Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Torsdag 17. juli, 2003

– Arbeidsgivaravgifta treng ikkje vera lik

Torsdag 17. juli, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Den tidlegare ESA-presidenten Knut Almestad har laga ei utgreiing som viser at EØS-avtalen slett ikkje tvingar Noreg til å innføra lik arbeidsgivaravgift for alle næringar i heile landet.

Norske politikarar har til no gått ut frå at all bruk av differensiert arbeidsgivaravgift må avviklast som følgje av EØS-reglane om statsstøtte, med unntak for tiltakssona som omfattar Finnmark og Nord-Troms. Tidlegare ESA-president Knut Almestad meiner regjeringa tar feil. I ei utgreiing konkluderer han med at dei næringane som ikkje er i direkte konkurranse med EU/EØS, heller ikkje er omfatta av EØS-reglane om statsstøtte, og dei kan såleis halda fram med gradert arbeidsgivaravgift. Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (LU) er oppdragsgivar og ansvarleg for utgreiinga.

? EØS-reglane om statsstøtte gjeld berre verksemder som driv grenseoverskridande handel. Vil ein satsa på å få til ordningar, er det fullt mogleg å få eit system som gjer at ein kan halda fram med dagens arbeidsgivaravgift for all ikkje-økonomisk verksemd og for verksemd som ikkje er i direkte konkurranse med utanlandsk verksemd, seier Almestad til Klassekampen. Almestad var frå 1993 til 2001 president i ESA, kontrollorganet for EØS. Han er no seniorrådgivar i Advokatfirmaet Schjødt.

? Ikkje gjort jobben sin

ESA startar denne veka sine undersøkingar kring dei tiltaka Noreg foreslår som erstatning for den graderte arbeidsgivaravgifta. Norske politikarar har til no gått ut frå at all bruk av differensiert arbeidsgivaravgift må avviklast som følgje av EØS-reglane om statsstøtte, med unntak for tiltakssona som omfattar Finnmark og Nord-Troms. Ei ordning med gradert transportstøtte er det som har vore foreslått som erstatning for den graderte arbeidsgivaravgifta.

? Regjeringa har ikkje gjort jobben sin i forhold til EØS-kravet om lik arbeidsgivaravgift over heile landet. No får dei oppskrifta lagt i fanget. Det seier Rolf Knoph, fylkesråd i økonomi i Nordland fylkeskommune, eller «finansminister i Nordland», som han sjølv forklarer innhaldet i tittelen sin. Knoph understrekar at differensiert arbeidsgivaravgift er eitt av dei aller mest effektive distriktspolitiske tiltaka i Noreg.

? Det kan sjå ut til at regjeringa har fått ei forståing av at det ville bli for komplisert å oppretthalda den graderte arbeidsgivaravgifta for dei næringane som ikkje er konkurranseutsette. Men dersom ein lagar ei ordning som ikkje inneheld statsstøtte, er den utanfor EØS-avtalen, seier den tidlegare ESA-presidenten.

Eirik Fiva, assisterande direktør i LU, opplyser at opp mot 70 prosent av næringslivet i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg ikkje konkurrerer med utanlandske verksemder.

Lokale skipsreparasjonar

Som eksempel på at tilsvarande ordningar alt er i bruk, nemner Almestad delar av skipsverft som driv berre med reparasjon av lokale farty, og som dermed ikkje er i konkurranse med utanlandske verksemder. Dei har framleis den graderte arbeidsgivaravgifta, sjølv om skipsverfta generelt ikkje har statsstøtte.

Utgreiinga for LU baserer seg delvis på ein analyse gjort av Econ når det gjeld relevante marknader, konkurranseflater og statsstøttereglane. Berre to næringar er fullt ut i konkurranse med utlandske verksemder, det er bygg og anlegg og luftfarten. Når det gjeld andre næringar, krevst ein viss grad av sortering, og det blir presisert at visse administrative ordningar må på plass for at dette skal kunna fungera.

? Men dette er mykje verd for dei det gjeld. Ta til dømes lokale aviser og tidsskrift, dei er ikkje i konkurranse med utanlandske verksemder på nokon måte, og ei innføring av 14,1 prosent arbeidsgivaravgift kan ramma hardt, seier Almestad.

? Kva trengst av juridisk tilrettelegging for at den skisserte ordninga skal kunna fungera?

? Dagens ordning skal framleis oppretthaldast for dei områda som fell utanfor EØS-avtalen, slik som jordbruk, ubearbeidd fisk og skogbruk. Ein må ha eit styringsreiskap for dette, og det kan vera ei forskrift. Det skulle ikkje vera noko problem å utvida lista over næringar/bransjar som blir omfatta, seier Almestad.

Utgreiinga frå Advokatfirmaet Schjødt vart oversendt frå LU til Finansdepartementet i førre veka. Det var ikkje mogeleg å få nokon kommentar frå Finansdepartementet til innhaldet i utgreiinga onsdag.

? Ikkje ei sak for ESAA

Av utgreiinga som Advokatfirmaet Schjødt ved seniorrådgivar Knut Almestad, har gjort for Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Tørndelag, går det fram at EØS-forbodet mot statsstøtte berre gjeld støtte som «vrir eller truer med å vri konkurransen» i den grad støtta påverkar samhandelen mellom partane.

Dei einaste heile næringane som er i eit sånt konkurranseforhold, er ifølgje rapporten lufttransporten og bygg og annlegg. I ei rekkje andre næringar krevst ein nærare analyse for å skilja mellom dei verksemdene som konkurrerer med EØS, og dei som ikkje gjer det. Som eksempel kan nemnast landtransporten, der rute- og drosjebiltransport ikkje er i konkurranse, medan annan passasjer- og godstransport på veg vil vera i konkurranse.

Ei rekkje næringar har ingen konkurranse med EØS-land, slik som personleg tenesteyting, med til dømes vaskeri, frisørverksemd, gravferdsbyrå, helsestudio. Og ein heil del andre næringar driv ikkje økonomisk verksemd i EØS-avtalen si meining.

Sjølv om det finst eksempel på næringar der somme verksemder har konkurranse med EØS, og andre ikkje har det, og det slik krevst noko meir komplisert analyse, konkluderer Almestad med at dette let seg gjennomføra, og at saka er så viktig at det forsvarer ein viss auke i den administrative innsatsen.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT