Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Kultur & medier
Onsdag 15. desember, 2004

– Katastrofalt frislepp

Onsdag 15. desember, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Frisleppet på bokprisar frå nyttår er katastrofalt, meiner Eva Thorsen i Tronsmo bokhandel. Men daglegvarehandelen gler seg.

Måndag vart det klart at moderniseringsminister Morten Meyer vil oppheve fastprisen på skjønnlitterære bøker allereie frå nyttår. Frå og med 1. januar skal òg bokhandlarar og andre forhandlarar kunne selje bøker med opptil 25 prosent rabatt, slik bokklubbane fram til no har hatt som privilegium. Det har lenge vore klart at fastprisen stod for fall, men Meyer overraska eit samla Bok-Noreg då han varsla at ordninga vil trå i kraft alt om 14 dagar.

I gårsdagens Dagens Næringsliv grunngav Meyer den raske endringa med omsynet til mindre og uavhengige bokhandlarar. Eva Thorsen, dagleg leiar i den uavhengige Tronsmo bokhandel, trur knapt det ho høyrer:

- Eg lurer på kva Meyer eigentleg veit om bokbransjen. Å frisleppe prisane vil ikkje gagne ein einaste liten bokhandel, meiner Thorsen, som har lite godt å seie om moderniseringsministeren:

- Fyrste gong eg høyrde tittelen hans, var eg sikker på at det var ein spøk. Men om det er moderne å vere ein idiot, er han vel på rett plass.

Ikkje margin

Tronsmo bokhandel kan altså konkurrere med bokklubbane på pris frå og med nyttår. Problemet er at bokhandelen ikkje har ein økonomisk margin som gjer det mogleg å setje ned prisane, sjølv om det no er lovleg:

- Med mindre forlaga har tenkt å gje oss større rabattar har vi slett ikkje moglegheit for å redusere prisane, seier Thorsen.

- Vil de ikkje redusere prisen på ein einaste boktittel?

- Kanskje vi kan gjere det på ein og annan tittel, men ikkje mange. Og den samla konsekvensen kjem til å verte at ein driv kundane frå den eine butikken til den andre som piska rotter, for å samanlikne prisen på dei ulike bøkene, seier Thorsen, som meiner at bokhandlarane burde konkurrere på heilt andre felt enn pris:

- Bokhandlarar skal konkurrere på service, kunnskap og tilgjengelegheit, meiner Thorsen.

Bestseljarar

I Sverige har ein hatt frie prisar i snart 30 år. Og Eva Thorsen, som sjølv er svensk, reknar med vi vil sjå den same utviklinga i den norske bokmarknaden som vi allereie har sett i Sverige:

- Vi kjem til å få nokre få bestseljarar som blir billege og tilgjengelege i daglegvarebutikkane, medan dei gode, smalare romanane druknar heilt. I Sverige kan ein få kjøpt Liza Marklund absolutt overalt, i matbutikken, i kiosken og på posten. Slik kjem det til å bli her òg; vi kjem til å bli eit Da Vinci-land, seier Thorsen.

Thorsen trur heller ikkje på tesen om at billege bøker skal gjere fleire glade i å lese:

- Leseundersøkingar i Sverige har vist at dei som las mykje frå før, les endå meir med lågare prisar. Men det har ikkje fått nye grupper til å lese. Det er ikkje prisen på bøkene som held folk unna litteraturen, trur Thorsen, som heller ikkje er imponert over timinga til regjeringa, med vedtak og offentleggjering midt i det travle førjulssalet:

- Vi er sjølvsagt usikre på korleis denne nyheita vil påverke julesalet. Men om kundane trur at alle skjønnlitterære bøker kjem til å verte 25 prosent billegare etter nyttår, tek dei feil, seier Thorsen.

Forvirring

Gründer av internett-suksessen Haugen bok, Harald Haugen, har tidlegare vore positiv til liberalisering av bokbransjen. Mange spår at det nettopp er internettsalet og daglegvaresalet som vil tene mest på reforma. Haugen er likevel kritisk til måten Meyer har handtert denne saka:

- Tenk å kome med dette ti dagar før julafta; nei hjelpe meg!, utbryt Haugen til Klassekampen. Han synest handsaminga av saka vitnar om dårleg politisk handverk:

- Det er forvirrande for alle som skal leve av bøker i Noreg, når ein statsråd er så lite intelligent at han kjem med dette 14 dagar før reforma skal trå i kraft, seier Haugen, som til liks med Thorsen er uroa for konsekvensen for julesalet:

- No er vi midt i julesalet, der forlag og forfattarar skal leggje det økonomiske grunnlaget for neste år, og så kjem regjeringa med eit utspel som lagar total forvirring for alle involverte, seier Haugen, som sjølv er forvirra med omsyn til korleis dette vil slå ut.

