Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 4. april, 2003

Kjell Inge Røkkes menn rykker inn

Fredag 4. april, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Den siste månaden har to sjefar frå Kjell Inge Røkkes konsern Norway Seafoods rykka inn i sentrale posisjonar i Helse Nord.

Tore Tønne gjekk frå posisjonen som administererande direktør i Kjell Inge Røkkes Norway Seafoods til posisjonen som helseminister i regjeringa Stoltenberg. Tønne regisserte ei reform som oppretta «profesjonelle styre» i helsevesenet, og fjerna dei lokale folkevalde frå alle posisjonar. No marsjerer fleire direktørar frå Norway Seafoods inn i Helse Nord.

Den nye direktøren ved sjukehuset på Stokmarknes heiter Jan Steffensen. Han kjem frå stillinga som administrerande direktør og driftssjef ved Havfisk AS i Melbu, som inngår i Norway Seafoods.

Styret i foretaket Hålogalandsykehuset, der Stokmarknes inngår, reklamerer med at Steffensen «har bred økonomisk utdannelse og yrkeserfaring».

Som direktør ved Stokmarknes, eit sjukehus der legane slåst hardt mot nedlegging av akuttberedskap og fødeavdeling, blir Steffensen også ein del av foretaksleiinga i Hålogalandssykehuset. Dette foretaket styrer også Narvik og Harstad.

Forretningsmann

Når Steffensen blir direktør, går han samtidig ut av styret i Hålogalandsykehuset. Helse Nord har funne ein verdig arvtakar.

Nytt styremedlem er Pål Krüger, tidlegare administrerande direktør i Melbu Fiskeindustri. Dette selskapet er også ein del av Norway Seafoods.

Krüger driv også eigne forretningar. Han er styreleiar i personleg heileigde selskap, som Norwegian Russian Trade. Dette selskapet handlar fisk med Russland, og hadde ein omsetnad på 180 milliardar i 2001. Krüger eig også Melbu Systems, som har 33 tilsette, og har styreverv i Lofoten trålerrederi, Nord-Cargo ASA og Uniprawns i Tromsø.

Krüger har vore visepresident i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og medlem av NHO-leiinga i perioden 1991 til 1996. No skal også helsevesenet i Hålogaland nyta godt av evnene hans.

Rikfolk

Likningstala viser at Jan Steffensen hadde 597.000 kroner i skattbar inntekt i 2001. Normalt ligg brutto inntekt då i overkant av 700.000 kroner.

Pål Krüger hadde berre 16.400 kroner i skattbar inntekt i 2001, og 0 kroner i formue. Til gjengjeld betalte han 292.726 kroner i skatt.

? Kor mykje tener du eigentleg, Krüger?

? Nei, nei, det kan du berre gløyma. Det seier eg jo ikkje til deg.

? Å?

? Ja, kva er sjølvmeldinga di, då?

? Eg tente 250.000, kanskje.

? Klikk.

Som Klassekampen dokumenterte 11. mars, ligg inntektsnivået til styremedlemmane i dei fem regionale helseforetaka skyhøgt over befolkninga dei er sett til å tena. Gjennomsnitts brutto inntekt hos dei 29 regjeringsoppnemnde styremedlemmane ligg rundt 870.000 kroner i året. Halvparten av dei tener over 680.000 kroner.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT