Trenerer dødsulykker
Onsdag 3. november, 2004
Arbeidsmiljøkriminalitet er blant dei områda som skal etterforskast særleg raskt og grundig. Det sa riksadvokaten i eit rundskriv som vart sendt ut i 1996. Ei undersøking Brennpunkt i NRK har gjort i samband med eit program som vart sendt i går kveld tyder på at slik er det ikkje i praksis. Av dei 181 dødsulykkene som har skjedd i arbeidslivet dei siste fire åra, frå og med 2000 til og med 2003, er 64 av sakene enno ikkje ferdigbehandla.
I saker som gjeld dødsulykker i arbeidslivet er politiet pålagt å samarbeida med Arbeidstilsynet. Heller ikkje dette samarbeidet ser ut til å ha gått etter oppskrifta. I tida 2000 til 2003 gav Arbeidstilsynet tilråding til politiet i 72 saker. Arbeidstilsynet kan gi tilrådingar om det skal giast føretaksstraff eller om einskildpersonar skal straffast, eventuelt om saka skal leggjast til side. Arbeidstilsynet gjer også ei vurdering av kva for paragrafar i arbeidsmiljølova som kan vera brotne når det skjer ulykker.
Til no har politiet følgt berre 41 av dei 72 tilrådingane frå Arbeidstilsynet, viser undersøkinga til Brennpunkt. 18 av sakene er enno ikkje avgjort. Fem av desse sakene er snart fire år gamle.
Prioritert område
Konstituert førstestatsadvokat hos Riksadvokaten, Morten Holmboe, stadfestar at etterforsking av arbeidsmiljøkriminalitet framleis er blant dei sentralt prioriterte områda for politiet.- Men når 64 av 182 dødsulykker til og med 2003 enno ikkje er ferdigbehandla, tyder ikkje det på høg prioritering?
- Utan kjennskap til dei konkrete sakene er det vanskeleg å kommentera Brennpunkt sine tal, utover det at vi ser svært alvorleg på slike saker, seier Holmboe til Klassekampen.
- Brennpunkt dokumenterer også at i berre 41 av 72 dødsulykker har politiet følgt Arbeidstilsynet sine tilrådingar om straffereaksjonar. Er dette tilfredsstillande?
- Arbeidstilsynet sine tilrådingar er viktige, men politiet må gjera ei konkret påtalemessig vurdering i kvar einskild sak, seier Holmboe. Han understrekar at han ikkje kjenner dei konkrete sakene, og at det derfor ikkje er mogeleg å overprøva dei vurderingane som er gjort av politiet.
Geografiske variasjonar
Brennpunkt har også sett på korleis politiet sitt arbeid varierer mellom dei ulike politidistrikta. I Stavanger er ni dødsulykker etterforska i løpet av dei sju siste åra. I åtte av desse sakene har det blitt straffereaksjonar. I den same perioden har etterforsking av sju saker i Mo i Rana ført til straffereaksjon i berre ei sak.Økokrim er den sentrale instansen i politiet som har spisskompetanse på arbeidsmiljøkriminalitet. Konstituert førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, leiar for miljøteamet i Økokrim, konstaterer at det er ein viss skilnad mellom dei ulike politidistrikta når det gjeld kompetanse på dette området.
- Økokrim si oppgåve er mellom anna å bistå med etterforsking og juridisk vurdering når politidistrikta har bruk for det.
- Har alle politidistrikta kompetanse nok til å seia ifrå når dei treng assistanse frå Økokrim i slike saker?
- Det er det vanskeleg å svara på.
- Er situasjonen tilfredsstillande, når det gjeld saksbehandlingstid og straffereaksjonar?
- Situasjonen i nokre av politidistrikta kan bli betre, men mange er dyktige, seier Høviskeland til Klassekampen. Han understrekar at samarbeidet mellom politiet og Arbeidstilsynet er viktig i slike saker.
Ingen kommentar
Klassekampen har prøvd å få ein kommentar frå Justisdepartementet til denne saka. Frå informasjonseininga vart vi vist vidare til Politidirektoratet, sia dette gjeld den operative delen av politiet sitt arbeid. Frå Politidirektoratet si informasjonseining er svaret at dette er eit tema Riksadvokaten må uttala seg om, utover det fekk vi ingen kommentar.Arbeidsmiljøkriminalitet er blant dei områda som skal etterforskast særleg raskt og grundig. Det sa riksadvokaten i eit rundskriv som vart sendt ut i 1996. Ei undersøking Brennpunkt i NRK har gjort i samband med eit program som vart sendt i går kveld tyder på at slik er det ikkje i praksis. Av dei 181 dødsulykkene som har skjedd i arbeidslivet dei siste fire åra, frå og med 2000 til og med 2003, er 64 av sakene enno ikkje ferdigbehandla.
I saker som gjeld dødsulykker i arbeidslivet er politiet pålagt å samarbeida med Arbeidstilsynet. Heller ikkje dette samarbeidet ser ut til å ha gått etter oppskrifta. I tida 2000 til 2003 gav Arbeidstilsynet tilråding til politiet i 72 saker. Arbeidstilsynet kan gi tilrådingar om det skal giast føretaksstraff eller om einskildpersonar skal straffast, eventuelt om saka skal leggjast til side. Arbeidstilsynet gjer også ei vurdering av kva for paragrafar i arbeidsmiljølova som kan vera brotne når det skjer ulykker.
Til no har politiet følgt berre 41 av dei 72 tilrådingane frå Arbeidstilsynet, viser undersøkinga til Brennpunkt. 18 av sakene er enno ikkje avgjort. Fem av desse sakene er snart fire år gamle.
Prioritert område
Konstituert førstestatsadvokat hos Riksadvokaten, Morten Holmboe, stadfestar at etterforsking av arbeidsmiljøkriminalitet framleis er blant dei sentralt prioriterte områda for politiet.
- Men når 64 av 182 dødsulykker til og med 2003 enno ikkje er ferdigbehandla, tyder ikkje det på høg prioritering?
- Utan kjennskap til dei konkrete sakene er det vanskeleg å kommentera Brennpunkt sine tal, utover det at vi ser svært alvorleg på slike saker, seier Holmboe til Klassekampen.
- Brennpunkt dokumenterer også at i berre 41 av 72 dødsulykker har politiet følgt Arbeidstilsynet sine tilrådingar om straffereaksjonar. Er dette tilfredsstillande?
- Arbeidstilsynet sine tilrådingar er viktige, men politiet må gjera ei konkret påtalemessig vurdering i kvar einskild sak, seier Holmboe. Han understrekar at han ikkje kjenner dei konkrete sakene, og at det derfor ikkje er mogeleg å overprøva dei vurderingane som er gjort av politiet.
Geografiske variasjonar
Brennpunkt har også sett på korleis politiet sitt arbeid varierer mellom dei ulike politidistrikta. I Stavanger er ni dødsulykker etterforska i løpet av dei sju siste åra. I åtte av desse sakene har det blitt straffereaksjonar. I den same perioden har etterforsking av sju saker i Mo i Rana ført til straffereaksjon i berre ei sak.
Økokrim er den sentrale instansen i politiet som har spisskompetanse på arbeidsmiljøkriminalitet. Konstituert førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, leiar for miljøteamet i Økokrim, konstaterer at det er ein viss skilnad mellom dei ulike politidistrikta når det gjeld kompetanse på dette området.
- Økokrim si oppgåve er mellom anna å bistå med etterforsking og juridisk vurdering når politidistrikta har bruk for det.
- Har alle politidistrikta kompetanse nok til å seia ifrå når dei treng assistanse frå Økokrim i slike saker?
- Det er det vanskeleg å svara på.
- Er situasjonen tilfredsstillande, når det gjeld saksbehandlingstid og straffereaksjonar?
- Situasjonen i nokre av politidistrikta kan bli betre, men mange er dyktige, seier Høviskeland til Klassekampen. Han understrekar at samarbeidet mellom politiet og Arbeidstilsynet er viktig i slike saker.
Ingen kommentar
Klassekampen har prøvd å få ein kommentar frå Justisdepartementet til denne saka. Frå informasjonseininga vart vi vist vidare til Politidirektoratet, sia dette gjeld den operative delen av politiet sitt arbeid. Frå Politidirektoratet si informasjonseining er svaret at dette er eit tema Riksadvokaten må uttala seg om, utover det fekk vi ingen kommentar.










