Julebrusrus

Fredag 24. desember, 2004
Alkoholrusen har fleire stadium. Dei fleste gode. I det fyrste stadiet lyttar du til samtalen, du får auka sjølvtillit og kjem med kommentarar, eigne analysar i spedd nokre morosame meldingar. Nokre glas til og du lyttar framleis til samtalen, no ikkje så mykje for å få med deg alt som vert sagt, men for å finne eit punkt der du kan ta over ordet og halde på det. Du kjenner deg klok og kreativ. Etterkvart bryt fellessamtalen saman, mengda bryt opp i mindre klikkar. Du hamnar på tomannshand med nokon og kan mimre eller verte sentimental. Så er samveret over, og du tek eit ekstra glas for å få sove. Alkoholen har vore ein venn i kveld òg.
Det er ikkje mykje gale i dette. Rusen har fylgt menneska i heile vår historie. Det ser ut som mange av oss treng denne fristaden til å endre åtferd og personlegdom. Jula er ei fritid der vi kan nyte denne fristaden - ofte. Men så var det dette med endringane. Eg, til liks med dei fleste vaksne, meiner at nett mi barndomsjul var den beste som tenkjast kunne. Eg voks opp på ein stor gard, med kyr, sauer, hest, stabbur, vedhus, fuglar, snø, heimelaga kjøtmat, mange eldre sysken, besteforeldre i fyrste høgda og orgel i andre. Og jula starta aldri før klokka fem den 24. desember. Fram til då var det kvardag. Overgangen som kyrkjeklokkene varsla, var fantastisk.
Ein gong skar det seg rett nok. Det var det året den nærmaste systera mi hadde ala opp eit flaskelam heile våren og sommaren. I staden for å vere på fjellet hadde lammet gått nede med husa. Systera mi kalla det Laila. Så kom julaftan. Vi sat og åt julemiddagen, far tok ein slurk blåbærsaft og kom så med ein av desse saksopplysningane han brukte å kome med: - Ja, ja, no et vi Laila.
Far var ingen stor psykolog. Han levde for ofte under den illusjonen at reine saksopplysningar var kontekstfrie. Men vi borna visste det: Som han var på julaftan, var han resten av året òg. Far endra sjeldan personlegdom eller oppførte seg annleis. I ettertid har eg kome til at dei verste juleminna er dei eg ikkje fekk. Dei vaksne i familien var nemleg edru i jula. Rett nok var truleg ikkje det nokon stor prestasjon for dei, sett i lys av at dei alltid var edru.
Born treng stabilitet frå vaksne, dei treng å øve seg i samvær med både formelle og uformelle vaksenroller. Skal dei ha glede og utbytte av dette samværet, må dei føle seg trygge. Og dei må lære seg å føreseie kva slags åtferd dei vaksne vil ha i ulike situasjonar. For mange born er ikkje framferda til dei vaksne føreseieleg i jula. I år har alkokutt rekna med at godt over 100.000 born vil få problem grunna rusmisbruken til dei vaksne. I desember i år har vi brukt 240 millionar kroner meir på alkohol enn vi gjorde i fjor. Vi har kjøpt over ni millionar liter alkoholhaldig drikke. Av dette er godt over fem millionar liter raudvin, nærare ein halv million liter akevitt.
Dei fleste av oss trur - vil tru - at ein moderat alkoholbruk hjå dei vaksne ikkje gjer borna noko. Det er feil. Mange forskingsprosjekt syner at det berre skal ei par alkoholeiningar til før vi endrar såpass mykje åtferd at borna våre legg merke til det. Tenk attende til din eigen barndom, fans det noko meir pinsamt enn vaksne som endre åtferd, log litt høgre eller fortalde dårlege vitsar?
Det er berre å innsjå. Jula er ikkje til for dei vaksne. Jula er til for borna. Då skal dei få vere lenge oppe, ha det kjekt og oppleve at foreldra har stått opp når dei sjølve står opp. Og ikkje minst: Aktivitetane borna vil at dei vaksne skal vere med på, skal dei vaksne vere med på - utan å vere irriterte. Det er ikkje kjekt å vere i skiløypa i bakrus. Dessutan er alkohol dyrt. Du sparar pengar om du held deg edru. Desse pengane kan du gje til Blåkrossen.
Trøst deg og med at du berre treng å vere edru i jula i ein 15-20 år. Når borna er vaksne, kan drikkinga byrje att.
God jul. Og til dei som ikkje har born under 18 - skål.
