– Alvorleg grunn til uro
Mandag 10. november, 2003
Kva er det som får ein professor i trygdemedisin til å leggja seg borti arbeidet til ein offentleg oppnemnd Pensjonskommisjon?
Bjørgulf Claussen, professor ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo, oppmodar til å avvisa dei framlegga som kjem frå Pensjonskommisjonen. Han håpar at det skal tena til å byggja ein opinion mot det som vil komma frå Pensjonskommisjonen i midten av desember.
Økonomi og helse
? Kva er det som gjer at du som fagmann på helsespørsmål engasjerer deg så sterkt i det som skal bli framtidige pensjonsordningar?? Samanhengen mellom økonomi og helse er klar. Får folk dårleg råd, går det gjerne utover helsa. Slik eg les framlegga frå Pensjonskommisjonen, er det tydeleg at mange vil få dårlegare pensjon, og det gir alvorleg grunn til uro, seier Claussen til Klassekampen.
Han har laga eit notat i hovudsak bygd på den førebels rapporten Pensjonskommisjonen la fram for vel eit år sia.
? Eg går ut frå at dei endelege framlegga i stor grad vil følgja dei linene som vart lagt i den førebels rapporten, men eg skal også komma med eit nytt notat så snart Pensjonskommisjonen har lagt fram den endelege innstillinga si, seier professoren.
Basispensjon
? Godt og vel halvparten av pensjonistane, først og fremst kvinner, vil komma dårlegare ut. Kommisjonen har varsla at dei vil tilrå ein basispensjon omtrent på same nivå som dagens minstepensjon. Det vil i dag seia i underkant av 100.000 kroner, og når fleire av dei som i dag har tilleggspensjon, blir minstepensjonistar, er dette ikkje akseptabelt, seier Claussen.Han peiker også på at det er uklart kva som blir følgjene av at besteårsregelen blir fjerna, og at ein ikkje veit kva følgjene blir for dei mange som går av før aldersgrensa.Claussen sluttar seg til dei som har hevda at Noreg har råd til å halda på dagens alderspensjon.
? Om skatten på ei middels inntekt om 30 år må aukast frå 30 prosent til 40 prosent, vil det vera til å leva med. Inntektene vil auka så mykje at vil likevel får ein solid auke i kjøpekrafta, seier han.
Kva er det som får ein professor i trygdemedisin til å leggja seg borti arbeidet til ein offentleg oppnemnd Pensjonskommisjon?
Bjørgulf Claussen, professor ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo, oppmodar til å avvisa dei framlegga som kjem frå Pensjonskommisjonen. Han håpar at det skal tena til å byggja ein opinion mot det som vil komma frå Pensjonskommisjonen i midten av desember.
Økonomi og helse
? Kva er det som gjer at du som fagmann på helsespørsmål engasjerer deg så sterkt i det som skal bli framtidige pensjonsordningar?
? Samanhengen mellom økonomi og helse er klar. Får folk dårleg råd, går det gjerne utover helsa. Slik eg les framlegga frå Pensjonskommisjonen, er det tydeleg at mange vil få dårlegare pensjon, og det gir alvorleg grunn til uro, seier Claussen til Klassekampen.
Han har laga eit notat i hovudsak bygd på den førebels rapporten Pensjonskommisjonen la fram for vel eit år sia.
? Eg går ut frå at dei endelege framlegga i stor grad vil følgja dei linene som vart lagt i den førebels rapporten, men eg skal også komma med eit nytt notat så snart Pensjonskommisjonen har lagt fram den endelege innstillinga si, seier professoren.
Basispensjon
? Godt og vel halvparten av pensjonistane, først og fremst kvinner, vil komma dårlegare ut. Kommisjonen har varsla at dei vil tilrå ein basispensjon omtrent på same nivå som dagens minstepensjon. Det vil i dag seia i underkant av 100.000 kroner, og når fleire av dei som i dag har tilleggspensjon, blir minstepensjonistar, er dette ikkje akseptabelt, seier Claussen.
Han peiker også på at det er uklart kva som blir følgjene av at besteårsregelen blir fjerna, og at ein ikkje veit kva følgjene blir for dei mange som går av før aldersgrensa.
Claussen sluttar seg til dei som har hevda at Noreg har råd til å halda på dagens alderspensjon.