Utfordrar Jern-Erna:
Onsdag 17. november, 2004
62 av 154 sjukeheimsplassar skal vekk. Måndag kom dette drastiske forslaget i rådmannen sitt utkast til økonomiplan og budsjett for Notodden kommune. Dei eldre ved Haugmotun sjukeheim må over til andre instituasjonar, med kvart som plassar blir ledige. Nokre må kommunen også be om å flytta heim igjen.
- Uaktuelt. Dette ville vore eit absurd overgrep mot rettane til kvar og ein av dei det går ut over, seier varaordførar Asgeir Drugli til Klassekampen. Han representerer Solidaritetslista av SV, RV og partilause, som styrer Notodden i kompaniskap med Ap.
Kommunen drar på seg 23 millionar kroner i underskot i år. Likevel avviser varaordføraren å kutta budsjettet slik rådmannen går inn for.
- Vi stiller ikkje opp som nyttige idiotar for regjeringa. Kommunalministeren gøymer seg bak lokale folkevalde, men står i realiteten bak raseringa av velferden i kommunane. Hadde vi gått med på dette opplegget, ville vi gjennomført ein politikk basert på ein ideologi som vi står veldig langt unna, kommenterer Drugli.
Mange millionar
Notodden har slitt med økonomien i mange år. For 2004 låg det an til eit underskot på tre millionar kroner. Men så kom ti millionar kroner i sviktande skatteinngang. Deretter ti millionar minus på rekneskapet som skuldast den nye ordninga for momskompensasjon. Totalt 23 millionar i underskot, på toppen av dei 50 millionane i minus som er akkumulert frå før.- Det ser ikkje så stødig ut, dette?
- Tre millionar i minus ville vore uproblematisk å handtera. Så har vi fått 20 ekstra millionar i smell gjennom året. Dette kunne korkje administrasjonen eller vi folkevalde teke høgd for i desember 2003, då vi laga budsjettet. Underskotet blir påført oss utanfrå, gjennom regjeringa sin politikk, hevdar Drugli. Han viser til at fleire rådmenn har kritisert regjeringa for konsekvent å overdriva skatteinngangen i opplegget for kommuneøkonomien, noko som bidreg til at rekneskapa ender i minus år etter år. Dermed bryt ein krava i kommuneloven om balanse i budsjetta.
- Vi har fleire lover enn kommunelova. Det finst eit lovverk som garanterer folk individuelle rettar. For eksempel dei eldre som no risikerer å mista sjukeheimen sin. Her ligg eit politisk dilemma. Og vi set dei individuelle velferdsrettane over paragrafen i kommunelova som krev balanse i budsjettet, seier Drugli.
Skrankepersonale
Varaordføraren meiner dei folkevalde i kommunane risikerer å bli redusert til skrankepersonale for Erna Solberg. For Solidaritetslista er dette ei uaktuell rolle, seier Drugli. Han utfordar kommunalministeren til å koma til Notodden og eventuelt leggja ned sjukeheimen sjølv.- Solberg bør innfinna seg her jo før jo heller. Kom igjen Erna, bli med ut og snakk med eldre og pårørande ved sjukeheimen som er foreslått nedlagt! Snakk med elevar og lærarar på skulane som er nedleggingstruga, oppmodar Drugli.
Solberg vil få møta eit samrøystes politisk miljø, hevdar RV-aren.
- Det finst ingen partipolitiske grupper på Notodden som ynskjer denne nedskjeringa av velferden. Det spelar inga rolle om du er RV-ar eller Frp-ar her. Det viser at det knapt finst lokalt handlerom lengre. Lokaldemokratiet blir rasert.
Uavklart utfall
Kommunestyret skal ta for seg planen frå rådmannen 16. desember. Formannskapet har møte 29. november. Utfallet er uavklart.- Men det kan sjå ut til at fleirtalet vil gå mot å leggja ned sjukeheimen, seier varaordføraren. Då blir det store spørsmålet kvar pengane skal takast frå. Heller enn å leggja ned sjukeheimen, vil Solidaritetslista senda tilbake eit budsjett i ubalanse. Det kan i så fall staten ved Fylkesmannen gripa inn mot, og vedta neskjeringar uavhengig av vedtaka til kommunestyret.
- Dette er dramatisk
- Dette budsjettet er dramatisk. Eg kan vanskeleg sjå for meg at vi fjernar 62 sjukeheimsplassar. Ut over dette har eg ingen kommentar. Vi har nettopp fått forslaget, seier Notodden-ordførar Bjarne Bakken (Ap) til Klassekampen. Han reknar med at rådmannen kjem med endå fleire kutt i vekene som kjem.- Det vil nok gå ut over skulestrukturen, trur Bakken. Han har eit håp om at 47 millionar kroner frå det heilkommunale kraftselskapet Notodden Energi skal bidra til ei sterk betring av den økonomiske balansen. Ein delegasjon med representantar for Ap, RV og Frp har vore inne hos Kommunal- og regionaldepartementet for å be om løyve til å ta ut desse pengane som utbytte. Kommunen ventar no på svar.
