Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Mandag 6. oktober, 2003

Kampen om vatnet

Mandag 6. oktober, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
1,2 milliardar menneske manglar tilgang på nok og godt vatn. Bistands-Noreg overser det mest effektive tiltaket, nemleg innsamling av regnvatn, hevdar Framtiden i våre hender i ein ny rapport.

Innsamling av regnvatn er ein fleire tusen år gammal teknikk. Han er enkel, billeg og føreset lite utstyr. Likevel har trenden i tradisjonelt bistandsarbeid vore konsentrert om dyre og store einskildtiltak som byggjing av brønner og installasjonar av sentrale pumpeanlegg.

? Innsamling av regnvatn er stort sett eit oversett tiltak i norsk bistand. Løysingane er billege og til dels fleire tusen år gamle, men mange av teknikkane har gått i gløymeboka etter tiår med bistand konsentrert om store pumpeprosjekt, seier Mekonnen Germiso, forskingskoordinator i Framtiden i våre hender.

Germiso meiner NORAD tradisjonelt har samarbeidd for mykje med store norske firma og internasjonale aktørar, og dimed ikkje vore flinke nok til å fange opp kva som skjer på grunnplanet i mottakerlanda.

Om NORAD hadde vore flinkare til det, ville truleg innsamling av regnvatn stått mykje høgare på dagsorden, meiner han.

I delstaten Rajasthan i India har organisasjonen Tarun Bharat Sangh arbeidd systematisk sidan 1985 med å vekke til live gamle tradisjonar for hausting av regnvatn. Over 1000 landsbyar har fått restaurert gamle innretningar for vatn-innsamling og over 700.000 menneske har fått betre tilgang på vatn, ifylgje rapporten frå Framtiden i våre hender.

? Når innbyggjarane i landsbyane sjølve er involverte i prosjekta, vert dessutan vedlikehaldsarbeidet betre, seier Germiso.

Germiso som er vaksen opp i Etiopia, fortel at han sjølv har sett såkalla «vedlikehaldsfrie» pumpeinstallasjonar forfalle i Etiopia, fordi ingen i landsbyen hadde kompetanse til å reparere anlegget.

? Men om innsamling av regnvatn er eit så enkelt tiltak, kvifor ordnar ikkje berre folk det sjølv utan hjelp frå vestleg bistand?

? Dette har mellom anna med kultur og ideal å gjere. For femti år sidan kom det rike, kvite bistandsarbeidarar til landsbyane og fortalde at dei måtte byggje pumper og bore etter grunnvatnet for å skaffe seg vatn. Desse nye teknikkane fortrengde då dei tradisjonelle, enklare og meir berekraftige teknikkane, seier Germiso.

Vatn er makt

Vatn er makt og dei som kontrollerer vatnet, kontrollerer òg mykje av samfunnsutviklinga. Styresmaktene i India var difor opphavleg kritiske til lokale regnhaustingstiltak. Men kampanjen til den indiske organisasjonen Tarun Bharat Sangh har vore så vellukka, at dei indiske styresmaktene ikkje lenger vågar å kritisere prosjekta.

? Lokale tiltak for innsamling av regnvatnet har dimed òg ein demokratiserande effekt i eit land som India, seier Germiso.

Tarun Bharat Sangh arbeider no med å spreie informasjon om regnhausting til andre asiatiske land. Germiso meiner norske styresmakter burde prioritere dette arbeidet, og stø slike lokalt forankra informasjonskampanjar.

Norsk ansvar

Norsk bistand til vassektoren var i 2002 på 218 millionar kroner. Ifylgje Framtiden i våre hender manglar norske styresmakter ei strategisk tilnærming til desentraliserte småskalatiltak som hausting av regnvatn.

Men ting kan liggje til rette for ei større satsing i nær framtid. For det fyrste lova statsminister Bondevik på verdstoppmøtet om Miljø og utvikling i Johannesburg i fjor at det skulle setjast av 375 millionar kroner til dei såkalla WEHAB-områda: vatn, energi, helse, jordbruk og biodiversitet. Ein strategi for desse midla er no under utarbeiding i NORAD. Dessutan vart miljøvernminister Børge Brende (H) i mai vald til leiar for FN-kommisjonen for berekraftig utvikling, som i 2003-2004 har ferskvatn øvst på agendaen. I eit intervju med telegrambyrået Reuters tidlegare i år nemnde Brende oppsamling av regnvatn og tetting av lekke leidningar, som to av dei opplagte tiltaka for å betre vatn-tilgangen for verdas fattigste.

Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson (Krf) var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar, men informasjonssjefen hennar, Espen Gullikstad, presiserer at norske bistandsstyresmakter er positvt innstilte til innovative metoder, så lenge desse er politisk forankra hjå nasjonale styresmakter i mottakerlanda.

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT