Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Kultur & medier
Torsdag 23. desember, 2004

Klare for kamp

Torsdag 23. desember, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- No må det vere nok marknadstenking. Vi treng ordningar som tek vare på den ikkje-kommersielle sakprosaen, seier Rune Ottosen.

I gårsdagens Klassekampen uttrykte sakprosaprofessor Johan Tønnesson uro for sakprosaens framtid. Rune Ottosen som er leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), deler uroa. Ottosen har sete i styret for NFF i snart seks år og han synest vilkåra for sakprosaen er radikalt forverra i denne perioden:

- På universitets- og høgskulesektoren har marknadstenkinga slått mykje sterkare inn. Vi må no slåss for å ta vare på dei systema som er kulturpolitisk og utdanningspolitisk funderte, seier Ottosen.

NFF har i haust engasjert seg sterkt i å bevare støtteordninga for lærebøker til høgare utdanning, som opphavleg var foreslått stroken frå statsbudsjettet. Saman med forlaga lukkast foreininga i siste liten med å redde ein redusert bevilgning, men Ottosen ser likevel framlegget som eit signal om tøffare tider for sakprosaen.

- Det er absolutt eit signal om det. Vi treng nettopp denne type ordningar som ivaretar den ikkje-kommersielle litteraturen, seier Ottosen.

Formidling

I samband med den såkalla kvalitetsreforma ved universiteta blir finaniseringssystemet for institutta endra. Målet er å i større grad oppmuntre til internasjonal publisering.

Mange fryktar at dette vil føre til at universitetstilsette ikkje kan ta seg tid til å skrive formidlingsbøker for ålmennmarknaden. Ottosen er mellom dei som er redde for desse konsekvensane av reformene:

- Vi i NFF er svært opptekne av formidling. Stipendordninga til det faglitterære fond tillèt ikkje støtte til rein forsking. Vi prioriterer lærebøker og generell faglitteratur. Det seier seg sjølv at vi er opptekne av denne problematikken når vi har organisert stipenda på denne måten, seier Ottosen.

- Trur du NFF vil få færre søknader i åra som kjem?

- Eg håper ikkje det, men folk kan sjølvsagt bli desillusjonerte om dei ser at ordningane forsvinn. Det er viktig med alle tiltak som kan stimulere produksjon av norsk pensum- og faglitteratur i ein periode der engelsk meir og meir tek overhand, seier Ottosen.

Fripris

Det er mange trekk i tida som talar for tøffare tider for sakprosaen. I tillegg til reformene ved universiteta varsla moderniseringsminister Morten A. Meyer nyleg at det frå 1. januar 2006 vil vere fripris på bøker i universitets- og høgskulesektoren.

Meyer gjekk dimed utover det partane vart samde om i bokbransjeavtalen, og brukte si makt til å trumfe gjennom ein slik fripris. Ottosen likte dette dårleg:

- Vi er for faste bokprisar og går inn for ei lov om fastpris. Vi trur konsekvensen av desse nye rabattordningane vil bli at det blir mindre spelerom for den smalare litteraturen. Rabattane vil gjelde bestseljarane som klarer seg godt frå før. Og Meyer sa heilt feilaktig at bransjen stod bak denne utvidinga til å omfatte universitets- og høgskulesektoren. Dette var eit overraskande utspel frå Meyer og det er skuffande at han framstiller det som uproblematisk, seier Ottosen, som meiner universitets- og høgskulebøker er spesielt sårbare for frislepp på pris:

- Det er så mykje smal litteratur i denne kategorien som ein må sikre gjennom stimuleringstiltak og i alle fall ikkje utsetje for meir marknadspress.

Sterk tradisjon

Rune Ottosen meiner vi har ein sterk sakprosatradisjon i Noreg, og at det dimed er mykje som står på spel i åra som kjem:

- Samanlikna med dei andre nordiske landa står interessekampen for faglitteratur sterkare i Noreg enn i dei fleste land. Våre nordiske kollegaer er misunnelege på den sterke organiseringa av faglitterære forfattarar i Noreg.

- Så organisatorisk er de godt rusta for kampane som kjem?

- Ja, vi er budde på å ta denne kampen.

Ikkje vitskap

Ein sentral mann i den sterke norske sakprosatradisjonen er professor i idéhistorie Trond Berg Eriksen. Berg Eriksen, som òg er uroa for sakprosaens framtid, presiserer at formidling ikkje berre gjeld frå akademia og ut til ålmenta, men at formidlinga òg er viktig for sjølve vitskapssamfunnet:

- Dei ulike faga må òg forenkle sine funn for kvarandre. Ein biolog skjøner ikkje utan vidare kva ein fysikar seier. Difor er popularisering i dag ikkje berre lærdomsdrypp ovanfrå og ned til lekfolka, men òg ei utstrekt hand til dei som driv beslekta vitskapar. Den nye populariseringa inspirerer ny forsking ved å gjere fagområda tilgjengelege for kvarandre, seier Berg Eriksen.

Og Berg Eriksen er uroa for framtida til denne type formidling:

- Kvalitetsreforma er fullstendig feilslått i belønningskriteria sine, fordi ho ikkje forstår kor viktig formidlinga er som bindeledd mellom ulike spesialiseringar.

Berg Eriksen meiner heile ideen om å snakke om popularisering av vitskap er henta frå det naturvitskaplege feltet, og passar dårleg for dei humanistiske faga:

- Humanvitskapane driv mellom anna med tradisjonsformidling. Difor er forståelegheit eit spørsmål om vere eller ikkje-vere for humanvitskapane. Og ein kan jo ikkje formidle tradisjonar i eit språk og på ein måte ingen forstår. Eg seier som Francis Sejersted: Eg har aldri skrive ei line vitskap om vi legg kvalitetsreformas vitskapsomgrep til grunn. Dette omgrepet utelukkar faktisk all humanistisk forsking som har karakter av tradisjonsformidling.

Universitetets idé

Trond Berg Eriksen meiner kvalitetsreforma ved universiteta er på kollisjonskurs med sjølve universitetets idé:

- Kvalitetsreformas vitskapsforståing kolliderer med ideen om universitetet som ein plass der dei same personane driv forsking og undervisning. Det er eit av universitetets sentrale kjenneteikn at undervisninga drivast av dei som kjenner sakene, og ikkje berre av dei som kjenner informasjonen frå andres bøker. Det finst ingen universitetsundervisning utan forsking. Men det finst heller ingen universitetsforsking i streng forstand utan undervisning. Denne koplinga har gått kremmarsjelene hus forbi. Å sjå på undervisning og forsking, popularisering og vitskap som åtskilde spesialitetar er det same som å gje opp universitetsideen, avsluttar Berg Eriksen.

Innenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT