Mistar 3500 kroner i bidrag
Tirsdag 13. mai, 2003
Mona Engkvist trudde først det var ei misforståing da ho i februar fekk brev frå Trygdekontoret om følgjene av dei nye barnebidragsreglane frå 1. oktober i år. Ho har vore åleine med to barn dei tre siste åra, og mottar no eit bidrag på 4460 kroner i månaden for dei to barna på fire og åtte år. Frå 1. oktober blir det 960 kroner i månaden. Brevet frå Trygdekontoret viser at far til barna har om lag dobbelt så høg inntekt som mora.
Grunnen til den store endringa er at Engkvist som uføretrygda mottar eit barnetillegg på 1800 kroner per barn i månaden. Dette har tidlegare ikkje hatt nokon innverknad på kor stort barnebidraget skal vera, men vil etter dei nye reglane bli lagt til inntekta hennar når bidraget skal reknast ut, og fører til ein direkte reduksjon av bidraget.
? Til no har faren og eg delt på forsørginga av ungane, og det har vi klart. Frå hausten blir det kommunen og eg som må dela, og eg vil bli avhengig av å gå på sosialkontoret kvar månad, seier Engkvist.
Klasseskilje
Ho meiner det er heilt urimeleg at barnetillegg skal reknast inn i inntektsgrunnlaget på denne måten, og har også vore på Stortinget for å informera politikarar der om korleis dei nye reglane vil slå ut. Ho har blitt møtt med både undring og forståing, men har så langt ikkje høyrt noko om at det skal skje konkrete endringar.? Eg blir sint når eg ser korleis reglane fører til at det blir tatt frå dei fattige og gitt til dei rike. Sånt skaper klasseskilje mellom ungar, seier Engkvist.
Ho er uroleg for korleis økonomien blir til hausten. Til no har ho klart seg brukbart med dei inntektene ho har, sjølv om det ikkje er spesielt romsleg.
? Med 3500 kroner mindre i månaden blir det ikkje middag kvar dag, det kan bli vanskeleg å finansiera både fritidsaktivitetar og bursdagsselskap for ungane, seier Engkvist.
Ho undrar seg over fleire sider ved dei nye bidragsreglane. Når ho har fått oppgitt 960 kroner i månaden som det nye bidraget, er det basert på at ungane skal vera hos faren mellom fire og åtte dagar i månaden. Det fører til at han får redusert bidraget med om lag 1200 kroner i forhold til om han berre skulle hatt samvær med ungane inntil to dagar i månaden.
? For meg blir også denne delen av regelverket uforståeleg. Dei faste utgiftene til klede, fritidsaktivitetar og så vidare er dei same anten ungane er hos faren to eller fem dagar i veka, seier tobarnsmora.
Det grunnleggjande prinsippet i dei nye bidragsreglane er at kostnaden med å ha ungar blir fastsett ut frå ein standardsum utan omsyn til kor ungane bur eller kva inntekt foreldra har. Denne «underhaldskostnaden» blir så fordelt mellom foreldra ut frå ei vurdering av deira respektive inntekter.
Skatt
Med dei nye bidragsreglane blir barnebidraget skattefritt for mottakaren. Men det barnetillegget dei uføretrygda mottar, om lag 1800 kroner i månaden per barn under 18 år, blir lagt til inntekta og betalt skatt av.Ved utangen av september 2002 mottok om lag 17.500 uføretrygda forsørgarar barnetillegg. Kor mange av dei som er eineforsørgarar, går ikkje fram av statistikken frå Trygdeetaten.
? Rammar ungane
? Statsbudsjettet for 2003 skaper fattigdom, seier Stig Rusten i Aleneforeldreforeningen. I dag debatterer Stortinget regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.Ein OECD-rapport tidlegare i år viste at Noreg er det landet i Norden som har relativt sett flest fattige ungar. Her lever 4,4 prosent av ungane i fattige familiar, medan tilsvarande tal for dei andre nordiske landa er Danmark med 3,4 prosent, Sverige med 2,7 prosent og Finland med 2,1 prosent. Dette er basert på at fattige er dei som har ei inntekt som er mindre enn 50 prosent av medianinntekta.
I sosialkomiteen i Stortinget si behandling av fattigdomsplanen har Senterpartiet og SV tatt til orde for at ein skal bruka 60 prosent av medianinntekta som grense, det vil seia at grensa vil gå ved 102.000 kroner som årsinntekt. Dei andre partia, som utgjer fleirtalet, held seg til 50 prosent av medianinntekta som fattigdomsgrense ? 85.000 i 2002.
? Kva hjelper det med tiltaksplan mot fattigdom, når statsbudsjettet i seg sjølv skaper meir fattigdom, spør Stig Rusten, leiar i Aleneforeldreforeningen.
Han viser til at det i løpet av kort tid er gjennomført ei rekkje tiltak som gjer ein frå før vanskeleg økonomi enda vanskelegare for åleineforeldre.
35 millionar i gebyr
1. juli i fjor vart det innført eit gebyr på fastsetjing av barnebidrag. Dette blir praktisert slik at kvar foreldra må betala 700 kroner dersom dei lar trygdeetaten fastsetja kor stort bidrag som skal betalast. Dette er meint å gi det offentlege ei inntekt på 35 millionar dette året.Frå siste årsskifte vart stønaden til barnetilsyn for einslege forsørgjarar redusert med fire prosent. Det reduserer staten sine utgifter med 40 millionar kroner. Frå 1. august i år vil småbarnstillegget på 657 kroner i månaden til barn under tre år bli fjerna.
Og når dei nye reglane for barnebidrag trer i kraft 1. oktober, vil forskotteringa av bidrag bli redusert, og mange vil oppleva at dei får mindre i bidrag enn tidlegare.
? At det blir brukt 35 millionar til å gi litt betre vilkår for ein del av dei åleineforeldra som mottar overgangsstønad under utdanning, kan ikkje vega opp for korleis dei andre tiltaka gjer det vanskelegare for svært mange andre, og fører til auka barnefattigdom, seier Rusten.
Mona Engkvist trudde først det var ei misforståing da ho i februar fekk brev frå Trygdekontoret om følgjene av dei nye barnebidragsreglane frå 1. oktober i år. Ho har vore åleine med to barn dei tre siste åra, og mottar no eit bidrag på 4460 kroner i månaden for dei to barna på fire og åtte år. Frå 1. oktober blir det 960 kroner i månaden. Brevet frå Trygdekontoret viser at far til barna har om lag dobbelt så høg inntekt som mora.
Grunnen til den store endringa er at Engkvist som uføretrygda mottar eit barnetillegg på 1800 kroner per barn i månaden. Dette har tidlegare ikkje hatt nokon innverknad på kor stort barnebidraget skal vera, men vil etter dei nye reglane bli lagt til inntekta hennar når bidraget skal reknast ut, og fører til ein direkte reduksjon av bidraget.
? Til no har faren og eg delt på forsørginga av ungane, og det har vi klart. Frå hausten blir det kommunen og eg som må dela, og eg vil bli avhengig av å gå på sosialkontoret kvar månad, seier Engkvist.
Klasseskilje
Ho meiner det er heilt urimeleg at barnetillegg skal reknast inn i inntektsgrunnlaget på denne måten, og har også vore på Stortinget for å informera politikarar der om korleis dei nye reglane vil slå ut. Ho har blitt møtt med både undring og forståing, men har så langt ikkje høyrt noko om at det skal skje konkrete endringar.
? Eg blir sint når eg ser korleis reglane fører til at det blir tatt frå dei fattige og gitt til dei rike. Sånt skaper klasseskilje mellom ungar, seier Engkvist.
Ho er uroleg for korleis økonomien blir til hausten. Til no har ho klart seg brukbart med dei inntektene ho har, sjølv om det ikkje er spesielt romsleg.
? Med 3500 kroner mindre i månaden blir det ikkje middag kvar dag, det kan bli vanskeleg å finansiera både fritidsaktivitetar og bursdagsselskap for ungane, seier Engkvist.
Ho undrar seg over fleire sider ved dei nye bidragsreglane. Når ho har fått oppgitt 960 kroner i månaden som det nye bidraget, er det basert på at ungane skal vera hos faren mellom fire og åtte dagar i månaden. Det fører til at han får redusert bidraget med om lag 1200 kroner i forhold til om han berre skulle hatt samvær med ungane inntil to dagar i månaden.
? For meg blir også denne delen av regelverket uforståeleg. Dei faste utgiftene til klede, fritidsaktivitetar og så vidare er dei same anten ungane er hos faren to eller fem dagar i veka, seier tobarnsmora.
Det grunnleggjande prinsippet i dei nye bidragsreglane er at kostnaden med å ha ungar blir fastsett ut frå ein standardsum utan omsyn til kor ungane bur eller kva inntekt foreldra har. Denne «underhaldskostnaden» blir så fordelt mellom foreldra ut frå ei vurdering av deira respektive inntekter.
Skatt
Med dei nye bidragsreglane blir barnebidraget skattefritt for mottakaren. Men det barnetillegget dei uføretrygda mottar, om lag 1800 kroner i månaden per barn under 18 år, blir lagt til inntekta og betalt skatt av.
Ved utangen av september 2002 mottok om lag 17.500 uføretrygda forsørgarar barnetillegg. Kor mange av dei som er eineforsørgarar, går ikkje fram av statistikken frå Trygdeetaten.
? Rammar ungane
? Statsbudsjettet for 2003 skaper fattigdom, seier Stig Rusten i Aleneforeldreforeningen. I dag debatterer Stortinget regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.
Ein OECD-rapport tidlegare i år viste at Noreg er det landet i Norden som har relativt sett flest fattige ungar. Her lever 4,4 prosent av ungane i fattige familiar, medan tilsvarande tal for dei andre nordiske landa er Danmark med 3,4 prosent, Sverige med 2,7 prosent og Finland med 2,1 prosent. Dette er basert på at fattige er dei som har ei inntekt som er mindre enn 50 prosent av medianinntekta.
I sosialkomiteen i Stortinget si behandling av fattigdomsplanen har Senterpartiet og SV tatt til orde for at ein skal bruka 60 prosent av medianinntekta som grense, det vil seia at grensa vil gå ved 102.000 kroner som årsinntekt. Dei andre partia, som utgjer fleirtalet, held seg til 50 prosent av medianinntekta som fattigdomsgrense ? 85.000 i 2002.
? Kva hjelper det med tiltaksplan mot fattigdom, når statsbudsjettet i seg sjølv skaper meir fattigdom, spør Stig Rusten, leiar i Aleneforeldreforeningen.
Han viser til at det i løpet av kort tid er gjennomført ei rekkje tiltak som gjer ein frå før vanskeleg økonomi enda vanskelegare for åleineforeldre.
35 millionar i gebyr
1. juli i fjor vart det innført eit gebyr på fastsetjing av barnebidrag. Dette blir praktisert slik at kvar foreldra må betala 700 kroner dersom dei lar trygdeetaten fastsetja kor stort bidrag som skal betalast. Dette er meint å gi det offentlege ei inntekt på 35 millionar dette året.
Frå siste årsskifte vart stønaden til barnetilsyn for einslege forsørgjarar redusert med fire prosent. Det reduserer staten sine utgifter med 40 millionar kroner. Frå 1. august i år vil småbarnstillegget på 657 kroner i månaden til barn under tre år bli fjerna.