Krev stans av sal
Fredag 12. september, 2003
Are Saastad, tillitsvald for Fagforbundet ved det som før var Gaustad sykehus, no Aker sykehus klinikk for psykiatri, meiner det er grunn til å slå alarm når Oslo kommune no er i ferd med å selja ut ein av bygningane og eit tomteområde på om lag tjue mål inne på sjukehusområdet. Eigedommen er utlyst for sal utan reguleringsvedtak, og byrådsavdelinga for næring og byutvikling vil selja til høgstbydande.
? Forsvinn denne bygningen og tomtearealet frå sjukehuset, er det eit alvorleg åtak på Gaustad som tilbod til dei svakaste i Oslo. Det vil innebera at psykiatritilbodet i hovudstaden heretter skal styrast av pengar, ikkje av pasientinteresser, seier Saastad. Han fryktar at salet av denne eigedommen er starten på ei omfattande nedbygging av psykiatrien på Gaustad, og at det vil øydeleggja det viktige fagmiljøet som er bygd opp der.
? Tar ein først denne delen, kan ei vidare oppstykking og sal av andre delar av den svært verdfulle Gaustad-eigedommen raskt bli realitet, og psykiatrien vil bli pressa på defensiven, seier Saastad.
Avdelingsoverlege Per Føyn ved klinikk for psykiatri meiner det vart gjort feil da denne delen av eigedommen vart skild ut frå resten av sjukehusområdet, i samband med sjukehusreformen, og han rår Oslo-politikarane til å stansa salet før det er for seint.
? Dette burde framleis vera ein del av psykiatrien. Det er meir enn nok av verksemder innafor psykiatrien som treng den, og som kunne høva på dette området, seier Føyn.
? Skulle det derimot komma inn heilt annan type verksemd her, vil det vera ei forringing av sjukehusmiljøet, legg han til.
Viktig fagmiljø
Saastad understrekar at det er viktig å bevara eit variert og levande fagmiljø for å sikra fagleg utvikling og utdanning av nye fagfolk, og minner om at dei einaste institusjonane i psykiatrien som er lovpålagde og topp-prioriterte, er akuttavdelingane og sikkerheitspsykiatrien.? Vi er avhengige av mangfald i psykiatrien, spesielt i sjukehusa. Historia har vist at det er når mangfald og openheit forsvinn at ein står i fare for å utvikla overgrepskulturar. Det er vår plikt å åtvara mot ei slik utvikling i sjukehusa, seier Saastad.
? Men kor viktig er det å halda på bygningane dersom det ikkje er ressursar til å bruka dei til pasientbehandling?? Det er bruk for mange fleire sengeplassar enn det som finst i dag, seier han, og viser til at nedbygginga av sengeavdelingar er direkte i motstrid til måla i opptrappingsplanen for psykiatrien. Sosial- og helsedirektoratet sine eigne tal viste i oktober i fjor at det midtvegs i planperioden var ein nedgang på 19 prosent i talet på sjukehussenger i forhold til målsettinga i planen.
? Til no i år har Gaustad lagt ned fire sengeplassar til, og eg er kjend med at det er varsla avvikling av tjue senger til på Dikemark. Dette er dramatisk. Vi treng alle dei avdelingane vi har, og mange fleire, seier Saastad.
Byrådssekretær Daniel Siraj stadfesta overfor Klassekampen i førre veka at det for kommunen vil vera uvesentleg om Gaustad-eigedommen blir selt til ein privat helseentreprenør eller ein kjøpar som vil bruka eigedommen til eigedomsutvikling.
SV og Ap stør kravetBåde SV og Ap i Oslo bystyret vil no saman med RV, som først tok opp saka, krevja at kommunen stansar salet av ein av bygningane og eit tomteområde på tjue mål inne på området til Gaustad sykehus. Politikarane reagerer både på at det er ein del av det tradisjonsrike Gaustad-området som blir lagt ut for sal, og at det blir gjort utan reguleringsvedtak.? Dette må sjåast i forhold til kva psykiatrien har bruk for. Det er ei ansvarsfråskriving frå byrådet å selja ut ein slik eigedom, og meiningslaust å selja utan å ha gjort eit reguleringsvedtak som kan styra kva den skal brukast til, seier Knut Even Lindsjørn i SV si bystyregruppe til Klassekampen.
? Eit slikt sal er kortsiktig og uklokt. Ein kan ikkje sjå bort frå at det er ein tilsikta privatiseringspolitikk frå byrådet si side, seier Lindsjørn. SV meiner også alle framlegg om eigedomssal må innom bydelsutvalet i den bydelen det gjeld før avgjerd blir tatt.
? Sjølv om staten har overtatt ansvaret for sjukehusa og spesialisthelsetenesta, noko SV er heilt imot, har Oslo kommune framleis eit ansvar for brukarane i byen, understrekar SV-representanten.
