Stort kutt frå Ap
Lørdag 18. desember, 2004
Med å lova å verna tenestepensjonane i offentleg sektor meiner mange at programkomitéen i Arbeidarpartiet har innfridd eitt av LO sine hovudkrav. Men da Jens Stoltenberg torsdag presenterte programkomitéen sitt pensjonsopplegg, gjorde han det også klart at tenestepensjonane skal regulerast i takt med auka levealder (delingstal).
Dette gir dramatiske utslag på det som skulle gi ein pensjon tilsvarande to tredelar av sluttlønna. Siviløkonom og leiar i Raud Valallianse (RV), Torstein Dahle, viser med eit rekneeksempel at bruk av delingstal for ein som går av med pensjon i 2050 vil redusera tenestepensjonen frå 66 prosent til 54 prosent. Det reelle kuttet i pensjonen vil dermed vera på 18 prosent.
Taper 65.000 i året
Rekneeksemplet tar utgangspunkt i «Miss Pensjona» som i dag er 21 år og vil gå av med pensjon 67 år gammal i 2050. Ho har i 2010, når det nye systemet er venta å tre i kraft, ei årslønn på 300.000 kroner. Med den reallønnsveksten regjeringa har gått ut frå, 1,5 prosent per år, vil ho i 2050 ha ei reallønn på 544.000 kroner. Med folketrygd og tenestepensjon på 66 prosent skulle årleg pensjon i 2050 bli 359.000 kroner.Med den auken i forventa levealder Pensjonskommisjonen reknar med, vil ein 67-åring i 2050 i snitt ha 22 år att å leva, mot berre 18 år for 67-åringen i 2010. Ordninga med delingstal vil gjera at pensjonen blir 293.700 i året istadenfor 359.000 kroner. Det vil seia 54 prosent, ikkje 66 prosent, av sluttlønna på 544.000 kroner.
- Å kalla dette vern av tenestepensjonane er rein pensjonssvindel frå Ap si side. Det er det same som om ein skulle seia til folk i dag at de skal få pensjonar i dag som tilsvarar det folk hadde i lønn i 1964, og det må de vera glade for, det er mykje meir enn det folk fekk i pensjon i 1964, seier Dahle.
- Heilt uakseptabelt
Bente G. H. Slaatten, leiar for Norsk sykepleierforbund (NSF), avviser framlegget frå Ap.- Bruttopensjonen er kjempeviktig. Tar ein i bruk delingstal, tar ein vekk heile grunnlaget for dei offentlege pensjonsordningane, og kamuflerer samtidig at dette er ein kraftig reduksjon, seier Slaatten til Klassekampen.
- Stoltenberg seier at ein berre må jobba litt lenger for å få same pensjon som med dagens ordning?
- Det hjelper ingenting. Våre medlemmer har rett til å gå av ved 62 år. Det gjer at mange bit tennene saman for å halda ut så lenge. Men tilbakemeldinga er klar. Blir pensjonsalderen auka, kjem dei likevel ikkje til å orka å stå lenger i jobb, seier NSF-leiaren.
- Svært underleg om Fagforbundet og andre LO-organisasjonar i offentleg sektor kan godta dette, legg ho til.
- Bit på agnet
Anders Folkestad, leiar i Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon (UHO), minner om at det er fleire måtar å finansiera framtidige pensjonar på.- Det verkar som regjeringa har lykkast med sin strategi. Stoltenberg uttaler seg litt uklart, men er veldig nær å bita på det agnet som gjer tenestepensjonen til ein føresetnad for heile pensjonsreforma. Dette gir ikkje det vernet om tenestepensjonane som Ap prøver å selja ut.
- I UHO er vi framleis sikre på at det er viktig å satsa på folketrygda, og at besteårsregelen er verd å kjempa for. Den vil vera verdfull for mange, ikkje minst for kvinner, sjølv om den også er bra for ein del menn, seier Folkestad.
@sitat:«Svært underleg om Fagforbundet og andre LO-organisasjonar i offentleg sektor kan godta dette»Bente G. H. Slaatten, Sykepleierforbundet@Med å lova å verna tenestepensjonane i offentleg sektor meiner mange at programkomitéen i Arbeidarpartiet har innfridd eitt av LO sine hovudkrav. Men da Jens Stoltenberg torsdag presenterte programkomitéen sitt pensjonsopplegg, gjorde han det også klart at tenestepensjonane skal regulerast i takt med auka levealder (delingstal).
Dette gir dramatiske utslag på det som skulle gi ein pensjon tilsvarande to tredelar av sluttlønna. Siviløkonom og leiar i Raud Valallianse (RV), Torstein Dahle, viser med eit rekneeksempel at bruk av delingstal for ein som går av med pensjon i 2050 vil redusera tenestepensjonen frå 66 prosent til 54 prosent. Det reelle kuttet i pensjonen vil dermed vera på 18 prosent.
Taper 65.000 i året
Rekneeksemplet tar utgangspunkt i «Miss Pensjona» som i dag er 21 år og vil gå av med pensjon 67 år gammal i 2050. Ho har i 2010, når det nye systemet er venta å tre i kraft, ei årslønn på 300.000 kroner. Med den reallønnsveksten regjeringa har gått ut frå, 1,5 prosent per år, vil ho i 2050 ha ei reallønn på 544.000 kroner. Med folketrygd og tenestepensjon på 66 prosent skulle årleg pensjon i 2050 bli 359.000 kroner.
Med den auken i forventa levealder Pensjonskommisjonen reknar med, vil ein 67-åring i 2050 i snitt ha 22 år att å leva, mot berre 18 år for 67-åringen i 2010. Ordninga med delingstal vil gjera at pensjonen blir 293.700 i året istadenfor 359.000 kroner. Det vil seia 54 prosent, ikkje 66 prosent, av sluttlønna på 544.000 kroner.
- Å kalla dette vern av tenestepensjonane er rein pensjonssvindel frå Ap si side. Det er det same som om ein skulle seia til folk i dag at de skal få pensjonar i dag som tilsvarar det folk hadde i lønn i 1964, og det må de vera glade for, det er mykje meir enn det folk fekk i pensjon i 1964, seier Dahle.
- Heilt uakseptabelt
Bente G. H. Slaatten, leiar for Norsk sykepleierforbund (NSF), avviser framlegget frå Ap.
- Bruttopensjonen er kjempeviktig. Tar ein i bruk delingstal, tar ein vekk heile grunnlaget for dei offentlege pensjonsordningane, og kamuflerer samtidig at dette er ein kraftig reduksjon, seier Slaatten til Klassekampen.
- Stoltenberg seier at ein berre må jobba litt lenger for å få same pensjon som med dagens ordning?
- Det hjelper ingenting. Våre medlemmer har rett til å gå av ved 62 år. Det gjer at mange bit tennene saman for å halda ut så lenge. Men tilbakemeldinga er klar. Blir pensjonsalderen auka, kjem dei likevel ikkje til å orka å stå lenger i jobb, seier NSF-leiaren.
- Svært underleg om Fagforbundet og andre LO-organisasjonar i offentleg sektor kan godta dette, legg ho til.
- Bit på agnet
Anders Folkestad, leiar i Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon (UHO), minner om at det er fleire måtar å finansiera framtidige pensjonar på.
- Det verkar som regjeringa har lykkast med sin strategi. Stoltenberg uttaler seg litt uklart, men er veldig nær å bita på det agnet som gjer tenestepensjonen til ein føresetnad for heile pensjonsreforma. Dette gir ikkje det vernet om tenestepensjonane som Ap prøver å selja ut.
- I UHO er vi framleis sikre på at det er viktig å satsa på folketrygda, og at besteårsregelen er verd å kjempa for. Den vil vera verdfull for mange, ikkje minst for kvinner, sjølv om den også er bra for ein del menn, seier Folkestad.
@sitat:«Svært underleg om Fagforbundet og andre LO-organisasjonar i offentleg sektor kan godta dette»
Bente G. H. Slaatten, Sykepleierforbundet
@










