Ei verd utan?

Lørdag 22. november, 2003
Enkelte meiner vi er på veg dit, ettersom det postmoderne og urbane vestlege mennesket verken vedkjenner seg dei laster som rir karakterane i verket hans, eller dei lidenskapar som får dei til å fullbyrde sine liv på tragisk vis. Det er, blir det sagt, tradisjonen og dei mest ambisiøse regissørane, Brook, Purcarete, Branagh, som held liv i Shakespeare i teatret.
Fablane hans passar godt for filmen, slik vi har sett i ei rekke store verk frå seinare år. På den europeiske scenen er Shakespeare nærverande, og i den store verda vinn han stadig nytt feste, men på institusjonane i Norge har han ikkje mange nedslag akkurat no. Den einaste Shakespeare-premieren denne sesongen ser ut til å vera «Ein midtsommarnattsdraum», sett opp av Leif Stinnerbom i Bergen, og karakteristisk nok, «Shakespeares samlede verker på nitti minutter» i Molde!
Utanfor institusjonane
I miljøet utanfor institusjonane lever derimot Shakespeare eit interessant liv. Eit stort Shakespeare-prosjekt er under utvikling ved gruppa «Innspæll» i Nord-Trøndelag, ein produksjon som har medverknad frå fleire land, blant anna India og Hellas, som tar for seg Macbeth og Midtsommarnattsdraumen, med premiere i mange land. Fleire andre frigrupper, som Thesbiteatret i Tønsberg og Oslo Players arbeider jamt med den gamle meister, og det er eit teikn i tida at fangar og tilsette ved Oslo fengsel nyleg hadde premiere på Othello! Men ved dei store institusjonane er ikkje Shakespeare noko heitt namn.Ein uforpliktande enquete i det norske teatermiljøet får fram minst eitt interessant svar: Regissørane finn ikkje skodespelarar i den yngre generasjon som har dei faglege føresetnadene som skal til for å gestalte dei store rollene. Dei har rett og slett opplevd for mange nederlag!
Og dei unge skodespelarane? Dei spør ikkje etter Shakespeare, for dei vil iscenesette sine eigne liv, si tids tone og trendar og manerar, og dei ser ikkje at det nettopp finst hos han, kanskje meir enn nokon annan stad!
Ei verd utan?
Finst det ei verd utan Shakespeare?Kanskje kan dette spørsmålet tvinge oss til å tenke gjennom kva slags utopiar vi kan tru på, og kva slags verd vi drøymer om! Kan ein sjå for seg ei framtid der Romeo og Julies kjærleik ikkje vil fascinere, der Macbeths maktattrå er irrelevant, Othellos sjalusi framstår som latterleg eller Hamlets framandkjensle som overspente prinsefakter?
For somme av oss synest det opplagt at William Shakespeares verk, i motsetning til det aller meste i verdsdramatikken, er så tidlaust og så samtidig at vi ikkje kan ha nokon idé om eit menneske som kan vera urørt av konfliktane i skodespela hans. Somme vil seia at denne universaliteten gjeld all stor kunst, men frå ein synstad er det likevel skilnad på det store og det unike.
Ibsens Nora vekker vår medynk, men det kan tenkast at hennar frigjeringshistorie ein gong vil framstå meir som ei forteljing frå gamle dagar enn som eit innblikk i eksistensielle realitetar, utan at det akkurat no ser ut til at noko slik er i sikte, verken her eller andre stader i verda.
Djup lengsel
Eit samfunn der William Shakespeares skodespel ikkje har eksistensiell relevans må vera eit samfunn som handhevar den absolutte retten til fritt val i kjærleik, der despotens ambisjonar blir avslørt på eit tidleg stadium, der tapets og angstens avgrunn er fylt av ein tryggleik, ja ei ro, som gjer mennesket i stand til å tåle dei påkjenningane som kan oppstå når menneske både skal vera frie og knytte til kvarandre i truskap og lidenskap.Er Shakespeares menneske framandt for det postmoderne mennesket som meir følgjer trend enn kontinuitet, meir apparisjon enn identitet, som ikkje gjer eksistensielle val mellom alternative handlingar, men som i staden set i scene si eiga livsforteljing og spelar opp sin eigen identitet? Eg for min del trur det ikkje! Det kan vera like fruktbart å fortolke dagens subjektivisme og individualisme som ein djup lengsel etter det autentiske mot kommersialismens og trendens tyranni.
Valsituasjonar
Det radikalt nye ved Shakespeares verk er nettopp at han såg korleis det moderne mennesket tok til å oppfatte verda som ein scene og menneska som aktørar i eit spel. Medan karakterane hans uavlateleg påstår at det er stjernene som styrer våre liv, opptrer dei reint faktisk i eksistensielle valsituasjonar, der dei sjølv rår for sin lagnad, val som kan utløyse eit ras av konsekvensar.I «Romeo og Julie» blir den konsekvente kjærleiken ei destruktiv kraft på grunn av uforstanden til dei stridande slektsklanane. I «Midtsommarnattsdraumen» bruker Puck berre ein drope fortryllingskraft frå ein blome for å endevende alle konvensjonar i kjærleiksspelet, og tilværets gåter løyser seg opp i latter, luft og ingen ting. Vårt liv er ein sommarfugl-leik, før vinterens ispust tar oss. Men det er nettopp det, som er så stort.
Grådigskap og løgn
Går ein verket nærare etter i saumane, vil ein også fort sjå at den samfunnskritikken som blir framført for eksempel i Kong Lear, gjeld eit samfunn som har trekk som liknar vårt eige, der grådigskap og løgn florerer og menneska utfordrar dei livslovene som er føresetnaden for vår eksistens i verda. Sett på spissen kan ein seia at Shakespeares menneske er meir realistisk enn det mennesket som dei sosialistiske teoretikarane etter han drøymde om, mennesket som skulle bli fridd for djevelskapen i seg sjølv når det vart kvitt dei undertrykkande samfunnsstrukturane. Kan hende kan den sosiale utopien om eit anna samfunn ikkje gjenreisast før det er tatt eit fullstendig oppgjer med marxismens og modernitetens menneskesyn, i lys av blant anna Shakespeares fundamentale innsikter?Det Norske Shakespeareselskap arrangerer 29. november eit seminar på Det Norske Teatret med Leif Stinnerbom og hans litauiske kollega Oskaras Korsunovas. På seminaret vil «Romeo og Julie» og «Ein midtsommarnattsdraum» stå i sentrum, og det er naturleg å reise spørsmålet: Går det an å tenke seg ei verd der William Shakespeares verk ikkje lenger talar om vår eksistensielle utfordring?
Edvard Hoem er forfattarEnkelte meiner vi er på veg dit, ettersom det postmoderne og urbane vestlege mennesket verken vedkjenner seg dei laster som rir karakterane i verket hans, eller dei lidenskapar som får dei til å fullbyrde sine liv på tragisk vis. Det er, blir det sagt, tradisjonen og dei mest ambisiøse regissørane, Brook, Purcarete, Branagh, som held liv i Shakespeare i teatret.
Fablane hans passar godt for filmen, slik vi har sett i ei rekke store verk frå seinare år. På den europeiske scenen er Shakespeare nærverande, og i den store verda vinn han stadig nytt feste, men på institusjonane i Norge har han ikkje mange nedslag akkurat no. Den einaste Shakespeare-premieren denne sesongen ser ut til å vera «Ein midtsommarnattsdraum», sett opp av Leif Stinnerbom i Bergen, og karakteristisk nok, «Shakespeares samlede verker på nitti minutter» i Molde!
Utanfor institusjonane
I miljøet utanfor institusjonane lever derimot Shakespeare eit interessant liv. Eit stort Shakespeare-prosjekt er under utvikling ved gruppa «Innspæll» i Nord-Trøndelag, ein produksjon som har medverknad frå fleire land, blant anna India og Hellas, som tar for seg Macbeth og Midtsommarnattsdraumen, med premiere i mange land. Fleire andre frigrupper, som Thesbiteatret i Tønsberg og Oslo Players arbeider jamt med den gamle meister, og det er eit teikn i tida at fangar og tilsette ved Oslo fengsel nyleg hadde premiere på Othello! Men ved dei store institusjonane er ikkje Shakespeare noko heitt namn.
Ein uforpliktande enquete i det norske teatermiljøet får fram minst eitt interessant svar: Regissørane finn ikkje skodespelarar i den yngre generasjon som har dei faglege føresetnadene som skal til for å gestalte dei store rollene. Dei har rett og slett opplevd for mange nederlag!
Og dei unge skodespelarane? Dei spør ikkje etter Shakespeare, for dei vil iscenesette sine eigne liv, si tids tone og trendar og manerar, og dei ser ikkje at det nettopp finst hos han, kanskje meir enn nokon annan stad!
Ei verd utan?
Finst det ei verd utan Shakespeare?
Kanskje kan dette spørsmålet tvinge oss til å tenke gjennom kva slags utopiar vi kan tru på, og kva slags verd vi drøymer om! Kan ein sjå for seg ei framtid der Romeo og Julies kjærleik ikkje vil fascinere, der Macbeths maktattrå er irrelevant, Othellos sjalusi framstår som latterleg eller Hamlets framandkjensle som overspente prinsefakter?
For somme av oss synest det opplagt at William Shakespeares verk, i motsetning til det aller meste i verdsdramatikken, er så tidlaust og så samtidig at vi ikkje kan ha nokon idé om eit menneske som kan vera urørt av konfliktane i skodespela hans. Somme vil seia at denne universaliteten gjeld all stor kunst, men frå ein synstad er det likevel skilnad på det store og det unike.
Ibsens Nora vekker vår medynk, men det kan tenkast at hennar frigjeringshistorie ein gong vil framstå meir som ei forteljing frå gamle dagar enn som eit innblikk i eksistensielle realitetar, utan at det akkurat no ser ut til at noko slik er i sikte, verken her eller andre stader i verda.
Djup lengsel
Eit samfunn der William Shakespeares skodespel ikkje har eksistensiell relevans må vera eit samfunn som handhevar den absolutte retten til fritt val i kjærleik, der despotens ambisjonar blir avslørt på eit tidleg stadium, der tapets og angstens avgrunn er fylt av ein tryggleik, ja ei ro, som gjer mennesket i stand til å tåle dei påkjenningane som kan oppstå når menneske både skal vera frie og knytte til kvarandre i truskap og lidenskap.
Er Shakespeares menneske framandt for det postmoderne mennesket som meir følgjer trend enn kontinuitet, meir apparisjon enn identitet, som ikkje gjer eksistensielle val mellom alternative handlingar, men som i staden set i scene si eiga livsforteljing og spelar opp sin eigen identitet? Eg for min del trur det ikkje! Det kan vera like fruktbart å fortolke dagens subjektivisme og individualisme som ein djup lengsel etter det autentiske mot kommersialismens og trendens tyranni.
Valsituasjonar
Det radikalt nye ved Shakespeares verk er nettopp at han såg korleis det moderne mennesket tok til å oppfatte verda som ein scene og menneska som aktørar i eit spel. Medan karakterane hans uavlateleg
påstår at det er stjernene som styrer våre liv, opptrer dei reint faktisk i eksistensielle valsituasjonar, der dei sjølv rår for sin lagnad, val som kan utløyse eit ras av konsekvensar.
I «Romeo og Julie» blir den konsekvente kjærleiken ei destruktiv kraft på grunn av uforstanden til dei stridande slektsklanane. I «Midtsommarnattsdraumen» bruker Puck berre ein drope fortryllingskraft frå ein blome for å endevende alle konvensjonar i kjærleiksspelet, og tilværets gåter løyser seg opp i latter, luft og ingen ting. Vårt liv er ein sommarfugl-leik, før vinterens ispust tar oss. Men det er nettopp det, som er så stort.
Grådigskap og løgn
Går ein verket nærare etter i saumane, vil ein også fort sjå at den samfunnskritikken som blir framført for eksempel i Kong Lear, gjeld eit samfunn som har trekk som liknar vårt eige, der grådigskap og løgn florerer og menneska utfordrar dei livslovene som er føresetnaden for vår eksistens i verda. Sett på spissen kan ein seia at Shakespeares menneske er meir realistisk enn det mennesket som dei sosialistiske teoretikarane etter han drøymde om, mennesket som skulle bli fridd for djevelskapen i seg sjølv når det vart kvitt dei undertrykkande samfunnsstrukturane. Kan hende kan den sosiale utopien om eit anna samfunn ikkje gjenreisast før det er tatt eit fullstendig oppgjer med marxismens og modernitetens menneskesyn, i lys av blant anna Shakespeares fundamentale innsikter?
Det Norske Shakespeareselskap arrangerer 29. november eit seminar på Det Norske Teatret med Leif Stinnerbom og hans litauiske kollega Oskaras Korsunovas. På seminaret vil «Romeo og Julie» og «Ein midtsommarnattsdraum» stå i sentrum, og det er naturleg å reise spørsmålet: Går det an å tenke seg ei verd der William Shakespeares verk ikkje lenger talar om
vår eksistensielle utfordring?
Edvard Hoem er forfattar