Tom Pape i Arbeidarpartiet si bystyregruppe meiner eigedomssal utan reguleirngsvedtak er uaktuelt.
? Det verkar dessutan umotivert å selja akkurat denne eigedommen før ein har diskutert ei vidareutvikling av psykiatrien i Oslo, seier Pape til Klassekampen.
? Har ikkje byrådet har diskutert denne saka med Helse Øst, er det kritikkverdig. Dersom Høgrebyrådet med dette vil vera fødselshjelpar for ein eller annan privat helseentreprenør, ser eg det som svært uheldig, legg Ap-representanten til.
Are Saastad, tillitsvald for Fagforbundet ved det som før var Gaustad sykehus, no Aker sykehus klinikk for psykiatri, meiner det er grunn til å slå alarm når Oslo kommune no er i ferd med å selja ut ein av bygningane og eit tomteområde på om lag tjue mål inne på sjukehusområdet. Eigedommen er utlyst for sal utan reguleringsvedtak, og byrådsavdelinga for næring og byutvikling vil selja til høgstbydande.
? Forsvinn denne bygningen og tomtearealet frå sjukehuset, er det eit alvorleg åtak på Gaustad som tilbod til dei svakaste i Oslo. Det vil innebera at psykiatritilbodet i hovudstaden heretter skal styrast av pengar, ikkje av pasientinteresser, seier Saastad. Han fryktar at salet av denne eigedommen er starten på ei omfattande nedbygging av psykiatrien på Gaustad, og at det vil øydeleggja det viktige fagmiljøet som er bygd opp der.
? Tar ein først denne delen, kan ei vidare oppstykking og sal av andre delar av den svært verdfulle Gaustad-eigedommen raskt bli realitet, og psykiatrien vil bli pressa på defensiven, seier Saastad.
Avdelingsoverlege Per Føyn ved klinikk for psykiatri meiner det vart gjort feil da denne delen av eigedommen vart skild ut frå resten av sjukehusområdet, i samband med sjukehusreformen, og han rår Oslo-politikarane til å stansa salet før det er for seint.
? Dette burde framleis vera ein del av psykiatrien. Det er meir enn nok av verksemder innafor psykiatrien som treng den, og som kunne høva på dette området, seier Føyn.
? Skulle det derimot komma inn heilt annan type verksemd her, vil det vera ei forringing av sjukehusmiljøet, legg han til.
Viktig fagmiljø
Saastad understrekar at det er viktig å bevara eit variert og levande fagmiljø for å sikra fagleg utvikling og utdanning av nye fagfolk, og minner om at dei einaste institusjonane i psykiatrien som er lovpålagde og topp-prioriterte, er akuttavdelingane og sikkerheitspsykiatrien.
? Vi er avhengige av mangfald i psykiatrien, spesielt i sjukehusa. Historia har vist at det er når mangfald og openheit forsvinn at ein står i fare for å utvikla overgrepskulturar. Det er vår plikt å åtvara mot ei slik utvikling i sjukehusa, seier Saastad.
? Men kor viktig er det å halda på bygningane dersom det ikkje er ressursar til å bruka dei til pasientbehandling?
? Det er bruk for mange fleire sengeplassar enn det som finst i dag, seier han, og viser til at nedbygginga av sengeavdelingar er direkte i motstrid til måla i opptrappingsplanen for psykiatrien. Sosial- og helsedirektoratet sine eigne tal viste i oktober i fjor at det midtvegs i planperioden var ein nedgang på 19 prosent i talet på sjukehussenger i forhold til målsettinga i planen.
? Til no i år har Gaustad lagt ned fire sengeplassar til, og eg er kjend med at det er varsla avvikling av tjue senger til på Dikemark. Dette er dramatisk. Vi treng alle dei avdelingane vi har, og mange fleire, seier Saastad.
Byrådssekretær Daniel Siraj stadfesta overfor Klassekampen i førre veka at det for kommunen vil vera uvesentleg om Gaustad-eigedommen blir selt til ein privat helseentreprenør eller ein kjøpar som vil bruka eigedommen til eigedomsutvikling.
SV og Ap stør kravet
Både SV og Ap i Oslo bystyret vil no saman med RV, som først tok opp saka, krevja at kommunen stansar salet av ein av bygningane og eit tomteområde på tjue mål inne på området til Gaustad sykehus. Politikarane reagerer både på at det er ein del av det tradisjonsrike Gaustad-området som blir lagt ut for sal, og at det blir gjort utan reguleringsvedtak.
? Dette må sjåast i forhold til kva psykiatrien har bruk for. Det er ei ansvarsfråskriving frå byrådet å selja ut ein slik eigedom, og meiningslaust å selja utan å ha gjort eit reguleringsvedtak som kan styra kva den skal brukast til, seier Knut Even Lindsjørn i SV si bystyregruppe til Klassekampen.