Vaginalstaten kveler oss

Mandag 24. november, 2003
Har kvinnefrigjeringa gått for langt? Ja, det må vera legitimt å ta opp spørsmålet. Det er på tide at vi får uredde, intelligente menn ut i denne debatten som kvinner har dominert så lenge. I Noreg skjer det ei statsfeministisk regjering av hovuda våre som er så total at Mannen, slik vi ein gong kjente han, knapt vågar å ta ordet. All ære til Klassekampen, som har opna for debatt.Altfor ofte er debatten om likestilling prega av mytar. Mytar om at kvinner har det så mykje verre. Mytar om at menn har all verdas privilegier av materiell og symbolsk art, som det liksom sit eit «patriarkat» og forsvarer med eit raffinert utval av fysiske og verbale hersketeknikkar, som om vi levde langt inni Taliban-land og ikkje her i det moderne, likestilte Noreg. For å koma nokon veg mot makta til desse mytane, må vi få fakta inn i diskusjonen. For eksempel fakta om skatt. Er det ikkje kvinnene som masar mest om velferdsstaten? Det er jo kvinner som røystar SV, som vil ha meir pengar til skulen, som masar om barnehage til alle. Dei vil altså ha ein stor og flott velferdsstat. Men kor mykje skatt betaler dei?Statistisk årbok viser at alminneleg inntekt for menn i 2001 var totalt 389 milliardar kroner. Kvinnene tente på si side berre 239 milliardar. Det er eit inntektsgap på 150 milliardar kroner i året mellom kjønna. Og kor mykje meir skatt blir det ikkje dermed å betala for oss menn enn for alle desse kvinnene som masar om velferdsstaten? Ta fram kalkulatoren og rekn ut sjølv!Kvinner plasserer seg systematisk i låginntektsgrupper, og slepp på den måten også unna med mindre skatt. 1,4 millionar kvinner hadde alminneleg inntekt under 200.000 kroner i 2001. Dei utgjer heile 75 prosent av alle som tente under 200.000! Slik lurer kvinnene seg unna fellesrekninga for velferden i dette samfunnet. Og kva med minstepensjonistane? Veit folk som uttaler seg i avisdebattar eigentleg særleg mykje om korleis det er å klara seg på 90.000 kroner i året? Eg trur ikkje det er så greitt, nei. Og dei nakne fakta er at nesten 15 prosent av våre rundt 230.000 minstepensjonistar er menn! Vi høyrer ikkje stort om desse heltane, som har slitt eit langt liv og får så lite igjen, i debatten om «den privilegerte mannen».Men mannen tek ansvar. Som alltid. I NHOs verksemder er berre seks prosent av toppleiarane kvinner. Veit folk kor mykje ansvar som kviler på ein toppleiar i næringslivet? Det ser ut som mange kvinner veit det, for dei lurer seg unna. Og kva skjer ute i det norske kontorlandskap? Jo, kvinnene tviheld på stillingar med «enkelt rutinarbeid». På den fronten utgjer dei massive 79 prosent av arbeidsstyrken. Men «kvalifisert, sjølvstendig arbeid», det vil dei ikkje ha. Så der må vi menn stilla med 85 prosent av kontorpersonalet. Og så er det pornografien. Der er det kvinnene som får breia seg, over side etter side på glansa papir. I pornofilmane får ei dame ofte kosa seg med både fire og fem menn på ein gong. Mennene må ta til takke med ei på deling! Ein gong var det visst ei dame som fekk 1000 menn på rad også. Når skal eg få 1000 på rad? Og når skal det bli noko på Nils Rune Langeland?Siste døme: vald og drap. Ja, det er kanskje sant at det er menn som drep kvinnene sine, og ikkje omvendt. Men når slikt skjer i andre kulturar, så kallar vi det i alle fall æresdrap. I den norske kulturen er det ikkje snakk om sånt. Den norske konemordaren skal liksom stå heilt ærelaus tilbake. Det er vaginalstaten som knugar oss. Nils Rune Langeland kan få sagt det: «Her i Norden befinner vi oss på mange måter i en ekstrem situasjon, både historisk og dersom vi ser globalt på det i forhold til kvinnefrigjøring og rettigheter. [?] Den norske mannen lider under et kvinnelig siviliseringsprosjekt».Det er alarm!@sitat:Når skal eg få 1000 på rad? Og når skal det bli noko på Nils Rune Langeland?@