Vil ha ventemottak
Tirsdag 23. november, 2004
SV på Stortinget leverer i dag eit lovframlegg som mellom anna pålegg regjeringa å oppretta ei form for «ventemottak», drive av Politiets utlendingsenhet, for flyktningar som har fått endeleg avslag på asylsøknad, men som av ulike grunnar blir verande i landet.Heikki Holmås (SV) forklarer at ein viktig grunn til at dette kjem akkurat no, er situasjonen for dei etiopiske flyktningane som for fire veker sia sveltestreika i domkyrkja i Oslo.? Dette dreier seg om akutt naud, det må finnast løysingar for folk som ikkje har tak over hovudet, seier SV-representanten.? Verdfullt initiativ? Men eit ventemottak administrert av politiet er vel også ei svært mellombels løysing?? Det vil sikra eit tilsvarande tilbod som i asylmottak medan det blir avklart om vedkommande ønskjer å reisa tilbake, skal uttransporterast, eller om eit avslag kan omgjerast, seier Holmås.Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), leiar for kommunalkomiteen i Stortinget, meiner SV har teke eit svært verdfullt initiativ.? I Senterpartiet har vi fått fleire innspel frå lokallaga våre for å få til betre og meir føreseielege ordningar enn i dag. Ei registrering ut og inn av eit mottak kan vera bra. Men spørsmålet er framleis kva som skal skje vidare. Eitt av dei innspela vi har fått, og som eg ønskjer å følgja opp, er rett til mellombels arbeidsløyve, seier Meltveit Kleppa til Klassekampen.I framlegget frå SV er spørsmålet om arbeidsløyve ikkje med.? Vi ønskjer å komma tilbake til dette spørsmålet. SV har alltid meint at dei som har fått endeleg avslag, skal få høve til å søkja arbeidsløyve, men vi meiner ikkje det skal vera særlege reglar for akkurat denne gruppa, seier Holmås.Interessant kompromissRune Berglund Steen, fagsjef i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere), meiner framlegget frå SV kan vera eit interessant kompromissframlegg.? Det som burde gjerast, er å oppheva bortfallet av butilbod. Men så lenge regjeringa si einsidige line ser ut til å vera at alt kan løysast berre tiltaka er harde nok, er ein meir enn nokon gong avhengig av at andre delar av det politiske miljøet kan finna alternative løysingar, seier Berglund Steen til Klassekampen.Han minner om at Utlendingsdirektoratet i 2003 foreslo både eit amnesti for dei som har vore her i åtte år, og ei permanent ordning, medan regjeringa har valt å gå motsett veg, med å jaga folk ut av mottaka og ta ifrå dei den mellombels arbeidsløyva.? Det vil vera nødvendig å komma fram til ein mekanisme som gir høve til ei permanent løysing etter ein viss tidsperiode, slik dei har i Sverige, dersom dei som har levd som rettslause sia først på 1990-talet ikkje skal leva i eksakt same situasjon i ti år til, understrekar fagsjefen.I SV sitt framlegg ligg også eit krav til regjeringa om å laga eit framlegg i tråd med svensk praksis.KvalitetssikringSV krev også at det blir sett i verk tiltak for å undersøkja kva som skjer med personar som blir sende tilbake til land med høgt konfliktnivå etter å ha fått avslag på asylsøknad.? Det er meir sannsynleg at det nokre gonger blir gjort feil enn at norske styremakter alltid gjer alt rett. Mistanken om at det blir gitt for mange avslag, er sterk. Det er på høg tid å krevja ei viss kvalitetssikring, seier Holmås.
SV på Stortinget leverer i dag eit lovframlegg som mellom anna pålegg regjeringa å oppretta ei form for «ventemottak», drive av Politiets utlendingsenhet, for flyktningar som har fått endeleg avslag på asylsøknad, men som av ulike grunnar blir verande i landet.Heikki Holmås (SV) forklarer at ein viktig grunn til at dette kjem akkurat no, er situasjonen for dei etiopiske flyktningane som for fire veker sia sveltestreika i domkyrkja i Oslo.? Dette dreier seg om akutt naud, det må finnast løysingar for folk som ikkje har tak over hovudet, seier SV-representanten. ? Verdfullt initiativ? Men eit ventemottak administrert av politiet er vel også ei svært mellombels løysing?? Det vil sikra eit tilsvarande tilbod som i asylmottak medan det blir avklart om vedkommande ønskjer å reisa tilbake, skal uttransporterast, eller om eit avslag kan omgjerast, seier Holmås.Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), leiar for kommunalkomiteen i Stortinget, meiner SV har teke eit svært verdfullt initiativ.? I Senterpartiet har vi fått fleire innspel frå lokallaga våre for å få til betre og meir føreseielege ordningar enn i dag. Ei registrering ut og inn av eit mottak kan vera bra. Men spørsmålet er framleis kva som skal skje vidare. Eitt av dei innspela vi har fått, og som eg ønskjer å følgja opp, er rett til mellombels arbeidsløyve, seier Meltveit Kleppa til Klassekampen.I framlegget frå SV er spørsmålet om arbeidsløyve ikkje med.? Vi ønskjer å komma tilbake til dette spørsmålet. SV har alltid meint at dei som har fått endeleg avslag, skal få høve til å søkja arbeidsløyve, men vi meiner ikkje det skal vera særlege reglar for akkurat denne gruppa, seier Holmås. Interessant kompromissRune Berglund Steen, fagsjef i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere), meiner framlegget frå SV kan vera eit interessant kompromissframlegg.? Det som burde gjerast, er å oppheva bortfallet av butilbod. Men så lenge regjeringa si einsidige line ser ut til å vera at alt kan løysast berre tiltaka er harde nok, er ein meir enn nokon gong avhengig av at andre delar av det politiske miljøet kan finna alternative løysingar, seier Berglund Steen til Klassekampen.Han minner om at Utlendingsdirektoratet i 2003 foreslo både eit amnesti for dei som har vore her i åtte år, og ei permanent ordning, medan regjeringa har valt å gå motsett veg, med å jaga folk ut av mottaka og ta ifrå dei den mellombels arbeidsløyva.? Det vil vera nødvendig å komma fram til ein mekanisme som gir høve til ei permanent løysing etter ein viss tidsperiode, slik dei har i Sverige, dersom dei som har levd som rettslause sia først på 1990-talet ikkje skal leva i eksakt same situasjon i ti år til, understrekar fagsjefen.I SV sitt framlegg ligg også eit krav til regjeringa om å laga eit framlegg i tråd med svensk praksis. KvalitetssikringSV krev også at det blir sett i verk tiltak for å undersøkja kva som skjer med personar som blir sende tilbake til land med høgt konfliktnivå etter å ha fått avslag på asylsøknad.? Det er meir sannsynleg at det nokre gonger blir gjort feil enn at norske styremakter alltid gjer alt rett. Mistanken om at det blir gitt for mange avslag, er sterk. Det er på høg tid å krevja ei viss kvalitetssikring, seier Holmås.










