Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 10. oktober, 2003

Vil innføra stykkpris i psykiatrien

Fredag 10. oktober, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
I statsbudsjettet for 2004 varslar regjeringa at stykkprisfinansieringa i helsevesenet skal utvidast til også å omfatta psykiatrien. ? Dette er eg svært skeptisk til, seier psykiater Karsten Hytten, nestleiar i Rådet for psykisk helse.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å setja av fem millionar kroner til vidare arbeid med system for stykkprisfinansiering i helsevesenet, og ønskjer eit pasientklassifiseringssystem som også kan brukast i psykiatrien.

Til no har berre somatiske helsetenester vore omfatta av ordninga med stykkpris, eller innsatsstyrt finansiering (ISF). Presidenten i Legeforeningen ser innføring av stykkprisfinansiering i psykiatrien som eit positivt tiltak, medan det er stor skepsis blant fagfolk innan medisin og psykiatri, medlemmer i den same organisasjonen.

Psykiater Karsten Hytten, nestleiar i Rådet for psykisk helse, er blant dei svært skeptiske.

? Psykiatri er noko heilt anna enn somatikk. Menneske med same diagnose kan ha svært ulike hjelpebehov. Til dømes kan ein schizofrenipasient ha bruk for berre ei innlegging, medan ein annan kan ha bruk for behandling livet ut. Det vil vera svært uheldig å la økonomiens logikk bli styrande i tenking rundt medisin og psykologi. Dette handlar så mykje om etikk og omsorg, som må vera sentrale omgrep, seier Hytten til Klassekampen.

Han nemner også dobbeltdiagnosar, som kombinasjon av rus og psykiske lidingar, som eksempel på tilfelle der god behandling krev samarbeid mellom ei rekkje ulike instansar, noko som gjer det svært vanskeleg å standardisera prisen på behandlinga.

Vil diskutera

? Det er relativt ukomplisert å førutseia kva som trengst for å behandla ein 40-åring med ein skadd ankel. Det er svært mykje meir komplisert å førutseia kva som skal til for å behandla ein 40-åring med ein depresjon, det krev kunnskap om både bakgrunn, nettverk og tidlegare sjukehistorie, seier psykiateren.

Rådet for psykisk helse har ikkje vore involvert i nokon diskusjon om dette så langt.

? Skal regjeringa gå vidare med dette spørsmålet, må vi, som ein breitt samansett organisasjon med både brukarar og fagfolk, bli invitert som diskusjonspartner, seier Hytten.

Uønskte effektar

Olav Helge Førde, professor i samfunnsmedisin ved Universitetssykehuset i Tromsø, er også av dei som er skeptiske til bruk av stykkprisfinansiering i psykiatrien.

? Eg anar ikkje om det er muleg å få eit klassifiseringssystem som er brukbart for psykiatrien. Ein må iallfall vera svært medviten om at det lett kan gi effektar og vridingar som ein ikkje ønskjer, seier Førde til Klassekampen.

? Diagnosesystemet i psykiatrien er ikkje så presist som i somatikken, og med diagnosegrupper der det er eit stort spenn mellom pasientane, kan ein risikera at det blir eit poeng å behandla dei «lettaste» pasientane i kvar gruppe, dei som gir den beste økonomiske utteljinga, legg han til.

Trur på vekst

Hans Kristian Bakke, president i Den norske lægeforening, viser mellom anna til at bruken av stykkprisfinansiering har ført til langt større vekst innafor dei somatiske helsetenestene enn i psykiatrien, og ser det som eit argument for at dette systemet også bør omfatta psykiatrien.

? Vi trur at eit sånt system kan tena til å utvikla psykiatrien på fleire måtar, mellom anna ved at ein får raskare behandling og meir standardiserte behandlingsforløp, seier Bakke til Klassekampen.

? Ser du nokon ulemper ved å innføra stykkpris i psykiatrien?

? Det er generelt risiko for uheldige utslag av alle finansieringsordningar, også stykkprisfinansiering, det ser vi også innafor dei somatiske helsetenestene. Men vi trur likevel at eit sånt system kan gi ei betre utnytting av ressursane. Vi vil samtidig åtvara mot å gjera noko som kan føra til dei same uheldige utslaga som ein har sett i delar av somatikken, at ein prioriterer dei lidingane som er lette å telja framfor meir samansette lidingar og pasientar med kroniske lidingar, seier Bakke.

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT