Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Kultur & medier
Onsdag 22. desember, 2004

Kjempar for sakprosaen

Onsdag 22. desember, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Den norske sakprosaen står framfor nokre heilt avgjerande skjebneår, meiner verdas einaste sakprosaprofessor, Johan L. Tønnesson.

Universitets- og høgskulesektoren har dei siste åra vore gjennom ei rekkje reformer. Ei av dei går ut på å reformere finansieringsordninga for dei ulike institutta. Målet er å opprette økonomiske incentiv som i større grad oppmuntrar til publisering i internasjonale vitskaplege tidsskrift. Få er usamde i at det er viktig med slik vitskapleg publisering, men mange fryktar for den allmenne sakprosaen si rolle. Vil universitets- og høgskuletilsette framleis kunne skrive engasjerande og forklårande bøker for ålmenta? Eller kan dei berre prioritere avanserte fagartiklar for kollegaer i internasjonale tidsskrift?

Ein av dei som er bekymra for sakprosaens framtid er Johan L. Tønnesson, som frå 1. januar tiltrer verdas fyrste professorat i sakprosa, ved Universitetet i Oslo:

- Om ein berre satsar på at internasjonal publisering er det som skal premierast, vil ein få ei langt dårlegare deltaking i offentlegheita frå universitetstilsette. Det vil i så fall vere eit svik mot vitskapen sitt samfunnsansvar, seier Tønnesson.

Kritikk

Tradisjonelt er universitetet si samfunnsoppgåve oppfatta som ei tredelt oppgåve: forsking, utdanning og formidling. Og som sakprosamann brenn Tønnesson for formidlingsbiten:

- Vitskapens ethos, om eg kan få bruke eit slikt uttrykk, er den uavlatelege kritikken. Ei slik kritisk verksemd er vitskapens privilegium og noko vitskapen har å tilby det offentlege ordskiftet, seier Tønnesson, og viser til vinterens universitetsdebatt i Aftenposten som eit godt døme:

- Ta Arne Johan Vetlesen som eit døme. Han bruker i denne debatten sin moralfilosofiske kompetanse til å kritisere reformene ved universitetet, altså sitt eige firma, i nådelause ordelag. Ei slik rolle må universitetstilsette kunne spele i offentlegheita, seier Tønnesson.

Men for at akademikarar skal kunne prioritere deltaking i offentleg debatt, og kunne skrive bøker for ålmennmarknaden, må dei politiske rammevilkåra vere tilstades. Tønnesson synest det var urovekkande i så måte at den statlege støtteordninga for lærebøker var svært nære ved å bli droppa ved neste års statsbudsjett. Aktiv lobbying frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening redda ordninga i siste liten:

- Det er tankevekkande at det ikkje fanst kontrollinstansar i embetsverket som skjønte dei kulturpolitiske konsekvensane av det forslaget, seier Tønnesson.

Tønnesson oppfattar denne saka, samt utfallet av den lenge varsla, men stadig utsette innkjøpsordninga for sakprosa, som viktige prøvesteinar på kor vidt styresmaktene skjønner sakprosaens betydning.

- Vi står framfor spanande tider, òg med tanke på stortingsvalet. Eg er spent på om ei eventuell raudgrøn regjering vil arbeide meir offensivt for norsk sakprosa.

Tidsskrift

Universitets- og høgskulerådet var i november i år ferdig med ei utgreiing der dei foreslår eit opplegg for korleis ein skal vekte ulike forskingsbidrag, når pengepotten skal fordelast. Rådet foreslår at ein artikkel i eit av dei høgast verdsette internasjonale tidsskrifta skal telje fem gonger så mykje som i eit godkjend nasjonalt tidsskrift. Og litt meir enn ei heil bok, dersom boka er gitt ut på eit norsk forlag. Ei bok på eit av dei tyngste internasjonale forlaga vil sjølvsagt telje endå meir.

Av aksepterte norske tidsskrift har rådet - under tvil - kome fram til at artiklar i Nytt Norsk Tidsskrift kan reknast som vitskaplege publikasjonar, medan artiklar i til dømes Samtiden og Syn og Segn ikkje får telje. Tønnesson er nøgd med desse vurderingane:

- Det er veldig bra at Nytt Norsk Tidsskrift er inkludert. Det viser at rådet har akseptert ei vidare forståing av kva vitskap er, og ikkje berre lagt den tradisjonelle naturvitskaplege forståinga til grunn.

Ny utgreiing

Rådet skil mellom vitskap og formidling, og har i fyrste omgang berre forsøkt å definere kva som kan reknast som vitskaplege publikasjonar. Tradisjonelle formidlingsbøker for ålmenta og formidling i andre kanalar har dimed falle utanfor mandatet. Difor skal Universitets- og høgskulerådet no starte ei eiga utgreiing som skal sjå på formidlingsbiten og korleis ein økonomisk kan oppmuntre òg til denne type verksemd. Tønnesson er svært spent på denne utgreiinga og trur sakprosaen kan stå framfor nokre skjebneår:

- Formidlinga har alltid vore ein bittelillebror når linene for framtidig forskingspolitikk skal trekkast opp. På dette feltet kunne Noreg vore pionerar. I staden for berre å vere servile og flinke i forhold til dei internasjonale forpliktingane, kunne vi ha oppmuntra til kvalitetsmessig god formidling. Det er bra at vi skjerpar krava til internasjonal publisering, men parallelt må vi sikre ordningar som oppmuntrar til formidling, seier Tønnesson.

Og Tønnesson skriv seg inn i ein lang universitetstradisjon når han insisterer på dei universitetstilsettes samfunnsansvar:

- Det er ikkje originalt å hevde at forskarar må spele ei rolle i offentlegheita og ikkje berre publisere i esoteriske tidsskrift, men no er vi i den situasjonen at om vi ikkje utviklar incentiv som kan ivareta denne funksjonen, så vil forskarane tvingast til berre å tenke på internasjonal publisering. Vi vil kunne få ein situasjon der jamvel undervisninga i stort monn vert overteke av andre og der eit eige sjikt med profesjonelle informasjonsarbeidarar får heile ansvaret for populær formidling på heiltid, fryktar Tønnesson.

Sterk tradisjon

Sjølve omgrepet «sakprosa» er ei sær-skandinavisk oppfinning. Engelsk og tysk har ikkje noko tilsvarande fellesomgrep og engelskmennene må operere med det lausare «non-fictional prose» når dei vil snakke om sakprosa. Og sakprosaen har lenge stått sterkt i Noreg:

- Den norske sakprosatradisjonen står tradisjonelt sterkt. Omgrepets sterke posisjon i Noreg heng saman med tradisjonar frå den skandinaviske arbeidarrørsla, der ein la vekt på å utvikle tekstar som ikkje var skrivne inn i elitanes sjangrar. Dessutan fekk vi innan akademia ein veldig reaksjon etter andre verdskrigen mot den mest svulstige humanismen. Akademikarar med Arne Næss i spissen dyrka den nøkterne sakprosaen, sidan har sakprosapaletten igjen blitt større, seier Tønnesson.

Om denne tradisjonen vil stå like sterkt i framtida, kan altså bli avgjort i løpet av dei nærmaste åra. Og Tønnesson oppfordrar norske akademikarar til å engasjere seg i kampen:

- Det er viktig å ikkje vere defaitistisk og berre beklage alt det vonde i verda. Om ikkje sakprosaforfattarane er aktive i desse debattane, er det dei sjølve og den offentlege debatten som blir skadelidande.

Innenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT