Avslører Noregs krav
Mandag 1. november, 2004
I forhandlingane om Generalavtalen om handel med tenester (Gats) stiller Noreg harde krav om deregulering av offentlege tenester i fleire u-land. Det kjem fram i ein ny rapport skriven av Helene Bank, seniorrådgjevar i Stiftelsen IGNIS, på oppdrag for Attac Noreg.
Tidlegare har utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson (KrF) uttalt at Noreg generelt ikkje har stilt ordinære forhandlingskrav til utviklingsland, men derimot kjem med «eigne framlegg som inviterer til kontakt og samarbeid» (Klassekampen 3. juni 2003). Helene Bank sin rapport fortel ei anna historie.
I rapporten blir det hevda at Noreg har stilt omfattande krav om deregulering av sentrale delar av det offentlege tenestetilbodet i ei rad u-land:
Kenya blir bede om deregulering av såkalla miljøtenester og finansielle tenester (forsikring). Miljøtenester kan vera alt frå vassforsyning, kloakkreinsing, oppbevaring og transport av miljøfarleg avfall.
Pakistan blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, utdanningstenester, miljøtenester og finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester.
Colombia blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, miljøtenester, finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester.Sør-Afrika blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, utdanningstenester, miljøtenester, finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester. Etter at den sørafrikanske utdanningsministeren i oktober 2003 kritiserte Noreg kraftig for regjeringa sitt utdanningskrav, signaliserte utanriksdepartementet at dei ville trekka kravet. Det ser førebels ikkje ut til å vera gjort.
- Trekk krava
Bank meiner den norske regjeringa bør trekka alle krava sine i Gats-forhandlingane med u-land.- Med slike krav bidreg Noreg først og fremst til å styrka norsk næringsliv, heller enn dei utviklingslanda det er snakk om. Når det private på denne måten tvingar seg inn i offentlege tenester reduserer ein desse landa sitt handlingsrom, meiner Bank.
Ho meiner effekten av deregulering er at ein drar stigen opp etter seg: U-land blir hindra i å ta i bruk dei verkemidla som Noreg og andre industrialiserte samfunn tidlegare har brukt for å utvikla sin handel og sine velferdsstatar.
Ei rad organisasjonar i det som kallar seg Handelskampanjen har kravd at Noreg trekk alle krav til u-landa. Aksel Nærstad, informasjonsarbeidar i Utviklingsfondet, er mellom desse:
- Om utviklingsland ønskjer å liberalisera tenestesektorane sine må det bli opp til dei, utan politisk eller økonomisk press frå dei industrialiserte landa. Det er heilt ulike styrketilhøve mellom u-land og i-land i Gats-forhandlingane. Mange av u-landa er avhengige av norsk bistand og av viktige norske næringslivsinteresser. Når Noreg stiller krav til desse er det eit gale politisk press, hevdar Nærstad.
Krev openheit
Den norske regjeringa har lenge halde dei spesifikke krava i Gats-forhandlingane hemmelege. Etter hardt press har Utanriksdepartementet offentleggjort ei liste over land ein har retta krav mot, men har ikkje spesifisert krav. I arbeidet med rapporten har difor Bank måtta skaffa opplysningane frå lekkasjar og uoffisielle kjelder, i tillegg til å samanhalda kvar norsk næringsliv har interesser og Noreg gjev bistandsmiddel.Bank reagerer sterkt på hemmeleghaldet.
- Det finst ikkje gode grunnar til å halda desse krava hemmelege. Om regjeringa offentleggjer krava vil vi kunna få skikkelege offentlege ordskifte kring dette og Stortinget slepp å basera seg på antakingar og lause forsikringar frå regjeringa.
Rapportskrivaren frykter òg at hemmeleghaldet kan gjera delar av bistandsmiljøet til brekkstong for norske næringslivsinteresser. Gats-reglane seier at eit land berre kan reservera ein tenestesektor mot privat konkurranse om han er fullstendig offentleg. Men dimed kan til dømes eit norsk bistandsprosjekt med vassforsyning i Kenya bli brukt av andre private storselskap til å hevda at sektoren ikkje er fullstendig offentleg, og slik pressa fram deregulering.
