Onsdag 18. juni 2003
Dansk-norsk «kvalitet»
Snart er vi alle amerikanararSnart er vi alle amerikanarar

 * Astrid Søgnen og «Kvalitetsutvalget» har talt. Alle må få premiar. Vi går for idealtid. Vert Kvalitetsutvalgets forslag vedteke ? og det gjer nok, vi seier ikkje nei takk til reformer her til lands ? vil alle som tek treårig vidaregåande skule, få studiekompetanse. Søgnen grunngjev endringane med «Kvalitetsreforma». Den gjer at fleire no vil klare universitets- og høgskuleutdanning, seier ho. Søgnen har heilt rett, for når lærarane på høgare utdanning er avhengig av å la studentane stå til eksamen for å ha halde på stillingane sine, vil dei sjølvsagt la studentane stå til eksamen. Og med det i mente er det berre å fjerne dei siste restane av det som ein gong vart sett på som naudsynt studieførebuing, dette dei eldste av lesarane kanskje hugsar som «gymnas».

I det nyleg utkome og imponerande bokverket «Dannelsens forvandlinger» (Pax) ? resultatet av eit prosjekt leia av Rune Slagstad og finansiert av Fondet for dansk-norsk samarbeid ? får vi mykje av svaret på kvifor det gjekk som det gjekk. I artikkelen «Parløb og stafet i dansk-norsk gymnasiekultur», ser historielektor Harry Haue nærare på kva som gjorde at Noreg og Danmark skilde lag i det som til eit godt stykke ut i etterkrigstida var eit felles syn på gymnasutdanning:

«I 1960´erne fjernede den norske ungdomsuddannelse sig fra den danske, og i stedet for et parløb er der i dag ? i bedste fald ? tale om et stafetløb hvor dialogen kom til å foregå fra hver sin ende af banen [?] Danmark fastholdt adskillelsen mellom de boglige og de [yrkes]faglige ungdomsuddanelser, senest i en principiel politisk tilkendegivelse fra et enigt Folketing i 1999. Norge derimod styrkede integrationen, sids med Gudmund Hernes' reformer i 1994 og de nyeste reformtiltag.»

  Haue vel i hovudsak å forklare dei divergerande løpa med ulik geografisk orientering: «Norge valgte efter Anden Verdenskrig mere målrettet end Danmark en atalantisk orientering. Det var Norge, der orienterede sig mod vest i forbindelse med forhandlingerne om oprettelsen af et nordisk forsvarsforbund i 1948, og Danmark måtte i 1972 gå enegang til EF. Mit udgangspunkt er derfor, at Danmark orienterede sig mod kontinentet og derfor var mindre disponert for angelsaksisk uddanelsesforestillinger end Norge.» Med «angelsaksisk uddanelsesforestillinger» tenkjer han i hovudsak på det amerikanske systemet med felles utdanningsløp for alle mellom 15 og 18, og «hvor de Dewey-inspirede high schools åbnede for elevernes frie valg på alle hylder.»

  Eg er samd med Haue når han legg vekt den anglosaksisk, spesielt den amerikanske, tradisjonen som eit føredøme for Noreg, men eg trur han overdriv skilnadene mellom Danmark og Noreg. Det er i høgda snakk om ei viss forseinking mellom dei to landa i høve amerikaniseringa. I høgare utdanning har Danmark til dømes alt lenge hatt «fristilte» universitet, bachelorgrader og stykkprisfinansiering ? dette som Søgnen er så glad for at vi skal få i Noreg òg.

Det er heller ikkje heilt rett når Haue framstiller den vidaregåande utdanning i Danmark som vesensulik den norske. Det har ei god stund no vore mogleg for danskar å kome seg inn på universitet og høgskular via «realkompetanse». Og frå 2005 av skal handelsgymnasa og dei tekniske fagskulane avviklast og integrerast i det «vanlege» gymnaset. I tillegg vert det opna for at elevane skal få «studiekompetanse» gjennom den yrkesfaglege utdanning òg.

  Korleis har Det danske folketinget tenkt å få alt saman til å fungere? Jau, gjennom auka vektlegging på prosjektarbeid, valfridom og «ny» pedagogikk. Kort sagt: «Kvalitet»

«Erfaringer fra danske universitet viser at man lemper på kvalitetsvarene. Man får en opphoping rundt E, den dårligste karakteren», seier professor i samfunnsplanlegging Noralv Veggeland om den danske «kvalitetsreforma» i siste Forskerforum.

Men det les ikkje Søgnen. Neppe «Dannelsens forvandlinger» heller. Men ho burde.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.30
Mandag 26. juni 2017
• Valgkampen fram mot stortingsvalget er i gang. Facebook vil bli en viktig arena for partiene, fordi så mange av oss bruker tid der. Her kan partiene målrette budskap inn mot utvalgte grupper for en rimelig penge. Å mestre denne kunsten kan...
Lørdag 24. juni 2017
• Høyres spinndoktorer kan fortelle oss at Ap har mistet sin viktigste valgkampsak fordi arbeidsledigheten har hatt en svakt synkende tendens de siste månedene, akkurat som valget handler om de økonomiske konjunkturene, der alle regjeringer...
Fredag 23. juni 2017
• Donald Trumps spesialrådgiver Jason Greenblatt og presidentens svigersønn Jared Kushner besøkte denne uka Midtøsten. Der hadde de samtaler med Israels statsminister Benjamin Netanyahu og den palestinske presidenten Mahmoud Abbas for igjen...
Torsdag 22. juni 2017
• Krigen i Syria har gått inn i en ny fase etter at USA søndag skjøt ned et syrisk kampfly nær byen Tabqa, vest for Raqqa. USA har begrunnet engasjementet i Syria med kampen mot Den islamske staten (IS), men nå rettes våpnene også mot...
Onsdag 21. juni 2017
• Landmaktutredningen, som ble presentert mandag, er ledet av brigader Aril Brandvik, men er utarbeidet under tett oppfølging av politisk ledelse i Forsvarsdepartementet. Dette er ikke en frittstående studie om hvilken rolle landmakten skal...
Tirsdag 20. juni 2017
• I Dagens Næringsliv 7. april i år spør økonomiprofessor Bård Harstad om selve demokratiet står i veien for å løse vår tids største problemer. Slik vi forstår ham, er demokrati i og for seg helt greit, bortsett fra at velgerne har en...
Mandag 19. juni 2017
• For hver dag som går, kommer det nye grufulle detaljer om onsdagens brannkatastrofe i Kensington i London. Det første offeret som ble identifisert, var den syriske flyktningen Mohammed Alhajali (23), som kom til Storbritannia i 2014 og...
Lørdag 17. juni 2017
• I danske Legoland i Billund kan man kjøpe seg et «quick pass» i form av en liten robot kalt Q-bot som gjør det mulig å gå rett forbi den lange køen. Den vanlige inngangsbilletten for et barn koster 339 danske kroner. Betaler man...
Fredag 16. juni 2017
• Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) sier at de norske spesialsoldatene i Syria «selvfølgelig opererer i henhold til folkeretten» og at oppdraget har «folkerettslig forankring». Hun viser til at irakiske myndigheter har bedt om...
Torsdag 15. juni 2017
• «Med rot i de lange linjene og krigshistoria er det lett å hevda at ein stat som ikkje hegnar om tryggleiken sin, ein gong vil gå til grunne. Med rot i dagens røyndom er det likevel ikkje mangel på militærmakt som held oss frå å løyse vår...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk