Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Mandag 29. november, 2004

Går fram etter forlik

Mandag 29. november, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
PARTIOPPSLUTNING: Frp går fram etter budsjettforliket, medan SV går tilbake.

Budsjettforliket mellom Frp og regjeringa har sett sitt klåre stempel på det siste partibarometeret frå Sentio-Norstat. I etterkant av forliket har Frp fått æra for å ha sikra kommunane 2,2 milliardar i kompensasjon for skattetap i 2004 og 800 millionar i ekstra overføringar neste år, i tillegg til å ha betra den sosiale profilen i budsjettet.

No blir Frp lønna med ei oppslutning på heile 24,7 prosent, ein framgang på 4,8 prosent sidan oktober, viser målinga utført for avisene Klassekampen, Dagen og Nationen.

Ein slik oppslutnad har ikkje Frp oppnådd på Sentio-Norstat sine målingar tidlegare i år. Siv Jensen, nestleiar i Frp og ansvarleg for tingingane med regjeringa, er svært nøgd.

- For det første trur eg folk flest har sett pris på at det har vore ein ryddig budsjettprosess, deretter at vi har sett fokus på saker som har fått ei løysing, som auka kommunestøtte og ein betre sosial profil, seier ho til Klassekampen.

Det er valforskar Frank Aarebrot samd i.

- Regjeringa er jo i utgangspunktet upopulær. Og det ser ut som det er oppstått ei slags arbeidsdeling her, der Frp maktar å ta æra for det positive og regjeringa får skulda for det negative ved budsjettet, seier valforskaren.

Han framhevar også Siv Jensen si rolle i budsjettspelet.

- Det er jo ikkje sikkert at ein finansminister for Frp ville ha lagt fram eit veldig sosialt budsjett. Men Frp og Siv Jensen sitt arbeid i tingingane har vore svært vellukka: Det inntrykket folk får er at Frp er eit sosialt parti, seier han.

Regjeringa taper

Men medan Frp gnid seg i hendene, blør regjeringa:

  KrF opplever rett nok ein svak framgang på 2,2 prosent på målinga, men det er målt i høve til oktober, som då var på rekordlåge fem prosent. KrF ville ha tapt ni stortingsmandat om det hadde vore val i dag.

  Høgre går tilbake med tre prosent og med 13,8 prosent er framleis Høgre mindre enn SV. Med slike målingar i september 2005 vil Høgre bli 14 mandat fattigare.

  Venstre er nede i 2,2 prosent og under sperregrensa.

Om det hadde vore val i dag hadde den sitjande regjeringa tapt 25 mandat og berre fått 37 plassar på tinget. Frp ville derimot ha auka talet på mandat med 18, til heile 44.

Dét aukar presset på regjeringspartia for eit tettare samarbeid med Frp. Men sist veke avviste både KrF, Høgre og Venstre dette.

Aarebrot meiner særleg at Høgre er hamna i ei kattepine med Frp sin stabile framgang. Bakgrunnstala for partibarometeret, som òg måler veljarfråfall sidan 2001, viser at Høgre har tapt like mykje røyster til Ap og SV som til Frp. Det illustrerer kor vanskeleg spørsmålet om samarbeid med Frp vil vera for Høgre framover, meiner Aarebrot.

- Signalet frå veljarane er klårt, men sikkert frustrerande for Erna Solberg: Om partiet vender seg meir mot Frp risikerer Høgre å tapa ytterlegare til Ap. Om dei gjer motsett vil Frp ta fleire røyster. Høgre liknar rett og slett meir og meir på eit klassisk sentrumsparti, seier Aarebrot.

Solidaritetsregjeringa derimot, som Ap, SV og Sp kallar sitt regjeringsalternativ, går det framleis bra med. Med dagens måling ville eit regjeringsalternativ utgått frå Ap, SV og Sp fått reint fleirtal på Stortinget, med 87 mandat.

SV stagnerer

Alt er likevel ikkje berre fryd og gaman på venstresida. På målinga aukar Ap med 1,3 prosent og er like under 30-prosenten, Sp går ørlite ned til 4,9 prosent, men SV går tilbake heile 3,2 prosent. SV er no nede i 14 prosent oppslutnad, berre 1,5 prosent over resultatet frå stortingsvalet i 2001.

Samanlikna med fjoråret, der SV jamt over hadde målingar mellom 18 og 22 prosent, er SV i år hamna mellom 14 og 18 prosent. Frank Aarebrot meiner SV må innstilla seg på at valresultatet for SV i 2005 til og med kan bli dårlegare enn ved sist stortingsval.

- SV blir lett ein gaukunge i regjeringssamarbeidet. Dei må ikkje bli for store for Ap, som vel satsar på å koma opp mot 30 prosent, og samstundes må dei ikkje bli for små, slik at det ikkje blir noka regjering. Balansegangen internt i regjeringsalternativet er vanskeleg, seier Aarebrot.

Om valresultatet blir dårlegare enn i 2001 for SV sin del, vil truleg den interne skepsisen mot eit regjeringssamarbeid auka. Spørsmålet blir kvar smertegrensa for SV går.

- Eg trur SV vil få vanskar med å få meir enn 15 prosent. Truleg ligg den magiske grensa kring titalet, seier Aarebrot.

Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT