Varslar færre bøker
Mandag 27. desember, 2004
Klassekampen har siste veka sett fokus på sakprosaens usikre framtid. Fleire har frykta at kvalitetsreforma på universiteta med større vekt på publisering i internasjonale prestisjetidsskrift, kan gå utover produksjonen av sakprosabøker for den norske ålmennmarknaden. Moderniseringsminister Morten Meyers varsel om frie prisar på universitets- og høgskulebøker frå 1. januar 2006, er heller ikkje godt nytt for sakprosaen.
Sentrale sakprosaforfattarar har frykta følgjene av desse tendensane. No er dei viktigaste forlaga òg uroa:
- Vi merker allereie at det er den internasjonale publiseringa som gjev mest kred og at undervisninga ved universiteta tek meir tid enn tidlegare. Dimed tek det lenger tid å skrive generelle sakprosabøker og det er færre som ynskjer det, seier Ingrid Ugelvik, redaktør for humanistiske fag i Universitetsforlaget.
- Kan færre utgjevingar bli resultatet?
- Ja, når ein korkje får akademisk utteljing eller tener noko særleg pengar på å skrive slike bøker, er det klart det kan bli færre utgjevingar.
Sterk tradisjon
Ugelvik er samd i påstanden som fleire har framsett om at Noreg har ein spesielt sterk og verneverdig sakprosatradisjon. Ugelvik meiner arbeidsstipenda frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) har vore avgjerande her:- Både Sverige og Danmark omset mykje norsk faglitteratur. Det heng mellom anna saman med NFF sine stipend, som gjer det mogleg for akademikarar å kjøpe seg fri. Det er heilt rett at Noreg har ein solid sakprosatradisjon og det ville vore tragisk om denne skulle øydeleggjast, seier Ugelvik.
Ugelvik viser til den lenge varsla, men framleis utsette innkjøpsordninga for sakprosa, som eit kjærkome tiltak for å redde sakprosatradisjonen:
- Ei utvida innkjøpsordning vil vere kjempeviktig for å redde bredda av norske sakprosasjangrar. Det er dessutan viktig for at folk skal få kunne lese desse bøkene. Biblioteka har i dag eit svakt utval av sakprosabøker. Det er i grunnen ei underleg litteraturprioritering at ein berre prioriterer skjønnlitteratur og nokre få essaytitlar, seier Ugelvik.
To typar
Universitetsforlaget gjev ifylgje Ugelvik grovt sett ut to typar bøker: lærebøker for høgare utdanning og allmenne sakprosabøker for opplyste lesarar. Den første gruppa vil greie seg uansett, trur Ugelvik:- Pensumbøkene vil selje uansett, eg trur heller ikkje dei vil gå ned i pris. På dette feltet konkurrerer ikkje forlaga på pris.
Men for dei generelle og smalare titlane er marginane mindre og konkurransen kan hardne til på pris:
- Den generelle sakprosaen er det ingen som tener noko særleg på i dag. Ein konsekvens av frisleppet på pris kan paradoksalt nok bli at lærebøkene vert endå dyrare for slik å finansiere dei smalare bøkene, trur Ugelvik.
Utfordring
Ester Moen, forlagssjef i Cappelen Akademisk, deler Ugelviks uro for sakprosaframtida:- Det er ille for oss at det ikkje er meir meritterande å skrive generelle fag- og lærebøker. Noreg er allereie eit lite land med omsyn til utgjevingar til den opplyste ålmenta, seier Moen.
- Er denne situasjonen noko bransjen diskuterer i desse dagar?
- Ja, heilt klårt, dette er ei stor utfordring for oss.
Det finst i dag ein eigen pott med støtte til utgjeving av lærebøker for høgare utdanning. Denne vart opphavleg foreslått fjerna i årets statsbudsjett, men vart i siste liten redda etter aktiv lobbying frå bokbransjen. Moen understreker at denne ordninga er heilt sentral for faglitteraturen:
- Den støtta har stor innverknad. Om ho forsvinn er det mange bøker, spesielt for mindre utdanningar som ikkje kan verte gjevne ut.
- Trur du det totalt vil bli utgitt færre sakprosabøker framover?
- Ja, det kan vere fare for det. I dag må ein treffe veldig breitt og få mykje mediemerksemd om ein skal tene noko særleg pengar på slike bøker. Det er allereie eit smalt område, seier Moen.
Avventer
Hans Petter Bakketeig, seniorredaktør i Gyldendal dokumentar, deler sine kollegaers bekymring:- Det som skjer på universitetsfronten og føringane for kva som er krediterande der, taler ikkje akkurat til dei generelle forlagas fordel. Det fører nok heller til tidsskriftpublikasjonar enn bøker, trur Bakketeig.
Bakketeig stadfestar at den usikre situasjonen er eit tema i Gyldendal for tida, men at dei ikkje trekk bastante konklusjonar om framtida:
- Vente og sjå, er nok haldninga i bransjen. Det er så mykje usikkerheit med pris- og konkurransesituasjonen, og om korleis universitetsreformene vil slå ut i praksis. Vi har i alle fall ingen policy om å skifte utgjevingsprofil, vi skal halde fram med å gje ut gode bøker, skryt Bakketeig.
Og til liks med Ugelvik håper Bakketeig at den utvida innkjøpsordninga for sakprosabøker snart vil vere på plass:
- Det er vel framleis delte politiske signal med omsyn til innkjøpsordninga, men vi håper at det blir moglegheit for ei slik ordning. Det vil bety mykje, avsluttar Bakketeig.
Klassekampen har siste veka sett fokus på sakprosaens usikre framtid. Fleire har frykta at kvalitetsreforma på universiteta med større vekt på publisering i internasjonale prestisjetidsskrift, kan gå utover produksjonen av sakprosabøker for den norske ålmennmarknaden. Moderniseringsminister Morten Meyers varsel om frie prisar på universitets- og høgskulebøker frå 1. januar 2006, er heller ikkje godt nytt for sakprosaen. Sentrale sakprosaforfattarar har frykta følgjene av desse tendensane. No er dei viktigaste forlaga òg uroa:- Vi merker allereie at det er den internasjonale publiseringa som gjev mest kred og at undervisninga ved universiteta tek meir tid enn tidlegare. Dimed tek det lenger tid å skrive generelle sakprosabøker og det er færre som ynskjer det, seier Ingrid Ugelvik, redaktør for humanistiske fag i Universitetsforlaget.- Kan færre utgjevingar bli resultatet?- Ja, når ein korkje får akademisk utteljing eller tener noko særleg pengar på å skrive slike bøker, er det klart det kan bli færre utgjevingar.Sterk tradisjonUgelvik er samd i påstanden som fleire har framsett om at Noreg har ein spesielt sterk og verneverdig sakprosatradisjon. Ugelvik meiner arbeidsstipenda frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) har vore avgjerande her:- Både Sverige og Danmark omset mykje norsk faglitteratur. Det heng mellom anna saman med NFF sine stipend, som gjer det mogleg for akademikarar å kjøpe seg fri. Det er heilt rett at Noreg har ein solid sakprosatradisjon og det ville vore tragisk om denne skulle øydeleggjast, seier Ugelvik.Ugelvik viser til den lenge varsla, men framleis utsette innkjøpsordninga for sakprosa, som eit kjærkome tiltak for å redde sakprosatradisjonen: - Ei utvida innkjøpsordning vil vere kjempeviktig for å redde bredda av norske sakprosasjangrar. Det er dessutan viktig for at folk skal få kunne lese desse bøkene. Biblioteka har i dag eit svakt utval av sakprosabøker. Det er i grunnen ei underleg litteraturprioritering at ein berre prioriterer skjønnlitteratur og nokre få essaytitlar, seier Ugelvik.To typarUniversitetsforlaget gjev ifylgje Ugelvik grovt sett ut to typar bøker: lærebøker for høgare utdanning og allmenne sakprosabøker for opplyste lesarar. Den første gruppa vil greie seg uansett, trur Ugelvik:- Pensumbøkene vil selje uansett, eg trur heller ikkje dei vil gå ned i pris. På dette feltet konkurrerer ikkje forlaga på pris.Men for dei generelle og smalare titlane er marginane mindre og konkurransen kan hardne til på pris:- Den generelle sakprosaen er det ingen som tener noko særleg på i dag. Ein konsekvens av frisleppet på pris kan paradoksalt nok bli at lærebøkene vert endå dyrare for slik å finansiere dei smalare bøkene, trur Ugelvik.UtfordringEster Moen, forlagssjef i Cappelen Akademisk, deler Ugelviks uro for sakprosaframtida:- Det er ille for oss at det ikkje er meir meritterande å skrive generelle fag- og lærebøker. Noreg er allereie eit lite land med omsyn til utgjevingar til den opplyste ålmenta, seier Moen.- Er denne situasjonen noko bransjen diskuterer i desse dagar?- Ja, heilt klårt, dette er ei stor utfordring for oss.Det finst i dag ein eigen pott med støtte til utgjeving av lærebøker for høgare utdanning. Denne vart opphavleg foreslått fjerna i årets statsbudsjett, men vart i siste liten redda etter aktiv lobbying frå bokbransjen. Moen understreker at denne ordninga er heilt sentral for faglitteraturen:- Den støtta har stor innverknad. Om ho forsvinn er det mange bøker, spesielt for mindre utdanningar som ikkje kan verte gjevne ut. - Trur du det totalt vil bli utgitt færre sakprosabøker framover?- Ja, det kan vere fare for det. I dag må ein treffe veldig breitt og få mykje mediemerksemd om ein skal tene noko særleg pengar på slike bøker. Det er allereie eit smalt område, seier Moen.AvventerHans Petter Bakketeig, seniorredaktør i Gyldendal dokumentar, deler sine kollegaers bekymring:- Det som skjer på universitetsfronten og føringane for kva som er krediterande der, taler ikkje akkurat til dei generelle forlagas fordel. Det fører nok heller til tidsskriftpublikasjonar enn bøker, trur Bakketeig.Bakketeig stadfestar at den usikre situasjonen er eit tema i Gyldendal for tida, men at dei ikkje trekk bastante konklusjonar om framtida:- Vente og sjå, er nok haldninga i bransjen. Det er så mykje usikkerheit med pris- og konkurransesituasjonen, og om korleis universitetsreformene vil slå ut i praksis. Vi har i alle fall ingen policy om å skifte utgjevingsprofil, vi skal halde fram med å gje ut gode bøker, skryt Bakketeig.Og til liks med Ugelvik håper Bakketeig at den utvida innkjøpsordninga for sakprosabøker snart vil vere på plass:- Det er vel framleis delte politiske signal med omsyn til innkjøpsordninga, men vi håper at det blir moglegheit for ei slik ordning. Det vil bety mykje, avsluttar Bakketeig.









