Fram med musesteg
Torsdag 18. november, 2004
I går la likestillingsdirektør Long Litt Woon fram det såkalla likestillingsbarometeret, som tar temperaturen på likestillinga her til lands. Det generelle inntrykket av barometeret er at det er særs små endringar på dei fleste områda - på fleire felt er det stillstand jamført med fjoråret:
25 prosent kvinner i høgare administrative stillingar i kommunane i 2004, mot 24 prosent i 2003.
I 2001 hadde 63 prosent av kvinnene inntekt under 200.000 kroner, i 2002 «berre» 59 prosent.
Arbeidsmarknaden er like kjønnsdelt i 2004 som i 2003 og i 2002.
Vellykka fedrekvote
Det er femte gongen barometeret blir lagt fram; nytt av året er kapittelet om likestilling i heimen. Det syner at fordelinga av husarbeidet mellom kvinner og menn er noko jamnare. Men også at nær halvparten av kvinnene som vart drepne i Noreg i 2003, vart drepne av ein ektemann, sambuar eller tidlegare partner - mot ein av 24 drepne menn.- Vald mot kvinner er det mest ekstreme uttrykket for manglande likestilling, seier likestillingsdirektøren, som gir skryt til politimeister Truls Fyhn for å etterspørja ein heilskapleg satsing mot familievald.
Fedrekvoten i fødselspermisjonen karakteriserer likestillingsdirektøren som eitt av dei mest vellykka likestillingstiltaka dei siste ti åra.
- Forsking viser at menn treng ferdigforhandla pakkar når dei skal forhandla om deling av permisjonen, både overfor arbeidsgivar og overfor mor, seier Long Litt.
Offentleg likestillingssnakk
Professor Hege Skjeie er skeptisk til likestillingsbarometeret, og fryktar at denne måten å snakka om likestilling på, skal tena til at vi framleis vil få «likestilling med vikeplikt».- Mykje av det offentlege likestillingssnakket er konstruert kring biletet av «likestillingsreisa», som om det er ei lineær reise, der vi heile tida tar steg mot målet. Det er langt fram, men det går framover om vi berre går lenge nok. Denne måten å snakka på, skaper illusjonar som gjer at staten slepp unna, seier Skjeie.
- Men er det ikkje nyttig å få talfesta både status og dei endringane som skjer?
- Jau, visse typar målingar er nødvendig. Men denne måten å tenkja likestilling på, har tent til å gjera likestilling til eit slag ad hoc-politikk som har skapt eit lite rom for «litt likestilling», utan å føra til den radikale og grensesprengjande likestillingspolitikken som trengst for å oppnå reell likestilling, meiner professoren.
Vikeplikta
Som eit bokstaveleg tala kritisk eksempel, nemner Skjeie situasjonen for krisesentra. Dei er framleis avhengige av kommuneøkonomien, og somme av dei kan bli nøydde til å stengja på slutten av året.- Barne- og familiedepartementet har enno ikkje gått inn for å lovfesta krisesentra. Dei dekkjer grunnleggjande behov for menneske i naud. Det er visse ting vi ikkje kan kompromissa på eller forhandla om, understrekar professoren.
Eitt anna eksempel er det unntaket likestillingslova gir for indre forhold i trussamfunn.
- Dette gjer at religiøse kvinner blir overlatne til seg sjølve, og dei kan ikkje krevja vern etter likestillingslova. Dette opprettheld idéen om at kjønnsdiskriminering er berre «litt diskriminering», seier professoren. - Religionsfridommen har grunnlovsvern, det har ikkje forbodet mot kjønnsdiskriminering, legg ho til.
Staten best ut
Totalt er det staten som kjem best ut, og næringslivet dårlegast.Likestillinga i staten har auka frå indikator sju til åtte. Forklaringa er at talet på kvinnelege leiarar i staten har auka med tre prosentpoeng frå i fjor. Med dette tempoet ser det ut til at regjeringa Bondevik vil nå målet om 40 prosent kvinnelege leiarar innan juni 2006.
Likestillingsbarometeret gir eit samla mål på likestilling på ulike område: stat og styring, kommune, næringsliv, forsking/utdanning og arbeidsliv. Det nye området likestilling i heimen har enno ikkje fått sin likestillingsindikator
Far gjer litt, men ikkje mykje meir i huset
Den tida kvinner bruker til husarbeid har gått drastisk ned med aukande yrkesaktivitet, men den tida fedrane bruker til arbeid i huset, har berre auka litt. Det er hovudinntrykket av utviklinga dei siste tiåra.Forskar Hege Kitterød, Statistisk sentralbyrå, har gått grundigare inn i materialet frå tidsnyttingsundersøkinga for å sjå på korleis mødrene sine yrkesaktivitet påverkar fedrane sin del av det ulønna arbeidet. Ei inndeling av tidsbruken i husarbeid, aktiv barneomsorg, innkjøp med meir, og tid saman med barn, viser at mødrene bruker dobbelt så mykje tid til husarbeid og aktiv barneomsorg som fedrane, og litt meir tid til innkjøp og tid saman med barn.
- Hovudkonklusjonen er at far gjer litt meir i heimen når mor arbeider deltid enn når ho er heimearbeidande, og litt meir dersom mor er på jobb medan han har fri, seier Kitterød. Men det ser ikkje ut til at far gjer meir når mor arbeider heiltid enn når ho arbeider deltid.
Fars innsats aukar berre til ein viss grad, og berre når det gjeld visse delar av husarbeidet, viser dei analysane som er gjort.
