Får tilbake 77.000
Mandag 7. juli, 2003
Boligbedriften Oslo KF må no betala tilbake i alt mellom 15 og 20 millionar kroner til leigetakarar som sidan 1. januar 2002 har betalt ulovleg høg leige for burettslagsleilegheiter dei leiger av Boligbedriften. Den rettssaka som er ført for ein leigetakar, Ashiq Hussain, har følgjer for 208 leigetakarar som har tilsvarande kontraktar. Boligbedriften Oslo KF er eit kommunalt føretak under byrådsavdelinga for næring og byutvikling.
For Ashiq Hussain auka husleiga, som i 2001 var om lag 3500 kroner, til 7800 kroner frå 1. januar 2002. Andre fekk ei tredobling av den husleiga dei hadde i 2001, noko som naturleg nok skapte store problem for leigetakarane. Etter at Borgarting lagmannsrett i mai stadfesta dommen frå Oslo tingrett sist haust, er det no klart at Boligbedriften ikkje kjem til å anka dommen.
Hussain og familien er glad for at saka no er løyst, men sjølv om dei no kan venta ei tilbakebetaling på om lag 77.000 kroner pluss renter, er det ikkje berre glede.
? Vi måtte bruka livsforsikringa for å betala den ekstra husleigeauken, og no får eg ikkje teikna ny livsforsikring. Dermed har eg mista mykje av den tryggleiken eg hadde prøvd å byggja opp for meg og familien, seier Hussain til Klassekampen. Han reknar med at det meste av det vil få betalt tilbake går med til å betala lån han vart nøydd til å ta opp.
? Det viktigaste er at vi har fått slått fast at kommunen ikkje kan gjera sånt mot folk. Kanskje trudde dei at vi ikkje var i stand til å gjera noko med det da dei auka husleiga på ulovleg vis, seier dottera Amra.
Forskottsleige
Advokat Øyvind Solberg, som har ført saka for Hussain, opplyser at dei leigetakarane som ønskjer det, kan velja å la vera å betala inn husleige frå no og fram til dei har «brukt opp» den summen dei har til gode frå Boligbedriften. Det som er innbetalt meir enn høgste lovlege leige, er å rekna som forskottsleige. Men dersom Boligbedriften vel å betala tilbake den summen dei skuldar dei ulike leigetakarane, kan bedrifta gjera det.Årsaka til at den husleigeauken Boligbedriften sette i verk frå 1. januar 2002 no er dømd ulovleg, er at leigetakarane har kontraktar som slår fast at einaste auken som kan gjennomførast, er den auken andre andelseigarar får, og eventuell auke i renta på det innskottet kommunen har betalt. Den auken Boligbedriften gjennomførte, tok sikte på ei oppjustering til «gjengs leige», utan omsyn til kva som var ordinær husleige i dei ulike burettslaga.
Tilbakebetaling til alle
Om lag 150 av dei som vart utsette for den ulovlege husleigeauken, har fått bustøtte eller sosialhjelp for å makta å betala. Advokat Solberg understrekar at det ikkje hindrar at dei har krav på tilbakebetaling frå Boligbedriften.? Om dei ulike sosialkontora vil krevja tilbake det dei har gitt av tilskott, er ei heilt anna sak, seier Solberg til Klassekampen. Han understrekar at vedtak om sosialhjelp er einskildvedtak, og at dette må handterast konkret for kvar einskild person. Når det gjeld den kommunale bustøtta, er det pengar kommunen har fått refundert frå Husbanken, så her er det eigentleg Husbanken som eventuelt kan krevja noko tilbake.
Solberg minner om at Husbanken i ei samanliknbar sak i Lier for eit par år sia valde å la vera å krevja pengar tilbake, ut frå at det kravde så omfattande saksbehandling at det ikkje stod i noko rimeleg forhold til dei summane det galdt.
? Mitt råd er at leigetakarane bør få behalda tilbakebetalinga. Mange har fått store problem av dette. Klientar har fortald meg at dei har mista nattesvevnen på grunn av den urimelege husleigeauken, og dei økonomiske problema den har skapt, seier Solberg. Han minner om at han alt før husleigeauken vart sett i verk, råda Boligbedriften til å venta med iverksetjinga til saka hadde vore i retten.
Det lykkast ikkje å få nokon kommentar til saka frå administrerande direktør i Boligbedriften, Amund Alm, i går.
Boligbedriften Oslo KF må no betala tilbake i alt mellom 15 og 20 millionar kroner til leigetakarar som sidan 1. januar 2002 har betalt ulovleg høg leige for burettslagsleilegheiter dei leiger av Boligbedriften. Den rettssaka som er ført for ein leigetakar, Ashiq Hussain, har følgjer for 208 leigetakarar som har tilsvarande kontraktar. Boligbedriften Oslo KF er eit kommunalt føretak under byrådsavdelinga for næring og byutvikling.
For Ashiq Hussain auka husleiga, som i 2001 var om lag 3500 kroner, til 7800 kroner frå 1. januar 2002. Andre fekk ei tredobling av den husleiga dei hadde i 2001, noko som naturleg nok skapte store problem for leigetakarane. Etter at Borgarting lagmannsrett i mai stadfesta dommen frå Oslo tingrett sist haust, er det no klart at Boligbedriften ikkje kjem til å anka dommen.
Hussain og familien er glad for at saka no er løyst, men sjølv om dei no kan venta ei tilbakebetaling på om lag 77.000 kroner pluss renter, er det ikkje berre glede.
? Vi måtte bruka livsforsikringa for å betala den ekstra husleigeauken, og no får eg ikkje teikna ny livsforsikring. Dermed har eg mista mykje av den tryggleiken eg hadde prøvd å byggja opp for meg og familien, seier Hussain til Klassekampen. Han reknar med at det meste av det vil få betalt tilbake går med til å betala lån han vart nøydd til å ta opp.
? Det viktigaste er at vi har fått slått fast at kommunen ikkje kan gjera sånt mot folk. Kanskje trudde dei at vi ikkje var i stand til å gjera noko med det da dei auka husleiga på ulovleg vis, seier dottera Amra.
Forskottsleige
Advokat Øyvind Solberg, som har ført saka for Hussain, opplyser at dei leigetakarane som ønskjer det, kan velja å la vera å betala inn husleige frå no og fram til dei har «brukt opp» den summen dei har til gode frå Boligbedriften. Det som er innbetalt meir enn høgste lovlege leige, er å rekna som forskottsleige. Men dersom Boligbedriften vel å betala tilbake den summen dei skuldar dei ulike leigetakarane, kan bedrifta gjera det.
Årsaka til at den husleigeauken Boligbedriften sette i verk frå 1. januar 2002 no er dømd ulovleg, er at leigetakarane har kontraktar som slår fast at einaste auken som kan gjennomførast, er den auken andre andelseigarar får, og eventuell auke i renta på det innskottet kommunen har betalt. Den auken Boligbedriften gjennomførte, tok sikte på ei oppjustering til «gjengs leige», utan omsyn til kva som var ordinær husleige i dei ulike burettslaga.
Tilbakebetaling til alle
Om lag 150 av dei som vart utsette for den ulovlege husleigeauken, har fått bustøtte eller sosialhjelp for å makta å betala. Advokat Solberg understrekar at det ikkje hindrar at dei har krav på tilbakebetaling frå Boligbedriften.
? Om dei ulike sosialkontora vil krevja tilbake det dei har gitt av tilskott, er ei heilt anna sak, seier Solberg til Klassekampen. Han understrekar at vedtak om sosialhjelp er einskildvedtak, og at dette må handterast konkret for kvar einskild person. Når det gjeld den kommunale bustøtta, er det pengar kommunen har fått refundert frå Husbanken, så her er det eigentleg Husbanken som eventuelt kan krevja noko tilbake.