Økonomien til Notodden er spesielt anstrengt etter at rådmannen oppdaga at kommunen hadde kravd inn for mykje vatn- og avløpsavgifter gjennom ti år. Pengane må tilbake til innbyggjarane, og utgjer 30 millionar av den akkumulerte gjelda.
62 av 154 sjukeheimsplassar skal vekk. Måndag kom dette drastiske forslaget i rådmannen sitt utkast til økonomiplan og budsjett for Notodden kommune. Dei eldre ved Haugmotun sjukeheim må over til andre instituasjonar, med kvart som plassar blir ledige. Nokre må kommunen også be om å flytta heim igjen.
- Uaktuelt. Dette ville vore eit absurd overgrep mot rettane til kvar og ein av dei det går ut over, seier varaordførar Asgeir Drugli til Klassekampen. Han representerer Solidaritetslista av SV, RV og partilause, som styrer Notodden i kompaniskap med Ap.
Kommunen drar på seg 23 millionar kroner i underskot i år. Likevel avviser varaordføraren å kutta budsjettet slik rådmannen går inn for.
- Vi stiller ikkje opp som nyttige idiotar for regjeringa. Kommunalministeren gøymer seg bak lokale folkevalde, men står i realiteten bak raseringa av velferden i kommunane. Hadde vi gått med på dette opplegget, ville vi gjennomført ein politikk basert på ein ideologi som vi står veldig langt unna, kommenterer Drugli.
Mange millionar
Notodden har slitt med økonomien i mange år. For 2004 låg det an til eit underskot på tre millionar kroner. Men så kom ti millionar kroner i sviktande skatteinngang. Deretter ti millionar minus på rekneskapet som skuldast den nye ordninga for momskompensasjon. Totalt 23 millionar i underskot, på toppen av dei 50 millionane i minus som er akkumulert frå før.
- Det ser ikkje så stødig ut, dette?
- Tre millionar i minus ville vore uproblematisk å handtera. Så har vi fått 20 ekstra millionar i smell gjennom året. Dette kunne korkje administrasjonen eller vi folkevalde teke høgd for i desember 2003, då vi laga budsjettet. Underskotet blir påført oss utanfrå, gjennom regjeringa sin politikk, hevdar Drugli. Han viser til at fleire rådmenn har kritisert regjeringa for konsekvent å overdriva skatteinngangen i opplegget for kommuneøkonomien, noko som bidreg til at rekneskapa ender i minus år etter år. Dermed bryt ein krava i kommuneloven om balanse i budsjetta.
- Vi har fleire lover enn kommunelova. Det finst eit lovverk som garanterer folk individuelle rettar. For eksempel dei eldre som no risikerer å mista sjukeheimen sin. Her ligg eit politisk dilemma. Og vi set dei individuelle velferdsrettane over paragrafen i kommunelova som krev balanse i budsjettet, seier Drugli.
Skrankepersonale
Varaordføraren meiner dei folkevalde i kommunane risikerer å bli redusert til skrankepersonale for Erna Solberg. For Solidaritetslista er dette ei uaktuell rolle, seier Drugli. Han utfordar kommunalministeren til å koma til Notodden og eventuelt leggja ned sjukeheimen sjølv.
- Solberg bør innfinna seg her jo før jo heller. Kom igjen Erna, bli med ut og snakk med eldre og pårørande ved sjukeheimen som er foreslått nedlagt! Snakk med elevar og lærarar på skulane som er nedleggingstruga, oppmodar Drugli.
Solberg vil få møta eit samrøystes politisk miljø, hevdar RV-aren.
- Det finst ingen partipolitiske grupper på Notodden som ynskjer denne nedskjeringa av velferden. Det spelar inga rolle om du er RV-ar eller Frp-ar her. Det viser at det knapt finst lokalt handlerom lengre. Lokaldemokratiet blir rasert.
Uavklart utfall
Kommunestyret skal ta for seg planen frå rådmannen 16. desember. Formannskapet har møte 29. november. Utfallet er uavklart.
- Men det kan sjå ut til at fleirtalet vil gå mot å leggja ned sjukeheimen, seier varaordføraren. Då blir det store spørsmålet kvar pengane skal takast frå. Heller enn å leggja ned sjukeheimen, vil Solidaritetslista senda tilbake eit budsjett i ubalanse. Det kan i så fall staten ved Fylkesmannen gripa inn mot, og vedta neskjeringar uavhengig av vedtaka til kommunestyret.
- Dette er dramatisk
- Dette budsjettet er dramatisk. Eg kan vanskeleg sjå for meg at vi fjernar 62 sjukeheimsplassar. Ut over dette har eg ingen kommentar. Vi har nettopp fått forslaget, seier Notodden-ordførar Bjarne Bakken (Ap) til Klassekampen. Han reknar med at rådmannen kjem med endå fleire kutt i vekene som kjem.
- Det vil nok gå ut over skulestrukturen, trur Bakken. Han har eit håp om at 47 millionar kroner frå det heilkommunale kraftselskapet Notodden Energi skal bidra til ei sterk betring av den økonomiske balansen. Ein delegasjon med representantar for Ap, RV og Frp har vore inne hos Kommunal- og regionaldepartementet for å be om løyve til å ta ut desse pengane som utbytte. Kommunen ventar no på svar.