I hovudsak er det eksternt barnetilsyn som overtar det arbeidet dei heiltidsarbeidande mødrene gjer mindre av.
- Totalt blir det gjort mindre husarbeid enn før, og far kompenserer ikkje for den reudserte innsatsen frå mor, forklarer Kitterød. Det er heller ikkje hushjelpene som overtar i vesentleg grad. Berre fem prosent har privat reingjeringshjelp.
I går la likestillingsdirektør Long Litt Woon fram det såkalla likestillingsbarometeret, som tar temperaturen på likestillinga her til lands. Det generelle inntrykket av barometeret er at det er særs små endringar på dei fleste områda - på fleire felt er det stillstand jamført med fjoråret:
25 prosent kvinner i høgare administrative stillingar i kommunane i 2004, mot 24 prosent i 2003.
I 2001 hadde 63 prosent av kvinnene inntekt under 200.000 kroner, i 2002 «berre» 59 prosent.
Arbeidsmarknaden er like kjønnsdelt i 2004 som i 2003 og i 2002.
Vellykka fedrekvote
Det er femte gongen barometeret blir lagt fram; nytt av året er kapittelet om likestilling i heimen. Det syner at fordelinga av husarbeidet mellom kvinner og menn er noko jamnare. Men også at nær halvparten av kvinnene som vart drepne i Noreg i 2003, vart drepne av ein ektemann, sambuar eller tidlegare partner - mot ein av 24 drepne menn.
- Vald mot kvinner er det mest ekstreme uttrykket for manglande likestilling, seier likestillingsdirektøren, som gir skryt til politimeister Truls Fyhn for å etterspørja ein heilskapleg satsing mot familievald.
Fedrekvoten i fødselspermisjonen karakteriserer likestillingsdirektøren som eitt av dei mest vellykka likestillingstiltaka dei siste ti åra.
- Forsking viser at menn treng ferdigforhandla pakkar når dei skal forhandla om deling av permisjonen, både overfor arbeidsgivar og overfor mor, seier Long Litt.
Offentleg likestillingssnakk
Professor Hege Skjeie er skeptisk til likestillingsbarometeret, og fryktar at denne måten å snakka om likestilling på, skal tena til at vi framleis vil få «likestilling med vikeplikt».
- Mykje av det offentlege likestillingssnakket er konstruert kring biletet av «likestillingsreisa», som om det er ei lineær reise, der vi heile tida tar steg mot målet. Det er langt fram, men det går framover om vi berre går lenge nok. Denne måten å snakka på, skaper illusjonar som gjer at staten slepp unna, seier Skjeie.
- Men er det ikkje nyttig å få talfesta både status og dei endringane som skjer?
- Jau, visse typar målingar er nødvendig. Men denne måten å tenkja likestilling på, har tent til å gjera likestilling til eit slag ad hoc-politikk som har skapt eit lite rom for «litt likestilling», utan å føra til den radikale og grensesprengjande likestillingspolitikken som trengst for å oppnå reell likestilling, meiner professoren.
Vikeplikta
Som eit bokstaveleg tala kritisk eksempel, nemner Skjeie situasjonen for krisesentra. Dei er framleis avhengige av kommuneøkonomien, og somme av dei kan bli nøydde til å stengja på slutten av året.
- Barne- og familiedepartementet har enno ikkje gått inn for å lovfesta krisesentra. Dei dekkjer grunnleggjande behov for menneske i naud. Det er visse ting vi ikkje kan kompromissa på eller forhandla om, understrekar professoren.
Eitt anna eksempel er det unntaket likestillingslova gir for indre forhold i trussamfunn.
- Dette gjer at religiøse kvinner blir overlatne til seg sjølve, og dei kan ikkje krevja vern etter likestillingslova. Dette opprettheld idéen om at kjønnsdiskriminering er berre «litt diskriminering», seier professoren. - Religionsfridommen har grunnlovsvern, det har ikkje forbodet mot kjønnsdiskriminering, legg ho til.
Staten best ut
Totalt er det staten som kjem best ut, og næringslivet dårlegast.
Likestillinga i staten har auka frå indikator sju til åtte. Forklaringa er at talet på kvinnelege leiarar i staten har auka med tre prosentpoeng frå i fjor. Med dette tempoet ser det ut til at regjeringa Bondevik vil nå målet om 40 prosent kvinnelege leiarar innan juni 2006.
Likestillingsbarometeret gir eit samla mål på likestilling på ulike område: stat og styring, kommune, næringsliv, forsking/utdanning og arbeidsliv. Det nye området likestilling i heimen har enno ikkje fått sin likestillingsindikator
Far gjer litt, men ikkje mykje meir i huset
Den tida kvinner bruker til husarbeid har gått drastisk ned med aukande yrkesaktivitet, men den tida fedrane bruker til arbeid i huset, har berre auka litt. Det er hovudinntrykket av utviklinga dei siste tiåra.
Forskar Hege Kitterød, Statistisk sentralbyrå, har gått grundigare inn i materialet frå tidsnyttingsundersøkinga for å sjå på korleis mødrene sine yrkesaktivitet påverkar fedrane sin del av det ulønna arbeidet. Ei inndeling av tidsbruken i husarbeid, aktiv barneomsorg, innkjøp med meir, og tid saman med barn, viser at mødrene bruker dobbelt så mykje tid til husarbeid og aktiv barneomsorg som fedrane, og litt meir tid til innkjøp og tid saman med barn.