Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Lørdag 29. november, 2003

– Misbruker statistikk

Lørdag 29. november, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
? Det er feil at gjennomsnittleg faktisk pensjonsalder i Noreg er vel 58 år, slik det ofte blir hevda. Det seier Nova-forskar Axel West Pedersen. Han meiner det rette tallet er 63,4 år.

Faren for at altfor mange skal gå ut av arbeidslivet «for tidleg» og dei pensjonskostnadene det fører med seg, er ein viktig del av bakteppet for den innstillinga som skal komma frå pensjonskommisjonen midt i desember.

Pensjonsforskar Axel West Pedersen ved Nova (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) åtvarar mot feil bruk av statistikk i den politiske debatten kring pensjonsspørsmåla

Feil bilete

? Den statistikken som fortel om ein «gjennomsnittleg pensjonsalder» på 58,4 år, gir eit feil bilete av yrkesaktiviteten i Noreg, seier pensjonsforskar Axel West Pedersen.

West Pedersen forklarer at denne statistikken, som blir utarbeidd av Rikstrygdeverket, omfattar alle som blir pensjonerte, både uføre- og alderspensjonistar. Også dei unge uføre, som aldri har vore i arbeidslivet, blir tatt med i statistikken.

? Fordi statistikken omfattar dei som aldri har vore yrkesaktive, er den ubrukeleg til å fortelja noko om faktisk pensjonsalder for folk som har vore i arbeid, og som framleis er i arbeid når dei blir rekna som «eldre arbeidstakarar». Dei som blir uføre før dei fyller 55 år er uinteressante dersom vi skal seia noko om tidleg avgang frå arbeidslivet, seier forskaren.

West Pedersen peiker på at andre tal som også blir publisert av Rikstrygdeverket, slik som forventa pensjonsalder for yrkesaktive (se faktaboks), er langt meir brukbare i forhold til diskusjonen om alderspensjon. Desse tala (frå 2002) viser ein forventa pensjonsalder på 63,4 år om ein tar utgangspunkt i aldersgruppa 50 til 70 år, og 65 år om ein ser på aldersgruppa 60 til 70 år.

West Pedersen understrekar at Noreg, jamført med mange andre land, har høg yrkesdeltaking i dei eldre aldersgruppene. Han minner også om at pensjonsalder ikkje treng vera det same som eit totalt farvel til arbeidslivet. Dei som vel å trappa ned yrkesaktiviteten med å kombinera deltidspensjon og deltidsarbeid, blir registrerte i pensjoniststatistikken frå den dagen dei mottar noko pensjon, sjølv om dei kan vera delvis yrkesaktive til dei er både 67 og 70 år.

Aukande AFP

? Men det er likevel ikkje så mange som står i jobb til dei når aldersgrensa på 67 år?

? Dei undersøkingane vi har, viser at det er eit mindretal, seier forskaren. '

Han viser mellom anna til ei undersøking gjort i 1996. Av personar som var yrkesaktive ved fylte 55 år, var det under 40 prosent som gjekk direkte frå arbeid til alderspensjon da dei fylte 67 år.

? Utan å ha sikre tal å visa til vil eg tru at den andelen er lågare i dag, mellom anna fordi endringar i ordninga med avtalefesta pensjon (AFP) har gjort at fleire kan gjera bruk av den frå 62 år, seier West Pedersen.

@sitat:Vi eldre arbeidstakarar må få ein viss rett til å velja arbeidsoppgåver

Joy Bostrøm, førstekonsulent

@@sitat:Dei som blir uføre før dei fyller 55 år er uinteressante dersom vi skal seia noko om tidleg avgang frå arbeidslivet

Axel West Pedersen, forsker

@

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT