– Ei blindgate
Lørdag 6. desember, 2003
Eitt av hovudpunkta i Kvinnevaldsutvalet sine framlegg til tiltak for å redusera menns vald mot kvinner er å heva strafferamma for slike valdshandlingar. Utvalsleiar Nita Kapoor understreka ved framlegginga av utgreiinga «Retten til et liv uten vold» torsdag at høgare straffar vil ha ein normativ verknad, og slik tena til å redusera omfanget av vald mot kvinner.
Ole Kristian Hjemdal, sosiolog og prosjektleiar ved Kompetansesenter for voldsofferarbeid, Høgskolen i Oslo, er ueinig med Kvinnevaldsutvalet.
? Eg er generelt skeptisk til straff, og har sterke motførestillingar mot heva straffenivå som tiltak for å førebyggja vald mot kvinner, seier Hjemdal til Klassekampen. ? Eg forstår ønsket om ei symbolsk markering av samfunnet sitt syn på slike handlingar, men trur strengare straff er ei blindgate om ein ønskjer å førebyggja vald mot kvinner, legg han til.
Hjemdal viser til at det finst solid forsking som dokumenterer at straffelengda ikkje har nokon preventiv effekt.
Behandling eller straff
Hjemdal meiner det beste tiltaket for å redusera menns vald mot kvinner er å byggja ut behandlingstilbod for valdsutøvande menn, og fryktar at ei meir repressiv line overfor valdsutøvarane kan gjera det vanskelegare å få gehør for meir behandlingsretta tiltak.? Men treng det vera nokon motsetnad mellom betre behandlingstilbod og strengare straffar?
? Det kan alltid vera ein fare for at trugsmål om straff blir eit alternativ til behandling, og da får ein raskt dårlegare effekt av behandlinga. Behandling der trugsmål om sanksjonar ligg til grunn har vist seg å vera lite verksamt, seier Hjemdal.
Sosialt fall
Sosiologen meiner også det er ein fare for at strengare straffar kan gjera det vanskelegare å få ein del av kvinnene til i det heile å vitna i slike saker. Den vilkårslause offentlege påtalen i slike saker er avhengig av at kvinnene uttalar seg som vitne.? Strengare straffar vil gjera at det å bli tiltalt og dømd vil vera eit enda større sosialt fall enn med dagens straffenivå. Vi veit frå før at det er eit sosialt skeivt utval av valdsutøvarane som blir dømde. Eg trur svært få vellykka familiefedrar frå Bærum blir nøydde til å sona straff med strengare straffereglar, seier Hjemdal.
Han presiserer at det manglar god forsking når det gjeld den sosiale bakgrunnen for både utøvarar og offer når det gjeld menns vald mot kvinner, han uttaler seg her på grunnlag av generell kunnskap om kva for sosiale lag som er mest utsette for straffeforfølging.
Dette samsvarar også med erfaringar frå den svenske «kvinnofridsparagrafen» som førte til skjerpa straff. Heile 70 prosent av dei dømde etter denne paragrafen har tidlegare vore dømde fleire gonger for valdshandlingar.
Eitt av hovudpunkta i Kvinnevaldsutvalet sine framlegg til tiltak for å redusera menns vald mot kvinner er å heva strafferamma for slike valdshandlingar. Utvalsleiar Nita Kapoor understreka ved framlegginga av utgreiinga «Retten til et liv uten vold» torsdag at høgare straffar vil ha ein normativ verknad, og slik tena til å redusera omfanget av vald mot kvinner.
Ole Kristian Hjemdal, sosiolog og prosjektleiar ved Kompetansesenter for voldsofferarbeid, Høgskolen i Oslo, er ueinig med Kvinnevaldsutvalet.
? Eg er generelt skeptisk til straff, og har sterke motførestillingar mot heva straffenivå som tiltak for å førebyggja vald mot kvinner, seier Hjemdal til Klassekampen. ? Eg forstår ønsket om ei symbolsk markering av samfunnet sitt syn på slike handlingar, men trur strengare straff er ei blindgate om ein ønskjer å førebyggja vald mot kvinner, legg han til.
Hjemdal viser til at det finst solid forsking som dokumenterer at straffelengda ikkje har nokon preventiv effekt.
Behandling eller straff
Hjemdal meiner det beste tiltaket for å redusera menns vald mot kvinner er å byggja ut behandlingstilbod for valdsutøvande menn, og fryktar at ei meir repressiv line overfor valdsutøvarane kan gjera det vanskelegare å få gehør for meir behandlingsretta tiltak.
? Men treng det vera nokon motsetnad mellom betre behandlingstilbod og strengare straffar?
? Det kan alltid vera ein fare for at trugsmål om straff blir eit alternativ til behandling, og da får ein raskt dårlegare effekt av behandlinga. Behandling der trugsmål om sanksjonar ligg til grunn har vist seg å vera lite verksamt, seier Hjemdal.
Sosialt fall
Sosiologen meiner også det er ein fare for at strengare straffar kan gjera det vanskelegare å få ein del av kvinnene til i det heile å vitna i slike saker. Den vilkårslause offentlege påtalen i slike saker er avhengig av at kvinnene uttalar seg som vitne.
? Strengare straffar vil gjera at det å bli tiltalt og dømd vil vera eit enda større sosialt fall enn med dagens straffenivå. Vi veit frå før at det er eit sosialt skeivt utval av valdsutøvarane som blir dømde. Eg trur svært få vellykka familiefedrar frå Bærum blir nøydde til å sona straff med strengare straffereglar, seier Hjemdal.