Taper på ny folketrygd
Fredag 5. november, 2004
Det er framleis uvisst når pensjonsreforma kan komma til behandling i Stortinget, men debatten om framtidig pensjon går både i fagrørsla og i dei politiske partia. Klassekampen har fått rekna ut korleis ulike pensjonsmodellar vil slå ut for eit utval av tenkte framtidige pensjonistar.
Og utslaga er dramatiske. I alle eksempla vil framtidas pensjonistar tapa i forhold til dagens folketrygd. I eitt av eksempla er forskjellen på heile 55.000 kroner i årleg pensjon.
- Desse utrekningane viser tydeleg at den offentlege pensjonen vil bli relativt sett mindre enn dagens folketrygd, jamført med inntektene for dei som er i arbeid, enn i dag, seier Axel West Pedersen, forskar ved Nova (Norsk institutt for forskning om oppvekst, veldferd og aldring). Han har samanlikna dei ulike pensjonsmodellane for Klassekampen.
- Men nedgangen er vanskeleg å unngå dersom poenget er å letta det framtidige finansieringspresset, legg han til,
West Pedersen har rekna ut framtidig pensjon for åtte tenkte eksempel ut ifrå dei ulike pensjonsmodellane - dagens folketrygd, moderne folketrygd (fleirtalsmodellen frå Pensjonskommisjonen) og universell folketrygd (mindretalet i Pensjonskommisjonen, eller «SV-modellen»).
Ein grunnleggjande skilnad mellom dagens ordning og dei to siste modellane er dagens såkalla besteårsregel. Den gjer at dei tjue beste inntektsåra er avgjerande for kor stor pensjonen blir. Både moderne folketrygd og universell folketrygd er derimot basert på at alle inntektsår skal telja likt.
Levealder og delingstal
Innføringa av såkalla delingstal vil gi kraftige pensjonskutt i West Pedersen si utrekning. Både fleirtalsframlegget og «SV-modellen» legg til grunn at delingstal skal brukast for å redusera den årlege pensjonen etter kvart som levealderen aukar. Pensjonskommisjonen føreset at forventa levealder for 67-åringar vil vera fire år høgare i 2050 enn i dag.Også utan delingstal vil fem av våre framtidige pensjonistar få til dels vesentleg mindre pensjon med modernisert folketrygd, medan tre ville få noko høgare pensjon enn i dag. Men når delingstala blir lagt inn, blir det reduksjonar for alle, frå om lag 55.000 til om lag 6.000 kroner, med modernisert folketrygd i forhold til dagens ordning (sjå talseksempla nedanfor).
Tap med SV-modell
SV sitt forslag om universell folketrygd gir vesentleg heldigare utslag for dei lågaste inntektene enn modernisert folketrygd. Utan delingstal vil seks av våre framtidige pensjonistar få høgare pensjon med «SV-modellen» enn med dagens system, medan berre to ville få lågare. Men med delingstalet som er venta å gjelda i 2005, vil derimot sju av åtte få lågare pensjon i framtida.Også SV sin representant i Pensjonskommisjonen, Henriette Westhrin, har godteke innføringa av delingstal.
- Den einaste trøysta er at dersom spådommane om auka levealder skulle visa seg å vera feil, vil ikkje konsekvensane bli så dramatiske, seier Axel West Pedersen. Han legg til at utrekningane av framtidig folketrygd er basert på full regulering i forhold til lønnsutviklinga.
Pensjonskommisjonen går inn for at framtidig pensjon skal regulerast dels ut frå lønnsvekst, dels prisvekst.
- I tilfelle ein reallønnsvekst på 1,5 prosent per år, vil det føra til ei underregulering av pensjonane på 0,75 prosent i året, forklarer West Pedersen.
Lite fleksibelt
I dei to framlegga til ny pensjonsmodell finst det også ei fleksibel pensjonsordning som skal gjera det mogeleg å gå av med pensjon frå fylte 62 år. Dagens avtalefesta pensjon (AFP) er tenkt avvikla. Vilkåret for den fleksible pensjoneringa er at ein må ha ei opptening over eit visst nivå. Av våre tenkte eksempel er det berre to (Christian og Sigurd i taleksempla nedanfor) som vil ha ei opptening som gjer det mogeleg å gå av når dei fyller 62 år.- Pensjon høyrer framtida til
Sjukepleiestudentane Mona Skyttesæter (21), Lene Rydheim (20) og Helle Skalleberg (20) på Høgskolen i Oslo er blant dei får merka følgjene av ei pensjonsreform som kan bli vedteken i løpet av denne eller den neste stortingsperioden. Dei tre har valt yrke ut frå interesse, ikkje ut frå kva som kan gi gode lønns- og pensjonsvilkår i framtida. Men dei synest heller ikkje dei har fått mykje informasjon om kva dei kan venta seg av pensjon når den tid kjem. Korkje på vidaregåande eller på høgskolen har det stått noko om pensjon på pensumplanen.- Ein tenkjer vel helst at pensjon er noko som kjem langt fram i tida, seier Skalleberg.
- Kanskje ein burde starta tidleg og leggja til side pengar for framtidig pensjon, spør Skyttesæter. Ho reknar med at ho kan få ei begynnarlønn på rundt 250.000 kroner som nyutdanna sjukepleiar, og lurer på korleis det skal bli noko å leggja til side.
Dei tre har klare planar om spesialisering når sjukepleiarutdanninga er ferdig, og reknar med å vera i full jobb.
- Men det kan vera greitt å ha ein jobb som gir rom for å arbeida deltid i periodar dersom det trengst av omsyn til ein framtidig familie, seier Skyttesæter.
