Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 11. april, 2003

– Dei burde ha gjort betre jobb

Fredag 11. april, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
? Dei norske forhandlarane burde ha vore dyktigare til å byggja alliansar med land som Polen, seier Marit Arnstad i ein kommentar til forhandlingane om utviding av EØS-avtalen.

Polen og Noreg har felles interesser i forhandlingane om utviding av EØS-avtalen.

? Det er positivt for Noreg at Polen er villig til å setja større tyngd bak kravet om betre fiskeriløysingar, her har Polen og Noreg slåst for dei same krava, seier ambassadør Bjørn Grydeland ved den norske delegasjonen i Brussel til Klassekampen.

? Pinleg

Marit Arnstad (Sp) synest det er pinleg for Noreg at det er Polen som må fronta krav dei to landa har felles.

? Her burde våre forhandlarar ha gjort ein betre jobb, seier Arnstad.

Grydeland presiserer at det ikkje er brott i EØS-forhandlingane, men at når det ikkje vart semje i går, vil det vera opp til EU-kommisjonen å komma med eit nytt tilbod, og han vurderer det som svært lite sannsynleg at det skal komma noka løysing før påske.

Polen viktig

Polen har stilt krav om null toll på laks, medan kommisjonen foreslo to prosent toll.

Arnstad minner om at ein ferdigforhandla lakseavtale har lege klar for underteikning hos EU-kommisjonen sia årsskiftet, og ho er overraska over at regjeringa ikkje har sørga for å få denne avtalen på plass enno.

Auka tollfrie kvotar for sild og makrell er også viktige krav. Eksportverdien av norsk fisk til Polen, i hovudsak sild og makrell, og noko laks, ligg på om lag 1,2 milliardar norske kroner i året. For norsk sildeeksport er Polen eitt av dei aller viktigaste landa.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT