Mangfald utan makspris
Lørdag 12. april, 2003
Den mykje omtalte «barnehageavtalen» mellom eit stortingsfleirtal av Ap, SV, Frp og Senterpartiet, skulle sikra felles maksimalpris på foreldrebetalinga i barnehagane frå og med 1. august 2004. Regjeringa har no lagt fram ei melding som gir kommunane ansvaret for både å definera kva som er full barnehagedekking og kva som skal vera maksimal foreldrebetaling, men utan ein felles maksismalpris.
? Målet om barnehageplass til alle som ønskjer det, må ha forkøyrsrett. Maksimalpris på foreldrebetalinga vil vera eit hinder for å få dette til, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.
Hovudinnvendinga mot maksimalpris er at ei slik ordning vil innføra ei statleg regulering som set eit tak på barnehagane sine inntekter, noko som vil skapa usikre vilkår for utbyggjarane og truga eksisterande barnehagar, særleg dei private.
Lokalt sjølvstyre
Eit viktig element i regjeringa sitt opplegg er at det lokale sjølvstyret skal styrkast. Derfor skal statstilskottet til barnehagedrifta overførast til kommunane sine frie inntekter. Frå 1. januar 2004 skal det øyremerka tilskottet til eksisterande plassar leggjast inn i kommunane sine rammeinntekter.Regjeringa meiner ei kommunal forvalting av barnehagane skal gi barnefamiliane gode vilkår for å påverka tenestetilbodet, og rammefinansiering skal gi god kostnadskontroll og effektiv bruk av offentlege ressursar.
For å sikra det som trengst av utbygging, vil regjeringa gi investeringstilskott som skal bli vesentleg høgare enn dagens stimuleringstilskott. Kor mykje større, vil først visa seg når ein kjem til budsjetta.
? Inntil målet om full barnehagedekking er nådd, skal også midlar til drift av nye plassar øyremerkast, seier Dåvøy.
Trur på kommunane
I barnehagemeldinga er utgangspunktet at ein har «full barnehagedekking» med tilbod til 80 prosent av ungane under skolepliktig alder. Saman med barnehagemeldinga presenterte regjeringa i går eit lovendringsframlegg.I dagens lov om barnehagar heiter det at kommunen «har ansvar for utbygging og drift av barnehager i kommunen». Med det nye framlegget vil denne paragrafen få eit tillegg: «Kommunen har plikt til å sørge for at det finnes et tilstrekkelig antall barnehageplasser for barn under opplæringspliktig alder (vår utheving)».
Men den endelege vurderinga av kva som heilt konkret er «full dekking» i kvar einskild kommune, skal kommunen sjølv gjera.
Barne- og familieministeren har stor tiltru til at kommunane vil forvalta dette ansvaret til beste for barnefamiliane.
? Eg ser ingen grunn til at ikkje kommunane skulle følgja opp dei planane som no er lagde, seier Dåvøy til Klassekampen.
? Men kva om det no finst eit kommunestyre som med ein svært trong kommuneøkonomi kjem fram til at akkurat hos dei kan det vera nok med 50 eller 60 prosent dekking?
? Eg kan ikkje sjå for meg ein slik kommune. Kommunane har sagt at dei ønskjer større fridom og mindre statleg styring. Da må dei også ta ansvar og visa ansvar, og eg forventar eit samarbeid med Kommunenes Sentralforbund og dei einskilde kommunane som gjer det mogeleg å nå målet om full barnehagedekking innan 2005, seier Dåvøy.
Likebehandling
Lovframlegget forpliktar alle godkjende barnehagar i kommunen til å samarbeida om opptak. Kommunane får ansvar for å leggja til rette for ein samordna opptaksprosess «der det tas hensyn til barnehagenes mangfold og egenart», og det skal leggjast stor vekt på kva ønskje og behov brukarane har.Med dette vil regjeringa sikra både likebehandling av barn og likebehandling av private og offentlege barnehagar.
? Opp til Bondevik om det blir regjeringskrise
? Flertallet på Stortinget står fast på avtalen om barnehagene, og målene om flere plasser og fast maksimalpris for foreldrene er ikke endret av dagens melding fra regjeringen, sier Sosialistisk Venstrepartis Øystein Djupedal til Klassekampen.I likhet med sine «barnehagekamerater» i Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet er han skuffet over at regjeringen verken har gått inn for å sette noe tak på foreldrebetalingen eller for en forpliktende utbyggingsplan.
? Om det blir regjeringskrise eller ikke, er opp til regjeringen å avgjøre, sier Djupedal.
Han registrerer at regjeringen bevisst har valgt å ikke følge opp stortingsvedtak, men at det ikke rokker ved flertallets holdning.
? Det hadde vært hyggelig for småbarnsfamiliene her i landet om regjeringen hadde fulgt opp i utgangspunktet, sier nestlederen.
Usikkerhet
? Vi registrerer at regjeringen ikke er villig til å betale regningen for billigere barnehageplasser til alle barn. Alle småbarnsforeldre bør merke seg regjeringens motstand mot et skikkelig løft for barnehagene. Usikkerheten dette skaper er det viktigste hinderet for utbygging av nye barnehageplasser, sier representanter for de fire partiene i en felles pressemelding.? Er ikke regjeringens løsning bedre for å ivareta det lokale selvstyret?
? Barnehageforliket er en avtale med stor grad av lokalt selvstyre. Ordførere landet rundt har jo etterlyst nettopp slike reformer som dette, statlig finansierte reformer som gjennomføres lokalt, sier Djupedal.
? Ikke optimal Frp-politikk
Frps Per Sandberg mener forliket er en metode for å overføre makt både fra kommunen og staten, og over til brukerne.? Dersom kommunene opplever vårt forslag som et statlig inngrep, har de bare seg selv å takke. Kommunene har ikke klart å skape et tilbud som tilfredsstiller brukerne, sier Sandberg til Klassekampen.
Han understreker at forliket ikke er optimal Frp-politikk i hans øyne, i og med at flere partier har gitt og tatt i prosessen.
? Primært ønsker vi at alle overføringer skal gå gjennom barnetrygden. Bare på den måten får man 100 prosent valgfrihet.
Den mykje omtalte «barnehageavtalen» mellom eit stortingsfleirtal av Ap, SV, Frp og Senterpartiet, skulle sikra felles maksimalpris på foreldrebetalinga i barnehagane frå og med 1. august 2004. Regjeringa har no lagt fram ei melding som gir kommunane ansvaret for både å definera kva som er full barnehagedekking og kva som skal vera maksimal foreldrebetaling, men utan ein felles maksismalpris.
? Målet om barnehageplass til alle som ønskjer det, må ha forkøyrsrett. Maksimalpris på foreldrebetalinga vil vera eit hinder for å få dette til, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.
Hovudinnvendinga mot maksimalpris er at ei slik ordning vil innføra ei statleg regulering som set eit tak på barnehagane sine inntekter, noko som vil skapa usikre vilkår for utbyggjarane og truga eksisterande barnehagar, særleg dei private.
Lokalt sjølvstyre
Eit viktig element i regjeringa sitt opplegg er at det lokale sjølvstyret skal styrkast. Derfor skal statstilskottet til barnehagedrifta overførast til kommunane sine frie inntekter. Frå 1. januar 2004 skal det øyremerka tilskottet til eksisterande plassar leggjast inn i kommunane sine rammeinntekter.
Regjeringa meiner ei kommunal forvalting av barnehagane skal gi barnefamiliane gode vilkår for å påverka tenestetilbodet, og rammefinansiering skal gi god kostnadskontroll og effektiv bruk av offentlege ressursar.
For å sikra det som trengst av utbygging, vil regjeringa gi investeringstilskott som skal bli vesentleg høgare enn dagens stimuleringstilskott. Kor mykje større, vil først visa seg når ein kjem til budsjetta.
? Inntil målet om full barnehagedekking er nådd, skal også midlar til drift av nye plassar øyremerkast, seier Dåvøy.
Trur på kommunane
I barnehagemeldinga er utgangspunktet at ein har «full barnehagedekking» med tilbod til 80 prosent av ungane under skolepliktig alder. Saman med barnehagemeldinga presenterte regjeringa i går eit lovendringsframlegg.
I dagens lov om barnehagar heiter det at kommunen «har ansvar for utbygging og drift av barnehager i kommunen». Med det nye framlegget vil denne paragrafen få eit tillegg: «Kommunen har plikt til å sørge for at det finnes et tilstrekkelig antall barnehageplasser for barn under opplæringspliktig alder (vår utheving)».
Men den endelege vurderinga av kva som heilt konkret er «full dekking» i kvar einskild kommune, skal kommunen sjølv gjera.
Barne- og familieministeren har stor tiltru til at kommunane vil forvalta dette ansvaret til beste for barnefamiliane.
? Eg ser ingen grunn til at ikkje kommunane skulle følgja opp dei planane som no er lagde, seier Dåvøy til Klassekampen.
? Men kva om det no finst eit kommunestyre som med ein svært trong kommuneøkonomi kjem fram til at akkurat hos dei kan det vera nok med 50 eller 60 prosent dekking?
? Eg kan ikkje sjå for meg ein slik kommune. Kommunane har sagt at dei ønskjer større fridom og mindre statleg styring. Da må dei også ta ansvar og visa ansvar, og eg forventar eit samarbeid med Kommunenes Sentralforbund og dei einskilde kommunane som gjer det mogeleg å nå målet om full barnehagedekking innan 2005, seier Dåvøy.
Likebehandling
Lovframlegget forpliktar alle godkjende barnehagar i kommunen til å samarbeida om opptak. Kommunane får ansvar for å leggja til rette for ein samordna opptaksprosess «der det tas hensyn til barnehagenes mangfold og egenart», og det skal leggjast stor vekt på kva ønskje og behov brukarane har.
Med dette vil regjeringa sikra både likebehandling av barn og likebehandling av private og offentlege barnehagar.
? Opp til Bondevik om det blir regjeringskrise
? Flertallet på Stortinget står fast på avtalen om barnehagene, og målene om flere plasser og fast maksimalpris for foreldrene er ikke endret av dagens melding fra regjeringen, sier Sosialistisk Venstrepartis Øystein Djupedal til Klassekampen.
I likhet med sine «barnehagekamerater» i Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet er han skuffet over at regjeringen verken har gått inn for å sette noe tak på foreldrebetalingen eller for en forpliktende utbyggingsplan.
? Om det blir regjeringskrise eller ikke, er opp til regjeringen å avgjøre, sier Djupedal.
Han registrerer at regjeringen bevisst har valgt å ikke følge opp stortingsvedtak, men at det ikke rokker ved flertallets holdning.
? Det hadde vært hyggelig for småbarnsfamiliene her i landet om regjeringen hadde fulgt opp i utgangspunktet, sier nestlederen.
Usikkerhet
? Vi registrerer at regjeringen ikke er villig til å betale regningen for billigere barnehageplasser til alle barn. Alle småbarnsforeldre bør merke seg regjeringens motstand mot et skikkelig løft for barnehagene. Usikkerheten dette skaper er det viktigste hinderet for utbygging av nye barnehageplasser, sier representanter for de fire partiene i en felles pressemelding.
? Er ikke regjeringens løsning bedre for å ivareta det lokale selvstyret?
? Barnehageforliket er en avtale med stor grad av lokalt selvstyre. Ordførere landet rundt har jo etterlyst nettopp slike reformer som dette, statlig finansierte reformer som gjennomføres lokalt, sier Djupedal.
? Ikke optimal Frp-politikk
Frps Per Sandberg mener forliket er en metode for å overføre makt både fra kommunen og staten, og over til brukerne.
? Dersom kommunene opplever vårt forslag som et statlig inngrep, har de bare seg selv å takke. Kommunene har ikke klart å skape et tilbud som tilfredsstiller brukerne, sier Sandberg til Klassekampen.