Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 4. juli, 2003

Fikk nytt avslag

Fredag 4. juli, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ei lovendring frå 1. januar 2002 skulle opna for stebarnadopsjon for lesbiske og homofile foreldre. Men regelverket blir tolka slik at det hindrar at mindreårige kan adopterast.

Bodil Larsen og Ingvild Sand hadde venta at ei lovendring frå 1. januar 2002 skulle gjera det mogeleg å få godkjent stebarnadopsjon for lesbiske mødrer. Men behandlinga av søknaden deira tyder ikkje på det.

For eitt år sia fekk dei avslag, og no har dei nettopp fått eit nytt avslag etter behandling etter dei nye retningslinene.

Ingvild Sand er biologisk mor til Halvard som nyleg har fylt to år, og Bodil Larsen til Åsmund på åtte månader. Gutane er biologiske halvbrødrar, men har ingen kjend juridisk far. Dei to mødrene har saman planlagt familien, og deler omsorgen for dei to gutane. For dei er gjensidig adopsjon eit viktig tiltak for å sikra situasjonen for gutane.

? For våre barn er det viktig at vi begge kan ha status som rettmessige foreldre til begge gutane. Skulle til dømes ein av oss falla ifrå, vil det vera viktig at barna på førehand er sikra juridiske band til den som ikkje er biologisk mor, seier Larsen. ? Likeeins er det ved sjukdom klarlagt kven som er ungane sine foreldre, legg ho til.

I det første avslaget var eit viktig argument at Halvard var for liten til at ein kunne ta stilling til tilnytinga til steforelderen, og det same argumentet blir gjentatt i dei nye avslaga. At barnevernet, den einaste faginstansen som har vurdert familien konkret, har laga ein rapport som uttaler seg positivt om korleis familien fungerer, og at begge mødrene legg vekt på kva som er det beste for barna, ser ikkje ut til å ha hatt nokon innverknad på behandlinga av søknaden.

? Det kan sjå ut som om dei meiner at lesbiske mødrer er så gode mødrer at våre ungar berre treng ein forelder. Det blir merkeleg når det samtidig blir stilt krav til heterofile foreldre som går frå kvarandre om tvungen mekling av omsyn til ungane, seier Sand.

? Skulle det bli ein konflikt mellom oss, og vi går frå kvarandre, kan vi risikera at både ungar og vaksne blir fråtekne retten til kontakt med den som ikkje er biologisk mor eller son, legg ho til.

? I vår situasjon blir det uforståeleg når dei argumenterer med at det skal vera ein fordel å venta med adopsjon til ungane blir større, seier Larsen.

I retningslinene frå departementet blir det vist til at lovendringa frå 1. januar 2002 skal gi barn av foreldre som lever i registrert partnerskap den same juridiske tryggleik som ein stebarnadopsjon gir.

Gro Aicher, direktør i Barne-, ungdoms- og familieforvaltningen (Bufa), opplyser at det har komme mellom tolv og femten søknader om stebarnadopsjon frå lesbiske eller homofile par.

Ho understrekar at retningslinene klart seier at søknadene skal behandlast likt, anten det gjeld heterofile eller homofile par.

? Vi følgjer retningslinene til punkt og prikke, seier Aicher.

? Gir retningslinene rom for å ta omsyn til at situasjonen kan vera noko annleis for ein planlagd lesbisk familie enn for ein heterofil familie, der spørsmålet om adopsjon gjerne er aktuelt etter eit samlivsbrott?

? Det seier retningslinene ikkje noko om. Derimot står det uttrykkeleg at ei mor som har fødd barn og lever i registrert partnerskap, som følge av barnelova, vil ha foreldreansvar for barnet heilt åleine, og at dei strenge reglane som gjeld for stebarnadopsjon, også gjeld i desse tilfella, forklarer direktøren. Ho viser vidare til at det skal leggjast vekt på om barnet over tid er i stabil familierelasjon til den som søkjer adopsjon, og at det skal leggjast vekt på om barnet har eit «sterkt behov for rettslig tilknytning til søker».

? Retningslinene blir tolka restriktivt av Bufa. Men når dei ikkje tar omsyn til det som er spesielt ved vår situasjon, blir resultatet at intensjonen frå stortingsbehandlinga ikkje blir følgt, seier Sand.

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT