med kjønnsdiskriminerande reklame.
Ho stadfester at Forbrukarombodet har hatt eit møte med Dagbladet der avisa har lagt fram sitt arbeid med å redusera telesexannonseringa. Nergård seier seg nøgd med det Dagbladet har gjort så langt, og fortel at også dei ventar på at det skal koma ein ny dagbladredaktør før dei gjer noko meir med denne saka, sidan det ikkje lenger er umiddelbart klart at den annonseringa som finst i dag bryt gjeldande lov.
Ny lov må til
? Neste steg ville ha vore å gå inn på einskildannonsar og vurdera om dei kan seiast å vera «urimeleg marknadsføring». Dette er eit omfattande arbeid som ikkje berre krev å ta kontakt med avisa, men å vurdera kvar annonse som einskildtilfelle og ta kontakt med kvar av dei annonsørane som kan stå bak ein tvilsam annonse. Difor ventar vi no på kva den nye redaktøren i Dagbladet vil gjera, og på å få eit møte med den nye leiinga i avisa, fortel Nergård.
? Så annonsane blir ikkje borte, jamvel om de følgjer opp saka?