Skjult underskott
Tirsdag 9. september, 2003
Sjukehusreformen får hard medfart i De Factos ferske rapport «Når sykehus blir butikk». Eit sentralt poeng kritikken av sjukehusøkonomien er det De Factos utgreiarar karakteriserer som grunnleggjande brott på vanleg rekneskapsskikk. Det er registrert eit samla underskott i alle sjukehusføretaka til saman på vel 720 millionar for 2002. Roar Eilertsen, utgreiar i De Facto meiner det skulle vore registrert eit underskott på fem milliardar.
Fagforbundet er oppdragsgivar for De Facto-rapporten som gjer greie for korleis sjukehusreformen som vart sett i verk 1. januar 2002 har ført til ein katastrofal økonomisk situasjon i sjukehusa. Rapporten viser samtidig at det som har blitt marknadsført som positive verknader av sjukehusreformen i all hovudsak kan forklarast uavhengig av føretaksorganiseringa.
Kreativ bokføring
Som føretak skal helseføretaka føra rekneskap på same vis som aksjeselskap, og verdsettinga av utstyr og eigedelar, og avskriving av desse verdiane er avgjerande for kor stort underskottet blir. Eilertsen dokumenterer at det i føretaksrekneskapa er ført berre 60 prosent av dei avskrivingane som normalt skulle førast. I tillegg kjem at investeringstilskott på 2,8 milliardar heller ikkje er inntektsført slik det skulle vore gjort etter vanleg rekneskapsskikk. Alt dette er gjort i tråd med retningsliner frå Helsedepartementet.? Kva er konsekvensane av denne kreative bokføringa?? Det er eit spørsmål om denne modellen i det heile er eigna for offentlege føretak. Skal den gjennomførast, vil det i beste fall seia at både staten og helseføretaka skuvar problema framfor seg. På same tid villeiar dei politikarar og opinion. Dette er ei tikkande bombe, seier Eilertsen. Han viser til Helse Nord RHF som har rekna ut at omlag 1100 stillingar må kuttast om dei skal oppnå budsjettbalanse i 2004, slik dei no er pålagde.
? Krevst det relativt same kuttprosent i dei andre føretaka, vil det seia at tjue prosent av stillingane i sjukehusa skal vekk, konstaterer Eilertsen ? og det er før den fulle konskvensen av eit reelt underskott på fem milliardar er tatt med i rekninga.
? Korleis regjeringa vil handtera det reelle underskottet, får vi først svar på når statsbudsjettet kjem. Dei kan gjera politiske val om å avskriva «så mykje som det passar», men det vil berre vera å utsetja problemet, seier han.
Ordinær opprydding
I mars i år oppsummerte helseministeren at sjukehusreformen hadde ført til kortare ventelister og kortare ventetider, og at ein hadde fått på plass eit system for effektiv økonomisk kontroll i sjukehusa.? Reduksjonen av ventelistene er eit resultat av ei opprydding og fjerning av feil som like gjerne kunne vore gjort utan sjukehusreformen. Ved Sykehuset Buskerud HF viste det seg til dømes at når ein hadde fjerna dei som var ferdigbehandla, dei som ikkje lenger ønskte behandling, dei som hadde blitt friske og dei som var døde frå ventelistene, var det att ein pasient som hadde venta meir enn fire år, seier Eilertsen.
Han peiker også på at det som har blitt omtalt som auka behandlingsvolum, ikkje heng saman med sjukehusreformen.
? Ein 6,7 prosent auke i behandlingsvolumet frå første tertial 2002 til første tertial 2003 er ikkje vesentleg ulikt det ein har sett tidlegare år. Ifølgje Norsk Pasientregister var samla vekst i 2001 på 6,1 prosent, og i 2002 på 4,9 prosent. Ser ein på kor mykje pengar som har vore løyvd til sjukehusa, er det der forklaringa ligg, seier Eilertsen.
? Ei dreiing i retning meir poliklinisk behandling i staden for innleggingar har nok også gjort noko med kor mange pasientar som blir behandla, men også det kunne vore gjennomført utan sjukehusreformen, legg han til.
Bestillar og utførar
? Kan sjukehusreformen reverserast?? Vi har sett at andre land som har prøvd likande modellar har blitt tvinga til retrett. Med den norske sjukehusreformen er det etablert ein marknad, men førebels berre ein kjøpar. Vi har starta på ein veg som tvingar fram meir reindyrka marknadsforhold, og skal EØS-reglane følgjast, vil det komma krav om eit skilje mellom bestillar og utførar. Blir det gjennomført, vil ei reversering bli vesentleg vanskelegare, seier Eilertsen.
Sjukehusreformen får hard medfart i De Factos ferske rapport «Når sykehus blir butikk». Eit sentralt poeng kritikken av sjukehusøkonomien er det De Factos utgreiarar karakteriserer som grunnleggjande brott på vanleg rekneskapsskikk. Det er registrert eit samla underskott i alle sjukehusføretaka til saman på vel 720 millionar for 2002. Roar Eilertsen, utgreiar i De Facto meiner det skulle vore registrert eit underskott på fem milliardar.
Fagforbundet er oppdragsgivar for De Facto-rapporten som gjer greie for korleis sjukehusreformen som vart sett i verk 1. januar 2002 har ført til ein katastrofal økonomisk situasjon i sjukehusa. Rapporten viser samtidig at det som har blitt marknadsført som positive verknader av sjukehusreformen i all hovudsak kan forklarast uavhengig av føretaksorganiseringa.
Kreativ bokføring
Som føretak skal helseføretaka føra rekneskap på same vis som aksjeselskap, og verdsettinga av utstyr og eigedelar, og avskriving av desse verdiane er avgjerande for kor stort underskottet blir. Eilertsen dokumenterer at det i føretaksrekneskapa er ført berre 60 prosent av dei avskrivingane som normalt skulle førast. I tillegg kjem at investeringstilskott på 2,8 milliardar heller ikkje er inntektsført slik det skulle vore gjort etter vanleg rekneskapsskikk. Alt dette er gjort i tråd med retningsliner frå Helsedepartementet.
? Kva er konsekvensane av denne kreative bokføringa?
? Det er eit spørsmål om denne modellen i det heile er eigna for offentlege føretak. Skal den gjennomførast, vil det i beste fall seia at både staten og helseføretaka skuvar problema framfor seg. På same tid villeiar dei politikarar og opinion. Dette er ei tikkande bombe, seier Eilertsen. Han viser til Helse Nord RHF som har rekna ut at omlag 1100 stillingar må kuttast om dei skal oppnå budsjettbalanse i 2004, slik dei no er pålagde.
? Krevst det relativt same kuttprosent i dei andre føretaka, vil det seia at tjue prosent av stillingane i sjukehusa skal vekk, konstaterer Eilertsen ? og det er før den fulle konskvensen av eit reelt underskott på fem milliardar er tatt med i rekninga.
? Korleis regjeringa vil handtera det reelle underskottet, får vi først svar på når statsbudsjettet kjem. Dei kan gjera politiske val om å avskriva «så mykje som det passar», men det vil berre vera å utsetja problemet, seier han.
Ordinær opprydding
I mars i år oppsummerte helseministeren at sjukehusreformen hadde ført til kortare ventelister og kortare ventetider, og at ein hadde fått på plass eit system for effektiv økonomisk kontroll i sjukehusa.
? Reduksjonen av ventelistene er eit resultat av ei opprydding og fjerning av feil som like gjerne kunne vore gjort utan sjukehusreformen. Ved Sykehuset Buskerud HF viste det seg til dømes at når ein hadde fjerna dei som var ferdigbehandla, dei som ikkje lenger ønskte behandling, dei som hadde blitt friske og dei som var døde frå ventelistene, var det att ein pasient som hadde venta meir enn fire år, seier Eilertsen.
Han peiker også på at det som har blitt omtalt som auka behandlingsvolum, ikkje heng saman med sjukehusreformen.
? Ein 6,7 prosent auke i behandlingsvolumet frå første tertial 2002 til første tertial 2003 er ikkje vesentleg ulikt det ein har sett tidlegare år. Ifølgje Norsk Pasientregister var samla vekst i 2001 på 6,1 prosent, og i 2002 på 4,9 prosent. Ser ein på kor mykje pengar som har vore løyvd til sjukehusa, er det der forklaringa ligg, seier Eilertsen.
? Ei dreiing i retning meir poliklinisk behandling i staden for innleggingar har nok også gjort noko med kor mange pasientar som blir behandla, men også det kunne vore gjennomført utan sjukehusreformen, legg han til.
Bestillar og utførar
? Kan sjukehusreformen reverserast?
? Vi har sett at andre land som har prøvd likande modellar har blitt tvinga til retrett. Med den norske sjukehusreformen er det etablert ein marknad, men førebels berre ein kjøpar. Vi har starta på ein veg som tvingar fram meir reindyrka marknadsforhold, og skal EØS-reglane følgjast, vil det komma krav om eit skilje mellom bestillar og utførar. Blir det gjennomført, vil ei reversering bli vesentleg vanskelegare, seier Eilertsen.










