Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Onsdag 20. oktober, 2004

Set grense ved 21 år

Onsdag 20. oktober, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
For å forhindra tvangsekteskap foreslår utlendingslovutvalet ei aldersgrense for opphaldsløyve ved familieetablering på 21 år.

Eit lovmessig skilje mellom familiegjenforeining og familieetablering er eitt av framlegga frå utlendingslovutvalet som la fram innstillinga si i går. Familiegjenforeining vil gjelda for dei som «har levd i etablert samliv med referansepersonen i utlandet eller i Norge ...», medan familieetablering gjeld for dei som enno ikkje har levt i «etablert samliv».

For å hindra at unge menneske skal tvingast til ekteskap, foreslår utvalet ei aldersgrense på 21 år for den som skal få opphald i Noreg på grunn av ekteskap. Det blir også foreslått ein generell regel om at opphaldsløyve kan nektast dersom det er grunn til å tru at ekteskapet er inngått under tvang. Opphaldsløyve kan også nektast dersom den ektefellen som bur her i landet ikkje samtykkjer i at søkjaren får opphaldsløyve.

Utvalet foreslår også, for å hindra såkalla «kuppsituasjonar», at dersom ein eller ei som er busett i Noreg, giftar seg i utlandet, skal ektefellen ikkje få komma til Noreg før den som bur her, har vore til intervju hos norske utlendingsstyremakter. Utvalet meiner at dette skal gjera det mogeleg for den som bur her å returnera hit og få gjort noko med situasjonen dersom ekteskapet er inngått under tvang.

Positiv minister

Kommunalminister Erna Solberg er positiv til at det kjem framlegg til nye lovreglar på dette punktet, og vurderer å ta delar av innstillinga ut av den breie prosessen med å førebu ei ny utlendingslov, for å få gjennomført raske endringar av lovverket.

- Framlegget inneheld mellom anna viktig nytt om lovregulering i forhold til tvangsekteskap, seier statsråden.

I dag er regelen at når ein av partane er under 23 år, skal underhaldskrav oppfyllast av hovudpersonen (den som bur i Noreg). Utlendingslovutvalet går ikkje inn for å lovfesta underhaldskravet.

- Ikkje i utlendingslova

Fakhra Salimi, dagleg leiar for MiRA-senteret, er grunnleggjande ueinig i lovframlegget når det gjeld vilkåra for familieetablering.

- Det er diskriminerande å setja andre aldersgrenser for ekteskap for minoritetsungdom enn for etnisk norske ungdommar, seier Salimi til Klassekampen.

- Men er det ikkje positivt med ei lovregulering for å forhindra tvangsekteskap?

- Vi har eit forbod mot tvangsekteskap i Noreg, og det er godt nok. Lover mot tvangsekteskap høyrer ikkje heime i utlendingslova, slår MiRA-leiaren fast.

For å hindra såkalla «serieekteskap», der menn i Noreg utset utanlandske kvinner for mishandling i ekteskapet, forslår utvalet at det skal vera mogleg å avslå søknad om opphald dersom det er grunn til å tru at søkjaren eller eventuelle barn risikerer å bli utsette for mishandling eller utnytting. Kva som kan krevjast av vandelskontroll for å handheva ein slik regel, er førebels ikkje avklart.

Asyl til fleire

Eitt av hovudpunkta i framlegget til ny utlendingslov er at fleire av dei som søkjer asyl, skal få flyktningstatus. Dette følgjer av ei endra tilnærming til internasjonale konvensjonar Noreg er forplikta av.

Det er ikkje venta at dette skal føra til at fleire flyktningar får opphald, men både Utlendingsdirektoratet og Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) ser positivt på ei klarare grense mellom flyktningstatus og opphald på humanitært grunnlag. Forfølgingsomgrepet blir tydelegare definert enn i dagens lov.

- Det at eit klart fleirtal vil få flyktningstatus, vil ha ein viktig signaleffekt overfor samfunnet om kvifor dei får opphald her. I dag opplever flyktningar som risikerer tortur om dei blir utsende, at dei får opphald på humanitært grunnlag, seier Morten Tjessem, generalsekretær i Noas.

- Ei opprydding i forholdet mellom flyktningstatus og opphald på humanitært grunnlag opnar for at vi kan gi opphald til flyktningar frå nye konfliktsituasjonar, seier UDI-direktør Trygve G. Nordby.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT