Ja, han kjem til Noreg
Tirsdag 22. april, 2003
I februar i år vart det kjend at USAs president George W. Bush planlegg ei offisielt vitjing til Noreg i mai, i forkant av G8-toppmøtet i Frankrike. Etter den tid har Bush gått til krig mot Irak, og det har vore uvisst om presidenten no har tid og interesse av å «svippa innom» Noreg.
Men både Statsministerens kontor og Utanriksdepartementet reknar framleis med at Bush kjem.
Før G8-møtet
? Bush vil jo vera på veg til G8-møtet i Frankrike 1.-3. juni. Og planen er framleis at han skal stoppa opp her, i forkant av møtet. Kva som eventuelt vil bli tatt opp er enno ikkje fastlagt. Men vi planlegg altså ut ifrå at møtet blir noko av, seier Gunnar Husan, statssekretær for presse og informasjon ved Statsministerens kontor.Husan bed rett nok Klassekampen ringja Det kvite huset for å få ei endeleg stadfesting på om Bush kjem.
? Eg trur ikkje dei går ut med slike stadfestingar før 14 dagar i forkant. Men vi har ikkje fått signal om at det ikkje blir noko av.
? Det har òg vore snakk om at Bondevik skal på vitjing til Washington, blir det før eller etter Bush si vitjing til Noreg?
? Eg kan korkje stadfesta eller avkrefta Bondeviks møte i Washington. Eg kan heller ikkje seia noko om datoen for eit slikt eventuelt møte.
UD stadfestar
Guri Solberg, fungerande presseansvarleg i Utanriksdepartementet, kunne ikkje på ståande fot stadfesta eller avkrefta om Bush framleis kjem til Noreg. Men etter å ha snakka med protokollsjefen i departementet vart det lettare.? Eg kan stadfesta at vitjinga går som planlagt.
? Så de har altså fått nye signal frå Washington om at møtet blir noko av?
? Frå norsk side planlegg vi offisiell gjesting frå Bush og då har vi heilt sikkert fått det, seier Solberg.
Omstridt oppdrag
Før påske var George W. Bush si noregsvitjing ein uviss affære. Sidan før nyttår har Jan Petersen vurdert ein førespurnad om å leia arbeidet med eit nytt grensepoliti i Afghanistan. Amerikanarane har lagt press på Noreg for å få eit snarleg svar, men Utanriksdepartementet har framleis ikkje lagt saka fram for Stortinget.Saka er svært omstridd. Det er i grenseområda mot sør og aust at smågrupper som høyrer til det gamle taliban-regimet framleis kjempar mot dei nye styremaktene i landet. Fjellområda går for å vera særskildt vanskelege å kontrollera, og her har både Sovjetarmeen, britiske styrkar og no sist US Army kome til kort.
I følgje NTB avventar USA Petersen sitt svar før dei gjev ei endeleg stadfesting på Bush si vitjing til Noreg.
Fleire medlemmer av Stortingets utvida utanrikskomité har stadfesta for Klassekampen at Stortinget overhodet ikkje er informert om førespurnaden frå USA.
I februar i år vart det kjend at USAs president George W. Bush planlegg ei offisielt vitjing til Noreg i mai, i forkant av G8-toppmøtet i Frankrike. Etter den tid har Bush gått til krig mot Irak, og det har vore uvisst om presidenten no har tid og interesse av å «svippa innom» Noreg.
Men både Statsministerens kontor og Utanriksdepartementet reknar framleis med at Bush kjem.
Før G8-møtet
? Bush vil jo vera på veg til G8-møtet i Frankrike 1.-3. juni. Og planen er framleis at han skal stoppa opp her, i forkant av møtet. Kva som eventuelt vil bli tatt opp er enno ikkje fastlagt. Men vi planlegg altså ut ifrå at møtet blir noko av, seier Gunnar Husan, statssekretær for presse og informasjon ved Statsministerens kontor.
Husan bed rett nok Klassekampen ringja Det kvite huset for å få ei endeleg stadfesting på om Bush kjem.
? Eg trur ikkje dei går ut med slike stadfestingar før 14 dagar i forkant. Men vi har ikkje fått signal om at det ikkje blir noko av.
? Det har òg vore snakk om at Bondevik skal på vitjing til Washington, blir det før eller etter Bush si vitjing til Noreg?
? Eg kan korkje stadfesta eller avkrefta Bondeviks møte i Washington. Eg kan heller ikkje seia noko om datoen for eit slikt eventuelt møte.
UD stadfestar
Guri Solberg, fungerande presseansvarleg i Utanriksdepartementet, kunne ikkje på ståande fot stadfesta eller avkrefta om Bush framleis kjem til Noreg. Men etter å ha snakka med protokollsjefen i departementet vart det lettare.
? Eg kan stadfesta at vitjinga går som planlagt.
? Så de har altså fått nye signal frå Washington om at møtet blir noko av?
? Frå norsk side planlegg vi offisiell gjesting frå Bush og då har vi heilt sikkert fått det, seier Solberg.
Omstridt oppdrag
Før påske var George W. Bush si noregsvitjing ein uviss affære. Sidan før nyttår har Jan Petersen vurdert ein førespurnad om å leia arbeidet med eit nytt grensepoliti i Afghanistan. Amerikanarane har lagt press på Noreg for å få eit snarleg svar, men Utanriksdepartementet har framleis ikkje lagt saka fram for Stortinget.
Saka er svært omstridd. Det er i grenseområda mot sør og aust at smågrupper som høyrer til det gamle taliban-regimet framleis kjempar mot dei nye styremaktene i landet. Fjellområda går for å vera særskildt vanskelege å kontrollera, og her har både Sovjetarmeen, britiske styrkar og no sist US Army kome til kort.