Får millionkutt
Torsdag 2. desember, 2004
Statsbudsjettet for 2005 fører til eit dramatisk kutt for norske fredsorganisasjonar. Posten «Opplysningsarbeid for fred» blir kutta med 64 prosent - frå 2,3 millionar til 850.000 kroner. Organisasjonane som blir ramma er gjennomgåande kritiske til Noregs nære band til Nato og USA.
Samtidig blir støtta til Nato-vennlege organisasjonar vidareført.
Forvarsdepartementet «gir støtte til en rekke frivillige organisasjoner for å styrke befolkningens kunnskap og forståelse av norsk forsvars- og sikkerhetspolitikk», skriv regjeringa i statsbudsjettet for 2005. Der er det sett av 6,7 millionar kroner til Folk og forsvar, ei samling «medlemsorganisasjoner som slutter opp om landets forsvar- og sikkerhetspolitikk». Det går 3,7 millionar kroner til Den norske atlanterhavskomite, som skal «øke forståelsen av norsk utenriks, forsvars- og sikkerhetspolitikk med særlig vekt på det nordatlantiske samarbeidet». Skattebetalarane bidreg også med totalt 900.000 kroner til Oslo militære samfund, Norges forsvarsforening og Norsk militært tidsskrift.
- Dette er eit alvorleg brot med ein demokratisk tradisjon: Regjeringane har støtta organisasjonar som kritiserer det sitjande styret, som kjem med innspel og kjeft, kommenterer stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV).
Politisk motivert?
Forslaget om 64 prosent kutt var «i tråd med politiske prioriteringer», uttaler informasjonsrådgjevar Eirik Bergesen i UD til Universitas. Bjørn Jacobsen oppfattar også nedskjeringa er politisk motivert.- Folk har marsjert i gatene mot USAs krigføring som aldri før. Og fredsorganisasjonane har nyleg dokumentert at Noreg sel våpen til USA som aldri før. Eg trur Utanriksdepartementet misliker dette så sterkt at dei går laus på pengestøtta, seier Jacobsen.
Det var i møtet til Utanrikskomiteen måndag kuttet skjedde. SV foreslo å auka posten «Opplysningsarbeid for fred» til fem millionar, men fekk ikkje støtte i komiteen.
Ærlege Høgre
Dagleg leiar Babs Sivertsen i Norges Fredsråd er sint.- Alle parti bortsett frå Høgre hadde forsikra oss om at dei ikkje berre skulle redda posten til fredsarbeid, men faktisk auka den. Berre Høgre var ærlege, ser det ut til, seier Sivertsen til Klassekampen. Fredsrådet er ein paraply for over 25 organisasjonar, og kjem til å mista sekretariatet sitt på grunn av budsjettkuttet.
- Det regjeringslojale informasjonsarbeidet får millionar i støtte, seier Sivertsen. - Vi som driv eit kritisk fredsarbeid blir hengt.
@sitat:«Dette er eit alvorleg brot med ein demokratisk tradisjon»Bjørn Jacobsen, SV@Statsbudsjettet for 2005 fører til eit dramatisk kutt for norske fredsorganisasjonar. Posten «Opplysningsarbeid for fred» blir kutta med 64 prosent - frå 2,3 millionar til 850.000 kroner. Organisasjonane som blir ramma er gjennomgåande kritiske til Noregs nære band til Nato og USA.
Samtidig blir støtta til Nato-vennlege organisasjonar vidareført.
Forvarsdepartementet «gir støtte til en rekke frivillige organisasjoner for å styrke befolkningens kunnskap og forståelse av norsk forsvars- og sikkerhetspolitikk», skriv regjeringa i statsbudsjettet for 2005. Der er det sett av 6,7 millionar kroner til Folk og forsvar, ei samling «medlemsorganisasjoner som slutter opp om landets forsvar- og sikkerhetspolitikk». Det går 3,7 millionar kroner til Den norske atlanterhavskomite, som skal «øke forståelsen av norsk utenriks, forsvars- og sikkerhetspolitikk med særlig vekt på det nordatlantiske samarbeidet». Skattebetalarane bidreg også med totalt 900.000 kroner til Oslo militære samfund, Norges forsvarsforening og Norsk militært tidsskrift.
- Dette er eit alvorleg brot med ein demokratisk tradisjon: Regjeringane har støtta organisasjonar som kritiserer det sitjande styret, som kjem med innspel og kjeft, kommenterer stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV).
Politisk motivert?
Forslaget om 64 prosent kutt var «i tråd med politiske prioriteringer», uttaler informasjonsrådgjevar Eirik Bergesen i UD til Universitas. Bjørn Jacobsen oppfattar også nedskjeringa er politisk motivert.
- Folk har marsjert i gatene mot USAs krigføring som aldri før. Og fredsorganisasjonane har nyleg dokumentert at Noreg sel våpen til USA som aldri før. Eg trur Utanriksdepartementet misliker dette så sterkt at dei går laus på pengestøtta, seier Jacobsen.
Det var i møtet til Utanrikskomiteen måndag kuttet skjedde. SV foreslo å auka posten «Opplysningsarbeid for fred» til fem millionar, men fekk ikkje støtte i komiteen.
Ærlege Høgre
Dagleg leiar Babs Sivertsen i Norges Fredsråd er sint.
- Alle parti bortsett frå Høgre hadde forsikra oss om at dei ikkje berre skulle redda posten til fredsarbeid, men faktisk auka den. Berre Høgre var ærlege, ser det ut til, seier Sivertsen til Klassekampen. Fredsrådet er ein paraply for over 25 organisasjonar, og kjem til å mista sekretariatet sitt på grunn av budsjettkuttet.
- Det regjeringslojale informasjonsarbeidet får millionar i støtte, seier Sivertsen. - Vi som driv eit kritisk fredsarbeid blir hengt.
@sitat:«Dette er eit alvorleg brot med ein demokratisk tradisjon»
Bjørn Jacobsen, SV
@