Alkoholrusen har fleire stadium. Dei fleste gode. I det fyrste stadiet lyttar du til samtalen, du får auka sjølvtillit og kjem med kommentarar, eigne analysar i spedd nokre morosame meldingar. Nokre glas til og du lyttar framleis til samtalen, no ikkje så mykje for å få med deg alt som vert sagt, men for å finne eit punkt der du kan ta over ordet og halde på det. Du kjenner deg klok og kreativ. Etterkvart bryt fellessamtalen saman, mengda bryt opp i mindre klikkar. Du hamnar på tomannshand med nokon og kan mimre eller verte sentimental. Så er samveret over, og du tek eit ekstra glas for å få sove. Alkoholen har vore ein venn i kveld òg. Det er ikkje mykje gale i dette. Rusen har fylgt menneska i heile vår historie. Det ser ut som mange av oss treng denne fristaden til å endre åtferd og personlegdom. Jula er ei fritid der vi kan nyte denne fristaden - ofte. Men så var det dette med endringane. Eg, til liks med dei fleste vaksne, meiner at nett mi barndomsjul var den beste som tenkjast kunne. Eg voks opp på ein stor gard, med kyr, sauer, hest, stabbur, vedhus, fuglar, snø, heimelaga kjøtmat, mange eldre sysken, besteforeldre i fyrste høgda og orgel i andre. Og jula starta aldri før klokka fem den 24. desember. Fram til då var det kvardag. Overgangen som kyrkjeklokkene varsla, var fantastisk. Ein gong skar det seg rett nok. Det var det året den nærmaste systera mi hadde ala opp eit flaskelam heile våren og sommaren. I staden for å vere på fjellet hadde lammet gått nede med husa. Systera mi kalla det Laila. Så kom julaftan. Vi sat og åt julemiddagen, far tok ein slurk blåbærsaft og kom så med ein av desse saksopplysningane han brukte å kome med: - Ja, ja, no et vi Laila.Far var ingen stor psykolog. Han levde for ofte under den illusjonen at reine saksopplysningar var kontekstfrie. Men vi borna visste det: Som han var på julaftan, var han resten av året òg. Far endra sjeldan personlegdom eller oppførte seg annleis. I ettertid har eg kome til at dei verste juleminna er dei eg ikkje fekk. Dei vaksne i familien var nemleg edru i jula. Rett nok var truleg ikkje det nokon stor prestasjon for dei, sett i lys av at dei alltid var edru. Born treng stabilitet frå vaksne, dei treng å øve seg i samvær med både formelle og uformelle vaksenroller. Skal dei ha glede og utbytte av dette samværet, må dei føle seg trygge. Og dei må lære seg å føreseie kva slags åtferd dei vaksne vil ha i ulike situasjonar. For mange born er ikkje framferda til dei vaksne føreseieleg i jula. I år har alkokutt rekna med at godt over 100.000 born vil få problem grunna rusmisbruken til dei vaksne. I desember i år har vi brukt 240 millionar kroner meir på alkohol enn vi gjorde i fjor. Vi har kjøpt over ni millionar liter alkoholhaldig drikke. Av dette er godt over fem millionar liter raudvin, nærare ein halv million liter akevitt. Dei fleste av oss trur - vil tru - at ein moderat alkoholbruk hjå dei vaksne ikkje gjer borna noko. Det er feil. Mange forskingsprosjekt syner at det berre skal ei par alkoholeiningar til før vi endrar såpass mykje åtferd at borna våre legg merke til det. Tenk attende til din eigen barndom, fans det noko meir pinsamt enn vaksne som endre åtferd, log litt høgre eller fortalde dårlege vitsar? Det er berre å innsjå. Jula er ikkje til for dei vaksne. Jula er til for borna. Då skal dei få vere lenge oppe, ha det kjekt og oppleve at foreldra har stått opp når dei sjølve står opp. Og ikkje minst: Aktivitetane borna vil at dei vaksne skal vere med på, skal dei vaksne vere med på - utan å vere irriterte. Det er ikkje kjekt å vere i skiløypa i bakrus. Dessutan er alkohol dyrt. Du sparar pengar om du held deg edru. Desse pengane kan du gje til Blåkrossen.Trøst deg og med at du berre treng å vere edru i jula i ein 15-20 år. Når borna er vaksne, kan drikkinga byrje att. God jul. Og til dei som ikkje har born under 18 - skål.