- Noreg får på denne måten ei dobbeltrolle som er ganske usmakeleg. Og dei bistandsorganisasjonane som ikkje er klår over dette blir nyttige idiotar, seier Bank.
Også Aksel Nærstad meiner kravet om at Gats-krava blir offentlege er viktig.
- Det er ille at vi er avhengige av lekkasjar og protestar frå u-land for å vita kva vår eiga regjering krev i forhandlingane om så sentrale delar av samfunnet vårt, seier Nærstad.
I forhandlingane om Generalavtalen om handel med tenester (Gats) stiller Noreg harde krav om deregulering av offentlege tenester i fleire u-land. Det kjem fram i ein ny rapport skriven av Helene Bank, seniorrådgjevar i Stiftelsen IGNIS, på oppdrag for Attac Noreg.
Tidlegare har utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson (KrF) uttalt at Noreg generelt ikkje har stilt ordinære forhandlingskrav til utviklingsland, men derimot kjem med «eigne framlegg som inviterer til kontakt og samarbeid» (Klassekampen 3. juni 2003). Helene Bank sin rapport fortel ei anna historie.
I rapporten blir det hevda at Noreg har stilt omfattande krav om deregulering av sentrale delar av det offentlege tenestetilbodet i ei rad u-land:
Kenya blir bede om deregulering av såkalla miljøtenester og finansielle tenester (forsikring). Miljøtenester kan vera alt frå vassforsyning, kloakkreinsing, oppbevaring og transport av miljøfarleg avfall.
Pakistan blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, utdanningstenester, miljøtenester og finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester.
Colombia blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, miljøtenester, finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester.
Sør-Afrika blir bede om å deregulera telekommunikasjonstenester, utdanningstenester, miljøtenester, finansielle tenester, maritim transport, landbasert transport og luftfartstenester. Etter at den sørafrikanske utdanningsministeren i oktober 2003 kritiserte Noreg kraftig for regjeringa sitt utdanningskrav, signaliserte utanriksdepartementet at dei ville trekka kravet. Det ser førebels ikkje ut til å vera gjort.
- Trekk krava
Bank meiner den norske regjeringa bør trekka alle krava sine i Gats-forhandlingane med u-land.
- Med slike krav bidreg Noreg først og fremst til å styrka norsk næringsliv, heller enn dei utviklingslanda det er snakk om. Når det private på denne måten tvingar seg inn i offentlege tenester reduserer ein desse landa sitt handlingsrom, meiner Bank.
Ho meiner effekten av deregulering er at ein drar stigen opp etter seg: U-land blir hindra i å ta i bruk dei verkemidla som Noreg og andre industrialiserte samfunn tidlegare har brukt for å utvikla sin handel og sine velferdsstatar.
Ei rad organisasjonar i det som kallar seg Handelskampanjen har kravd at Noreg trekk alle krav til u-landa. Aksel Nærstad, informasjonsarbeidar i Utviklingsfondet, er mellom desse:
- Om utviklingsland ønskjer å liberalisera tenestesektorane sine må det bli opp til dei, utan politisk eller økonomisk press frå dei industrialiserte landa. Det er heilt ulike styrketilhøve mellom u-land og i-land i Gats-forhandlingane. Mange av u-landa er avhengige av norsk bistand og av viktige norske næringslivsinteresser. Når Noreg stiller krav til desse er det eit gale politisk press, hevdar Nærstad.
Krev openheit
Den norske regjeringa har lenge halde dei spesifikke krava i Gats-forhandlingane hemmelege. Etter hardt press har Utanriksdepartementet offentleggjort ei liste over land ein har retta krav mot, men har ikkje spesifisert krav. I arbeidet med rapporten har difor Bank måtta skaffa opplysningane frå lekkasjar og uoffisielle kjelder, i tillegg til å samanhalda kvar norsk næringsliv har interesser og Noreg gjev bistandsmiddel.
Bank reagerer sterkt på hemmeleghaldet.