Korleis dei tre kjem til å fordela tid og krefter mellom heil- og deltid, yrkesarbeid og heimearbeid, høyrer førebels framtida til. Derfor veit vi heller ikkje om deira pensjonsresultat vil likna mest på Turid, Trine eller Sigrid i våre rekneeksempel, og heller ikkje kva som vil gjelda av tenestepensjonsordningar i deira framtidige jobbar. Men at skilnaden mellom dagens folketrygd og modernisert folketrygd kan bli omkring 50.000 kroner, er ikkje usannsynleg.
Det er framleis uvisst når pensjonsreforma kan komma til behandling i Stortinget, men debatten om framtidig pensjon går både i fagrørsla og i dei politiske partia. Klassekampen har fått rekna ut korleis ulike pensjonsmodellar vil slå ut for eit utval av tenkte framtidige pensjonistar.
Og utslaga er dramatiske. I alle eksempla vil framtidas pensjonistar tapa i forhold til dagens folketrygd. I eitt av eksempla er forskjellen på heile 55.000 kroner i årleg pensjon.
- Desse utrekningane viser tydeleg at den offentlege pensjonen vil bli relativt sett mindre enn dagens folketrygd, jamført med inntektene for dei som er i arbeid, enn i dag, seier Axel West Pedersen, forskar ved Nova (Norsk institutt for forskning om oppvekst, veldferd og aldring). Han har samanlikna dei ulike pensjonsmodellane for Klassekampen.
- Men nedgangen er vanskeleg å unngå dersom poenget er å letta det framtidige finansieringspresset, legg han til,
West Pedersen har rekna ut framtidig pensjon for åtte tenkte eksempel ut ifrå dei ulike pensjonsmodellane - dagens folketrygd, moderne folketrygd (fleirtalsmodellen frå Pensjonskommisjonen) og universell folketrygd (mindretalet i Pensjonskommisjonen, eller «SV-modellen»).
Ein grunnleggjande skilnad mellom dagens ordning og dei to siste modellane er dagens såkalla besteårsregel. Den gjer at dei tjue beste inntektsåra er avgjerande for kor stor pensjonen blir. Både moderne folketrygd og universell folketrygd er derimot basert på at alle inntektsår skal telja likt.
Levealder og delingstal
Innføringa av såkalla delingstal vil gi kraftige pensjonskutt i West Pedersen si utrekning. Både fleirtalsframlegget og «SV-modellen» legg til grunn at delingstal skal brukast for å redusera den årlege pensjonen etter kvart som levealderen aukar. Pensjonskommisjonen føreset at forventa levealder for 67-åringar vil vera fire år høgare i 2050 enn i dag.
Også utan delingstal vil fem av våre framtidige pensjonistar få til dels vesentleg mindre pensjon med modernisert folketrygd, medan tre ville få noko høgare pensjon enn i dag. Men når delingstala blir lagt inn, blir det reduksjonar for alle, frå om lag 55.000 til om lag 6.000 kroner, med modernisert folketrygd i forhold til dagens ordning (sjå talseksempla nedanfor).
Tap med SV-modell
SV sitt forslag om universell folketrygd gir vesentleg heldigare utslag for dei lågaste inntektene enn modernisert folketrygd. Utan delingstal vil seks av våre framtidige pensjonistar få høgare pensjon med «SV-modellen» enn med dagens system, medan berre to ville få lågare. Men med delingstalet som er venta å gjelda i 2005, vil derimot sju av åtte få lågare pensjon i framtida.
Også SV sin representant i Pensjonskommisjonen, Henriette Westhrin, har godteke innføringa av delingstal.
- Den einaste trøysta er at dersom spådommane om auka levealder skulle visa seg å vera feil, vil ikkje konsekvensane bli så dramatiske, seier Axel West Pedersen. Han legg til at utrekningane av framtidig folketrygd er basert på full regulering i forhold til lønnsutviklinga.
Pensjonskommisjonen går inn for at framtidig pensjon skal regulerast dels ut frå lønnsvekst, dels prisvekst.
- I tilfelle ein reallønnsvekst på 1,5 prosent per år, vil det føra til ei underregulering av pensjonane på 0,75 prosent i året, forklarer West Pedersen.
Lite fleksibelt
I dei to framlegga til ny pensjonsmodell finst det også ei fleksibel pensjonsordning som skal gjera det mogeleg å gå av med pensjon frå fylte 62 år. Dagens avtalefesta pensjon (AFP) er tenkt avvikla. Vilkåret for den fleksible pensjoneringa er at ein må ha ei opptening over eit visst nivå. Av våre tenkte eksempel er det berre to (Christian og Sigurd i taleksempla nedanfor) som vil ha ei opptening som gjer det mogeleg å gå av når dei fyller 62 år.
- Pensjon høyrer framtida til
Sjukepleiestudentane Mona Skyttesæter (21), Lene Rydheim (20) og Helle Skalleberg (20) på Høgskolen i Oslo er blant dei får merka følgjene av ei pensjonsreform som kan bli vedteken i løpet av denne eller den neste stortingsperioden. Dei tre har valt yrke ut frå interesse, ikkje ut frå kva som kan gi gode lønns- og pensjonsvilkår i framtida. Men dei synest heller ikkje dei har fått mykje informasjon om kva dei kan venta seg av pensjon når den tid kjem. Korkje på vidaregåande eller på høgskolen har det stått noko om pensjon på pensumplanen.
- Ein tenkjer vel helst at pensjon er noko som kjem langt fram i tida, seier Skalleberg.