– Må eg stela for å overleva?
Torsdag 4. september, 2003
I løpet av ti år har asylsøknaden frå John Baptist Kowa (37) vore behandla av ulike instansar hos norske utlendingsstyremakter.
I løpet av denne tida har Kowa
lært seg norsk
skaffa seg norsk studiekompetanse
fullført høgskoleutdanning som siviløkonom.
Likevel har Utlendingsnemnda (UNE) stadfesta sine tidlegare vedtak om at Kowa ikkje har lovleg opphald i Noreg.
Som om ikkje det var nok, har bydelen han bur i varsla om at dei vil stanse utbetalinga av økonomisk stønad til Kowa.
Han ønskjer ikkje å vera sosialhjelpsmottakar, og hans høgste ønske er å få bruka utdanninga si i ein jobb der han kan tena sine eigne pengar.
Men utan opphalds- og arbeidsløyve er han utestengd frå den norske arbeidsmarknaden.
Ikkje frå Uganda
Kowa er ein av dei såkalla «ureturnerbare» eller «lengeventande» flyktningane som har vore lengst i landet. Utlendingsstyremaktene vil at han skal reise til Uganda, og oppmodar han til å kontakta den ugandiske ambassaden i København for å få reisedokument.? For meg er dette meiningslaust. Uganda har aldri vore mitt heimland, seier Kowa fortvila. Han kjem opprinneleg frå Sudan, men flykta til Uganda i lag med foreldra da han var fire år. Han har aldri hatt ugandisk statsborgarskap, men har heller ikkje nokon fødselsattest frå Sudan.
Han peiker på ein vesentleg feil i avslagsbrevet frå UNE.
? Dei skriv at eg har sagt at eg kom frå Uganda. Det sa eg aldri. Dersom Uganda hadde vore mitt heimland, ville eg ikkje reist frå Uganda til Sudan. Dei legg vekt på at eg ikkje var forfølgd i Uganda. Det er vel ikkje eit krav at ein skal vera fengsla eller forfølgd før ein flyktar? Når du er alvorleg redd for å bli forfølgd, er det grunn nok til å flykta, seier Kowa.
Han meiner den etniske bakgrunnen hans ville gjort det enda vanskelegare å vera i arbeid enn å vera student i Uganda.
? Når eg som vaksen vende tilbake til Sudan for å finna tilbake til røter og identitet, førte det til fengsling og tortur i Kartoum. Det gjorde at eg flykta frå Sudan til Noreg, seier Kowa.
Uklart om amnesti
Ei arbeidsgruppe i Utlendingsdirektoratet har drøfta kva som bør gjerast for å løysa situasjonen for dei flyktningane som har fått avslag på asyl, men som likevel ikkje har noko land å reisa tilbake til ? bør dei få amnesti etter seks, sju, åtte eller ti år? Rapporten ligg til behandling i Kommunal- og regionaldepartementet.? Eg kan ikkje gjera meir enn å fortelja historia mi. Men det hjelper lite, når eg ikkje blir trudd, seier Kowa.
Då Klassekampen skreiv om saka hans i 2001 hadde han eitt år att av økonomistudiet. Det fullførte han som planlagt ved Høgskolen i Bodø i fjor, og Utlendingsdirektoratet sitt regionkontor sørga for direktebusetting i Bodø kommune, i den tru at arbeids- og opphaldsløyve ville gå i orden.
Uten særleg tilknyting
Kowa valde likevel å flytta sørover, og begynte hausten 2002 på eit siste studieår ved Høgskolen i Oslo for å få revisorkompetanse.? Men da eg fekk brev frå UNE i mars i år om at dei skulle behandla saka mi, mista eg konsentrasjonen. Det usikre og utrygge vart for mykje for meg, og eg måtte melda til skolen at eg ikkje var i stand til å gå opp til eksamen, fortel han.
I avslagsbrevet konkluderer UNE med at han bør kontakta ugandiske styremakter for å kunna reisa til Uganda, at han ikkje har «særlig tilknytning til riket», og at det heller ikkje finst helsemessige argument som taler tungt nok for at Kowa bør få opphald i Noreg.
? Når det gjeld helsa, er det eit spørsmål om tid før det blir enda meir alvorleg. Og når det gjeld tilknyting til riket ? eg har levd i Noreg frå eg var 27 år til eg no er 37. Norske styremakter har gitt meg lov til å ta norsk utdanning, men ikkje til å arbeida og ikkje til å gifta meg. Slik det no er, har eg ikkje meir tilknyting til noko anna land eg kan bu i. Vi som har vore her så lenge, har bygd opp vår identitet her. Det einaste vi manglar, er lovleg status, seier Kowa, som er takksam for støtta frå organisasjonar og samfunnsengasjerte menneske.
? Men dei einaste som kan hjelpa oss vidare, er politikarane, og no må dei gjera noko. Eg kan ikkje gjera meir, seier Kowa oppgitt.
Han ser på brevet frå bydelen om pengane som blir stansa.
? Skal eg stela for å overleva, slik at eg hamnar i fengsel, eller skal jeg få bruka kunnskap min og utdanning mi, spør han.
I løpet av ti år har asylsøknaden frå John Baptist Kowa (37) vore behandla av ulike instansar hos norske utlendingsstyremakter.
I løpet av denne tida har Kowa
lært seg norsk
skaffa seg norsk studiekompetanse
fullført høgskoleutdanning som siviløkonom.
Likevel har Utlendingsnemnda (UNE) stadfesta sine tidlegare vedtak om at Kowa ikkje har lovleg opphald i Noreg.
Som om ikkje det var nok, har bydelen han bur i varsla om at dei vil stanse utbetalinga av økonomisk stønad til Kowa.
Han ønskjer ikkje å vera sosialhjelpsmottakar, og hans høgste ønske er å få bruka utdanninga si i ein jobb der han kan tena sine eigne pengar.
Men utan opphalds- og arbeidsløyve er han utestengd frå den norske arbeidsmarknaden.
Ikkje frå Uganda
Kowa er ein av dei såkalla «ureturnerbare» eller «lengeventande» flyktningane som har vore lengst i landet. Utlendingsstyremaktene vil at han skal reise til Uganda, og oppmodar han til å kontakta den ugandiske ambassaden i København for å få reisedokument.
? For meg er dette meiningslaust. Uganda har aldri vore mitt heimland, seier Kowa fortvila. Han kjem opprinneleg frå Sudan, men flykta til Uganda i lag med foreldra da han var fire år. Han har aldri hatt ugandisk statsborgarskap, men har heller ikkje nokon fødselsattest frå Sudan.
Han peiker på ein vesentleg feil i avslagsbrevet frå UNE.
? Dei skriv at eg har sagt at eg kom frå Uganda. Det sa eg aldri. Dersom Uganda hadde vore mitt heimland, ville eg ikkje reist frå Uganda til Sudan. Dei legg vekt på at eg ikkje var forfølgd i Uganda. Det er vel ikkje eit krav at ein skal vera fengsla eller forfølgd før ein flyktar? Når du er alvorleg redd for å bli forfølgd, er det grunn nok til å flykta, seier Kowa.
Han meiner den etniske bakgrunnen hans ville gjort det enda vanskelegare å vera i arbeid enn å vera student i Uganda.
? Når eg som vaksen vende tilbake til Sudan for å finna tilbake til røter og identitet, førte det til fengsling og tortur i Kartoum. Det gjorde at eg flykta frå Sudan til Noreg, seier Kowa.
Uklart om amnesti
Ei arbeidsgruppe i Utlendingsdirektoratet har drøfta kva som bør gjerast for å løysa situasjonen for dei flyktningane som har fått avslag på asyl, men som likevel ikkje har noko land å reisa tilbake til ? bør dei få amnesti etter seks, sju, åtte eller ti år? Rapporten ligg til behandling i Kommunal- og regionaldepartementet.
? Eg kan ikkje gjera meir enn å fortelja historia mi. Men det hjelper lite, når eg ikkje blir trudd, seier Kowa.
Då Klassekampen skreiv om saka hans i 2001 hadde han eitt år att av økonomistudiet. Det fullførte han som planlagt ved Høgskolen i Bodø i fjor, og Utlendingsdirektoratet sitt regionkontor sørga for direktebusetting i Bodø kommune, i den tru at arbeids- og opphaldsløyve ville gå i orden.
Uten særleg tilknyting
Kowa valde likevel å flytta sørover, og begynte hausten 2002 på eit siste studieår ved Høgskolen i Oslo for å få revisorkompetanse.
? Men da eg fekk brev frå UNE i mars i år om at dei skulle behandla saka mi, mista eg konsentrasjonen. Det usikre og utrygge vart for mykje for meg, og eg måtte melda til skolen at eg ikkje var i stand til å gå opp til eksamen, fortel han.