Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Lørdag 30. oktober, 2004

Underslag i Max Havelaar

Lørdag 30. oktober, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Dagleg leiar for Stiftelsen Max Havelaar Norge er meldt til politiet for underslag av 1 til 1,5 millionar kroner.

14. oktober fatta sekretariatet i Max Havelaar mistanke. Dagleg leiar var på haustferie, og ein annan av dei tilsette måtte gå igjennom bankbilaga. Som ikkje såg heilt gode ut.

- Det ser ut til at han har tatt ut store summar både med minibankkort og ved overføring til eigne konti. Deretter har skrive reiserekningar for reiser som aldri har funne stad og forfalska rekningar frå leverandørar, ser det ut til. Det som er skjedd er tragisk, seier styreleiar Fredrik Glad-Gjernes i Stiftelsen Max Havelaar Norge til Klassekampen. Max Havelaar er eit garantimerke for «god handel mellom nord og sør», som skal «sikre at småprodusenter og plantasjearbeidere i utviklingsland får gode handelsbetingelser og tryggere sosiale vilkår».

Dagleg leiar vedgjekk underslag i eit møte 15. oktober. Styret for Max Havelaar ba revisjonsfirmaet PricewaterhouseCoopers gå igjennom bilaga. Rapporten frå selskapet estimerer at mellom ein og halvannan million kroner er underslått.

Passerte revisorkontroll

Pengane skulle gått til opplysningsarbeid og promovering av Max Havelaar i Noreg. Dei kjem frå tre kjelder: Norad, dei stiftane organisasjonane og ei avgift på to kroner per selde kilo kaffe, frå konsumentane.

- Vi understrekar at produsentane i sør har fått alle pengane sine. Det som er underslått skulle gått til arbeidet vårt her i Noreg, seier Glad-Gjernes.

Underslaga skal ha skjedd både i 2002, 2003 og 2004. Dei falske bilaga har passert kontrollen til revisor to år på rad. KPMG har stått for revisjonen.

- Vi må setja spørjeteikn ved kva KPMG driv med. No ber vi om ei forklaring. Deretter vil vi søkja juridiske råd om det er sånn revisor også har eit ansvar for det som er skjedd, opplyser styreleiaren.

Den politimeldte leiaren har jobba for Max Havelaar i seks år. Han kom til jobben frå ei stilling i det private næringslivet.

- Han samarbeider, og vil betala tilbake det han har tatt, seier Glad-Gjernes.

@sitat:«Det som er underslått skulle gått til arbeidet vårt her i Noreg»

Fredrik Glad-Gjernes, styreleiar i Stiftelsen Max Havelaar

@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT