Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522

Allianse eller illusjon?

Allianse eller illusjon?

Lørdag 29. november, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

   I budsjettforliket med KrF fall dei taktiske interessene til Ap og KrF med sikte på valet 2005 saman. Ikkje berre fekk KrF gjort «eit godt statsbudsjett endå betre» (Lilletun) ? eit høfleg spark på Høgre sin finanspolitiske skinlegg. KrF manøvrerte seg også ut av Høgre sin famn for første gong i stortingsperioden. Til neste år er det derfor duka for eit nytt kompromiss med Ap. Det må Høgre avfinne seg med, eller bryte med KrF og slik parkere seg saman med Frp ? ein særs dårleg opptakt til valåret. KrF har med andre ord signalisert at det i 2005 vil vere eit «sjølvstendig» nøkkelparti som like gjerne kan gå i koalisjon med Ap som med Høgre. På den andre sida var det kjærkomme for Ap å kunne demonstrere at også det kan ri fleire hestar i alliansestrevet. I KrF vil Ap ikkje berre finne ein trufast EØS-alliert som kan sikre grunnlaget for ein «moderat» marknadsliberalisme. Slik politikk må Ap nemleg halde fram med for å kunne fremme forslag om EU-medlemskap i neste periode. «Trugsmålet» om ein allianse med KrF gir Ap dessutan ein plattform for å kunne avvise SV og Sp sitt ultimatum om at EU-spørsmålet ikkje skal fremmast i perioden.    Med eitt er det Ap som kan stille krav til SV og Sp om at dei ikkje må «øydelegge» grunnlaget for ein sentrum-venstreallianse med å stille eit slikt krav. Sentrum-venstrealliansen skal altså føre EU-politikk, sett frå Ap sin ståstad. Ein slik allianse er med andre ord ein illusjon. Den andre saka som underbygger dette, er LO sitt utspel mot SV om industripolitikk. Det er heilt rett at industripolitikk ikkje er SV si sterkaste side. Problemet er berre at heller ikkje Ap ? og for den saks skuld LO ? har nokon industripolitikk lenger som går ut på å nytte landet sine naturgitte føretrinn (vasskrafta!) i den globale marknadskonkurransen for å fremje industri- og samfunnsbygging i Noreg. EØS/ESA forbyr slik favorisering. Berre på eitt viktig punkt skil Ap/LO sin «industripolitikk» seg frå SV sin ? nemleg ved at dei første vil ta gassen i land her primært for å produsere meir elektrisk kraft for den kraftkrevjande industrien, medan SV vil «løyse» (!) kraftkrisa med storveges ENØK.   Med den nye, nordeuropeiske, liberaliserte kraftmarknaden betyr Ap/LO sin strategi at denne auken i kraftproduksjonen ikkje lenger kan øyremerkast norsk industri med politisk regulerte spesialprisar, men må seljast i den opne marknaden. Meir kraftproduksjon med gass eller vasskraft fører primært til auka krafteksport ? til industri på kontinentet, til dømes ved at norsk aluminiumskoking bli lagd ned og flytta til Tyskland. Dette gir kraftbransjen større profitt enn å selje kraft med regulerte prisar til norsk industri. EØS-politikken har skilt kraftbransjen ut som eigen sektor som akkumulerar kapital berre ut frå omsyn til seg sjølv. Den kan ikkje lenger styrast politisk av omsyn til industribygging, sysselsetting eller distriktsutbygging. I det store «kraftkriseåret» 2002 hadde Norge ein nettoeksport på 10 TWh.   Sjølvsagt er LO klar over dette, men gjer ingen ting for å korrigere dei mest einøygde kraftprofetane i eigne rekker. Angrepa mot SV er ein avleiingsmanøver for å isolere partiet mest mulig før 2005 slik at Ap kan ha ryggen fri ved val av alliansepartnar. LO sitt problem er at organisasjonen med denne kynismen skapar ein illusjon mellom sine eigne medlemmer om at Ap og det sjølv verkeleg har ein industripolitikk.Det beste mottrekket til denne taktikken er å møte Ap i konfrontasjonar som markerer SV som eit klart alternativ. Berre slik kan det bli så stort og samstundes stele så mykje av «kjøtvekta» frå Ap at Ap blir nøydd til å forhandle med SV framfor KrF. Berre slik kan ein ny allianse byggast.@sitat:Angrepa mot SV er ein avleiingsmanøver for å isolere partiet@

Innenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT