Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Når SSB ikkje vil rekne

Om 30 år vil eit fleirtal av folket i Oslo ha bakgrunn frå den tredje verda. Men det vil ikkje SSB fortelje oss.

*Statistisk sentralbyrå (SSB) nektar å lage framskrivingar av kor mange innvandrarar vi vil få i Noreg i framtida, fortel VG. Byrået forsvarar seg med at det ville vere uetisk å gjere noko slikt. Eg ser poenget, men det er diverre ikkje godt nok. For innvandringsspørsmålet er den største politiske utfordringa om ikkje landet, så Oslo, står framføre. Før eg grunngjev det nærare, la oss sjå på den største innvandrarargruppa her til lands, dei frå Pakistan. Kva veit vi om dei? Ein del. I 1973 var det omtrent 3000 pakistanarar i Noreg, så fekk vi innvandringsstoppen. No 30 år seinare, er det omlag 30 000 med pakistansk bakgrunn her til lands. Veksten vil etter alt å dømme halde fram. Kor sterk den vert, er sjølvsagt usikkert, men sidan SSB ikkje vil gje oss tal, får journalisten prøve seg. Punkt éin, den fyrste og viktigaste grunnen til at folk flyttar på seg, den økonomiske, vil halde fram med å spele ei avgjerande rolle. Pakistan er eit av verdas fattigaste, tettast folkesette og mest føydale samfunn. Det ser ut til å vere vanskeleg å få økonomisk vekst i landet. Difor vil skilnaden i levestandard mellom Noreg og Pakistan etter alle solemerke halde fram med å vere stor. Drivkrafta for å flytte på seg, like eins. Punkt to: Giftemønsteret til norsk-pakistanarane er stabilt. Over 90 prosent hentar ektefellen i heimlandet. Like stabile har fertilitetsratene vore, og då er vi over på punkt tre: Kvinner med pakistansk bakgrunn får i snitt 3,7 barn, Kari 1,8. I tillegg kjem det at norsk-pakistanarane har mykje lågare gjennomsnittsalder enn den norske gjennomsnittsbefolkninga, noko som sjølvsagt får konsekvensar for mortaliteten, punkt fire. Med dette i mente, har eg altså rekna litt. Med atterhald om at eg har rekna dramatisk feil: I 2033 vil vi etter mine prognosar ha minimum 150 000 menneske med pakistansk bakgrunn i Noreg. Langt dei fleste vil truleg bu i Oslo. Legg vi så til andre innvandrargrupper med ikkje-vestleg bakgrunn, kjenner eg meg nokså trygg på at eg kan kome med fylgjande bastante konklusjon, og det sjølv om eg altså kan ha rekna heilt feil og åtferda til innvandrargruppene endrar seg dramatisk: Om 30 år vil hovudstaden vere ein mykje tettare folkesett by enn no og eit stort fleirtal av innbyggjarane vil truleg ha innvandrarbakgrunn. Så vil nokre seie: Men slik vil vi ikkje ha det. Til det er det berre éin kommentar å gje: Slik vil det verte. Noreg er ein del av EU, ein del av FN, ein del av eit internasjonalt traktatsystem og ein del av den såkalla demokratiske delen av verda. Held vi fram med å vere det dei komande 30 åra òg, vil Noreg generelt og Oslo spesielt, verte dramatisk og permanent endra. Ja, om vi så går ut ifrå at det ikkje kjem ein einaste person frå den tredje verda til Oslo dei komande tiåra, vil røyndomen vere heilt annleis. Alt no har over 30 prosent av borna i Oslo-skulen bakgrunn frå Den tredje verda. Om 10 år vil over 50 prosent ha ein slik bakgrunn, seier skule-etaten. Og politikarane, spør du, kva gjer dei? Dei latar som ingenting. For dette vert for vanskeleg. Kva veit desse våre folkevalde til dømes om kva som skal til for at born frå ikkje-norske heimar skal få skikkeleg skulegang og ta høgare utdanning: Jau, massivt med morsmålsopplæring. Lyft så blikket og sjå på universiteta og høgskulane i Oslo. Tilbyd dei store, heliskaplege og naudsynte utdanningsprogram for kommande morsmålslærarar? Nei. Aukar Oslo kommune tilbodet om morsmålsopplæring i Oslo-skulen? Tvert om, dei skjer dramatisk ned. Finst det subsidierte eller gratis barnehagetilbod for innvandrar med dårleg råd her i byen? Så godt som ikkje. Gjev vi derimot kontantstøtte slik at det løner seg for mange innvandrarfamiliar å halde borna heime? Ja. Kanskje SSB skulle gjere si demokratiske plikt og gjere politikarane merksame på at noko skjer der ute? Eg trur det.