- Om eg får ei bok til jul som er kjøpt hjå deg, kan eg då byte ho etter jul med 25 prosent avslag?

- Eg veit ikkje, eg kan svare deg så snart eg veit korleis dette blir.

- Men er ikkje dette ei relevant problemstilling for mange av kundane dine?

- Jo, men vi lurer òg på dette.

Glede i Ica

Om reforma kjem bardust på internett-salet er det berre glede å spore i daglegvarehandelen. Terje Gulbrandsen, informasjonssjef i Ica Noreg, gler seg over at Ica framover kan selje fleire bøker i butikkane sine:

- I vår avdeling på Sjølyst i Oslo har vi allereie ei eiga bokavdeling i butikken, og dette er eit konsept vi vil satse meir på framover, seier Gulbrandsen, som på måndag hadde landslagssjef Åge Hareide på boksignering i denne butikken.

Med den førre bokbransjeavtalen i 1998 fekk butikkane for fyrste gong lov å selje bøker. Med friprisen frå og med nyttår er det venta at daglegvarehandelen ytterlegare vil styrke sin posisjon i marknaden, i og med at dei har moglegheit til å kjøpe inn store kvanta av populære bøker og selje dei der folk likevel handlar andre ting.

- Vi vil nok prøve oss litt fram på nyåret. Dette er enno ein ny kjøpskanal, og folk vil kanskje ha eit anna handlemønster her enn i ein vanleg bokhandel.

- Kan de kome til å leggje vekt på kvalitet og mangfald i utvalet, eller er det berre kommersielle omsyn som er avgjerande?

- Det er vanskeleg å svare på, men vi ynskjer nok å treffe så mange som mogleg. Det er den jamne nordmann vi vil treffe. Den store fordelen vår er at vi kan vere fleksible med konsepta våre og heile tida tilpasse oss det kundane vil ha.

- Vil de kunne konkurrere ut bokhandlarar?

- Vi vil i alle fall konkurrere med dei. Dette er uttrykk for ei generell bransjeglidning, der vi mister varer og kunder til service og bensinstasjonar, og vinn kundar frå bokhandlarar og til dømes

- Gjer bransjen uføreseieleg

- Få - om nokon - norske bokhandlarar kan leva med å gje 25 prosent rabatt på nye bøker, slår Geir Pollen fast. Leiaren i Den norske Forfatterforening er oppskaka over regjeringa si framskunding av den nye bokbransjeavtalen.

- Det er lite heldig å ikkje førebu slike store inngrep, sukkar han, med referanse til at regjeringa gjev bokbransjen 14 dagar, der dei sjølve har bede om eitt år til omstillingar.

Den fyrste taparen vil altså bli bokhandlarane, meiner Pollen:

- Høvet til å gje 25 prosent rabatt på nye bøker vil tvinga «alle» til å følgja opp rabatten på bestseljarane. Dei fleste bokhandlarane driv alt med tronge økonomiske marginar. Dei som i fyrste rekkje kan nytta seg av rabatten, er dei store bokhandelkjedene som kan kjøpa inn store volum og krevja solide innkjøpsrabattar frå forlaga. Alt i dag er 40-45 prosent ikkje uvanleg. Dette vil på sikt også pressa forlagsøkonomien ytterlegare - og derigjennom også forfattarane.

Pollen meiner også at daglegvarehandelen, som kan kjøpa inn «pallar» med lettselde bøker som krim, livsstils- og kokebøker, vil kunne tena på ordninga.

Pollen er «rysta» over det han kallar Morten Meyers primitive argumentasjon.

- Målet er utelukkande at det skal vera billig for kunden. Kven som les og kva dei les og vilkåra for dei som skal produsera og selja den gode teksten er ikkje nemnt.

- Forfattarane er avhengige av at det for det fyrste finst bokhandlar og at dei for det andre har økonomi til å føra eit breiast mogleg utval av bøker.

- Bransjeavtalen er eit komplekst instrument og eigentleg er det umogleg å seia nøyaktig korleis dette vil slå ut. Det som er klart er at det er utruleg arrogant og utidig av ministeren å pressa gjennom endringane no, når partane har forhandla fram ein avtale som ligg på Meyers bord, og som i desse dagar skulle ha vorte sendt derifrå på høyring til alle involverte partar.

- Her kunne ministeren ha oppnådd ei konsensusløysing og godt samarbeidsklima, men vel i staden å demonstrera musklar. Han tar ikkje bokbransjen på alvor.

Innenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT