Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Tirsdag 23. november, 2004

Faste mest utrygge

Tirsdag 23. november, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
46 prosent av dei fast tilsette er urolege for jobben sin, men berre 27 prosent av dei mellombels tilsette.

Medan det tidlegare har vore vanleg å tru at mellombels tilsette lever farleg fordi dei har usikre arbeidsvilkår, viser ei ny undersøking no at det er dei fast tilsette er mest urolege for jobbane sine.

Heile 46 prosent av dei fast tilsette er urolege for omorganisering på jobben, medan dette berre gjeld 27 prosent av dei mellombels tilsette. Dette går fram av ei undersøking utført ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og SINTEF.

- Dette seier noko om kor sterkt omstilling og omorganisering pregar dagens arbeidsliv, og gjer dei fast tilsette utrygge. Dei som er mellombels tilsette har anten ikkje det same langsiktige perspektivet på sitt arbeidsforhold, eller dei ser ein mellombels jobb som eit steg i ein karriere der dei i alle høve ønskjer seg vidare til noko anna, seier psykologiprofessor Per Øystein Saksvik, NTNU, og ein av dei ansvarlege for undersøkinga.

Denne undersøkinga viser ingen vesentlege skilnader mellom helsetilstanden for fast og mellombels tilsette. Til no har ein vore mest oppteken av om den manglande kontrollen over arbeidssituasjonen fører til auka stress, og slik går ut over helsa.

- Vi finn ikkje noko som støttar denne hypotesen, seier Saksvik, men understrekar at slike forhold krev studiar over lengre tidsrom.

Kortsiktig vinning

Noreg har førebels ein relativt liten del mellombels tilsette, om lag ti prosent, jamført med andre europeiske land. I Sverige er 20 prosent av arbeidstakarane no mellombels tilsette, og i Spania 40 prosent. Framlegget til ny arbeidslivslov opnar for at det skal bli langt lettare for arbeidsgivarane å bruka mellombels tilsettingar enn i dagens arbeidsmiljølov.

- Mellombels tilsettingar kan gi kortsiktige gevinstar, og appellerer til unge folk, karrieremenneske som er trygge på eigen kompetanse, og arbeidsgivarar. Men før ein eventuelt set i verk eit nytt lovverk som opnar for meir bruk av mellombels tilsettingar, burde ein vita meir om dei langsiktige verknadene, seier professoren.

- Til no er det ingen som har vist vilje til å finansiera langsiktige studiar på dette feltet, legg han til.

Mellombels og uengasjert

Undersøkinga viser også at dei mellombels tilsette i langt mindre grad enn dei fast tilsette engasjerer seg i forhold til arbeidsplassen. Berre 37 prosent av dei er fagorganiserte, og heile 68 prosent svarte at dei ikkje visste om arbeidsplassen hadde noko system for arbeid med helse, miljø og tryggleik (HMS). Dei tilsvarande tala for fast tilsette er 68 prosent fagorganiserte, og 30 prosent som ikkje visste noko om HMS.

- Eg oppfattar dette som alvorlege tendensar, skremmande i forhold til eit arbeidsliv der det blir lagt opp til at stadig fleire skal vera mellombels tilsette. På sikt vil slike forhold underminera det organiserte arbeidslivet, seier Saksvik til Klassekampen.

Denne undersøkinga er basert på ei spørjeundersøking blant eit representativt utval av om lag 2400 arbeidstakarar, 350 av desse var mellombels tilsette, og ei meir djuptgåande undersøking i servicesektoren som omfatta vel 460 arbeidstakarar, av dei 35 mellombels tilsette.

Undersøkinga gir ikkje svar på om det er skilnader mellom yrkes- eller aldersgrupper, og fortel heller ikkje om arbeidstakarane sjølve har valt å vera mellombels tilsette.

@sitat:«Mellombels tilsettingar appellerer til unge folk, karrieremenneske som er trygge på eigen kompetanse»

Per Øystein Saksvik, forskar@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT