Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Torsdag 9. oktober, 2003

Dyrare å vera sjuk

Torsdag 9. oktober, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Meldinga om at taket for eigendelar skal hevast frå 1350 kroner til 2500 kroner blir møtt med undring og vantru i interesseorganisasjonane for funksjonshemma og kronisk sjuke. ? Ei usosialt budsjett, seier Gunnar Buvik, leiar i Norges Handikapforbund.

Regjeringa vil spara 800 millionar kroner på å heva taket på eigendelar til lege- og psykologtenester, sjuketransport og medisin på blå resept frå 1350 kroner til 2500 kroner. I år vil om lag 900.000 personar få frikort. Med det nye taket regjeringa foreslår, er det venta at berre 600.000 vil få frikort i 2004. Det er ikkje foreslått endring av det som blir kalla eigendelstak 2, som er på 4500 kroner.

? Blir dette vedteke, vil det gå på helsa laus for mange, seier Jarl Ovesen, assisterande generalsekretær i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Han fryktar at ei slik heving av frikortgrensa som foreslått vil gjera at mange vil takka nei til nødvendig behandling og medisin.

? Regjeringa si målsetting er at folk skal betala meir av helse- og sosialutgiftene sine sjølve, slår Gunnar Buvik, leiar i Norges Handikapforbund (NHF), fast.

Kommunale eigendelar

Buvik peiker på at Stortinget har pålagt regjeringa å ta dei kommunale eigendelane med i dei utgiftene som blir omfatta av eigendelstak 2, som har ei grense på 4500 kroner, men dette påbodet har regjeringa ikkje følgt. Da denne ordninga vart vedteken av Stortinget i 2002, var meininga å skjerma dei som er storforbrukarar av helse- og sosialtenester.

? Det vi no ser, er at folk som treng kommunale tenester som heimetenester, alarmtenester eller snømåking, takkar nei fordi dei ikkje har råd til eigendelane, konstaterer Buvik.

Av dei 90 millionane som vart sett av til denne posten, er berre ein brøkdel brukt, og berre 1368 brukarar har passert dette eigendelstak 2 i år, medan det var forventa å gjelda for 40.000. Både NHF og FFO gjekk inn for eit vesentleg lågare eigendelstak 2 enn det som no gjeld.

? Hadde dei kommunale tenestene vore inkludert, kunne det gjeldande taket vore akseptabelt. Men slik det er no, utan samordning av statlege og kommunale eigendelar, blir det inga skjerming av storforbrukarane av desse tenestene, seier Buvik.

Tekniske hjelpemiddel

Andre endringar som også vil gå mest utover funksjonshemma med knappe inntekter, er heving av eigendelsgrensa for behandlingsreiser, frå 190 kroner til 220 kroner, og reduserte tilskott til tekniske hjelpemiddel og datautstyr.

Regjeringa meiner det også er grunn til å kutta stønad til tekniske hjelpemiddel som har blitt relativt rimelege, og som er komne i vanleg bruk blant folk flest. Dette skal gjelda ting som telefonar med spesialfunksjonar, ergometersykkel, brødskjæremaskinar, elektriske boksopnarar, blandebatteri og hendelkranar, garasjeportopnar og utskifting av badekar til ordinært dusjkabinett.

? Det er slett ikkje slik at sånt utstyr er vanleg i alle heimar, og poenget med å få dekt slike utgifter er at same person gjerne treng mange slike hjelpemiddel, noko som kan bli store utgifter for den som har lite å betala med, seier Buvik.

@sitat:Blir dette vedteke, vil det gå på helsa laus for mange

Jarl Ovesen, FFO

@@sitat:Dette rimar dårleg med målsettinga om «fleire i arbeid og færre på trygd»

Gunnar Buvik, NHF

@

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT