Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 20. juni, 2003

– Skjult «fei dem ut»

? Det er naivt av Jan Davidsen å tru at folk ikkje ser at dette er maktkamp og partipolitikk, seier Gunhild Johansen.

Ein firedel av delegatane på landsmøtet i det nye Fagforbundet har røysta imot leiinga utan å ha motkandidatar. Forbundsleiar Jan Davidsen har snakka om samarbeidsproblem som forklaring på at SV-aren Gunhild Johansen ikkje skal veljast til andre nestleiar i det nye forbundet. Maktkamp, blir det sagt. Andre undrar kanskje på kva som ligg i «samarbeidsproblem», og kven som i så fall er ansvarleg for dei problema.

Gunhild Johansen sjølv er ikkje i tvil. Dette handlar om makt og kontroll, og til sjuande og sist om risikoen for at det største LO-forbundet kunne få ein leiar som ikkje kan delta i samarbeidskomitéen LO/Arbeidarpartiet, ein komité som ikkje har mange medlemmer, men framleis stor makt.

? Eg skulle gjerne visst kva Jan Davidsen meiner når han antydar at eg skal ha «posisjonert meg» i forhold til ei ny leiarstilling. Eg vart vald til første nestleiar i Norsk Kommuneforbund (NKF) i 1994, og har hatt det vervet sia. Dersom andre har meint at eg stod i vegen for dei, er det strengt tatt ikkje mitt problem, seier Johansen.

Ho er ikkje i tvil om at det har vore ein langsiktig strategi for å halda henne unna eit verv som kunna gjera henne til ein aktuell kandidat til leiarvervet i Fagforbundet om to år.

? «Fei dem ut!»-kampanjen mot venstresida på 1970-talet var open og tydeleg for alle. I denne kampen har det blitt brukt andre metodar, seier Johansen.

Etter leiarvalet onsdag vart ho neddynga med blomster og gode ord frå støttespelarar i landsmøtesalen. Ho kan ikkje ta mange steg på veg ut av salen utan at nokon kjem for å gi ein klem. Mobiltelefonen tar inn tekstmeldingar og andre meldingar frå tillitsvalde over heile landet, og dei er eintydige: alle er skuffa over at Johansen ikkje vart ein del av leiinga i det nystifta Fagforbundet.

Uformelt

Det er ikkje ein bitter tapar vi møter medan Johan Galtung snakkar til landsmøtet om konfliktløysing på internasjonalt plan. Johansen understrekar at ho har full respekt for landsmøtet sine avgjerder. Men ho har ikkje noko imot å fortelja litt om det ho har sett på nært hald av korleis makta rår i dei øvre sjikta i fagrørsla. Ho kunne fylla heile katalogen over herskarteknikkar med praktiske eksempel, om vi berre hadde tid.

? Tilbakehalding av informasjon er ein av fleire velkjende teknikkar. Eg undra meg lenge over at det verka som om sakene i arbeidsutvalet var ferdigdiskuterte før AU-møta starta, fortel ho. På nokså tilfeldig vis vart ho klar over at det eksisterte eit uformelt fagleg-politisk nettverk der alle dei andre AU-medlemmene var med, berre ikkje Johansen. På direkte spørsmål måtte forbundsleiaren vedgå at nettverket fantest, det skulle vera til nytte for ein NKF-tillitsvald som var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.

? Men dersom det dreidde seg om innspel til Arbeidarpartiet, kvifor kunne ikkje eg delta i dei samtalane? Og kvifor skulle dei i utgangspunktet haldast hemmeleg for meg? I gamle dagar kalte vi sånt fraksjonsverksemd, seier Johansen.

? Har det vore eit dårleg samarbeidsklima i NKF-leiinga?

? Dei gongene eg har opplevd problematiske og sårande episodar med andre AU-medlemmer, har eg prøvd å ta det opp, men utan at eg har registrert at forbundsleiaren har vore interessert i å rydda opp i sånt. Da blir det merkeleg for meg å høyra Davidsen snakka frå talarstolen på landsmøtet om samarbeidsproblem dagen før valet. Dersom han har hatt samarbeidsproblem i forhold til meg, burde han vore så vaksen at han tok det opp med meg i perioden mellom landsmøta, ikkje berre frå talarstolen under vala, seier Johansen.

? Ein god jobb

Blant dei tilsette i NKF er det mange som er lei for det som skjedde, men det er ikkje lett å stå fram offentleg.

? Dette har vore ein tøff kamp som starta for lenge sia. Dei skviser venstresida, det har vi sett så mange gonger, både i fagrørsla og i andre organisasjonar, seier ei av dei som har lang fartstid som tilsett i NKF. Ho har aldri høyrt nokon seia noko om at Gunhild Johansen har gjort ein dårleg jobb.

? Slik eg ser det, er ho den av kvinnene i AU som har kjempa mest for kvinners rettar og likelønn.

Frå talarstolen forklarte Jan Davidsen at den politiske leiinga vart vald ut frå matematikk og ikkje partipolitikk.

? Det er oppsiktsvekkjande om nokon trur på ei slik forklaring, det er i så fall ein heilt ny metode for val av politisk leiing. Og merkeleg om det er tilfeldig at det var berre meg denne «matematikken» ikkje gav rom for. Eg veit at dette er maktkamp og partipolitikk, og det er naivt å tru at folk ikkje ser dette, slår Johansen fast.

? Er den verste feilen med deg at du ikkje er medlem av Arbeidarpartiet?

? Det kan nok også henda at eg blir oppfatta som vanskeleg fordi eg ikkje lar meg knekkja, eg står oppreist.

Storleiken avgjer

? Men det finst andre forbundsleiarar i LO som er SV-medlemmer?

? Per Østvold, leiar i Transport, blir godtatt så lenge han berre har 10-12.000 medlemmer bak seg. I forbund som Fellesorganisasjonen, har dei ikkje kunna hindra at Oddrun Remvik og Randi Reese har blitt valde til leiarar. Men framleis er det berre Ap-medlemmer som har røysterett i LO-leiinga, konstaterer Johansen.

? Du fekk eit tilbod som du takka nei til?

? Å bli nestleiar i ein seksjon ville vera å bli fullstendig parkert utanfor den politiske leiinga. Etter ni år som første nestleiar i NKF oppfatta eg ikkje det som aktuelt.

? Kan du tenkja deg verv i Fagforbundet på eit seinare tidspunkt?

? Ingen må prøva å spørja meg, kjem det kontant. ? Men eg ønskjer det nye Fagforbundet lykke til, og håpar dei ikkje får maktkamp og samarbeidsproblem i den nye leiinga, legg ho til.

Kva som blir neste jobb, veit ikkje Johansen enno.

? Eg liker å jobba utoverretta, med alliansebygging og politiske spørsmål som velferdsstat og globalisering, seier Johansen.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT