Driv fram privatisering
«Offentleg privat samarbeid står igjen fram som eit sentralt verktøy for forretningsekspansjon både i utvikla land og utviklingsland», konstaterte tidsskriftet Business Credit i sitt april-nummer. Bladet går ut til alle toppsjefane i det USA-baserte nettverket FCIB, som samlar toppsjefar innan «finans, kreditt og internasjonal business». Her finn vi selskap som Haliburton, Hydro, PricewaterhouseCoopers, Chevron, Pfizer og JP Morgan Chase Bank. Men tross gode utsikter, skriv Business Credit: På grunn av utbreidd «skepsis og opposisjon» mot offentleg privat samarbeid (OPS), trengst det ofte «ein 'forkjempar' frå offentleg sektor som dei ulike gruppene kan forhalda seg til». I den fattige delen av verda har FN tatt på seg jobben med å vera denne «forkjemparen».
FNs utviklingsprogram (UNDP) har etablert store program for å driva fram OPS i Nepal, Namibia og Uganda. UNDP promoterer også privatisering gjennom partnarskap i Argentina, Indonesia, Laos, Malaysia, Mosambik, Ukraina og på Haiti og Filippinane. Dette skjer gjennom prosjektet Public-Private Partnerships for the Urban Environment (PPPUE). Det siktar spesielt mot å få private selskap inn i den urbane infrastrukturen, det vil seia vassforsyning, transport, elektrisitet og så vidare.
I PPPUEs database over FN-relevante OPS-prosjekt finst privatiseringa av drikkevatnet i Cochabamba i Bolivia. Då eit selskap eigd av amerikanske Bechtel fekk denne kontrakten gjekk det to månader før prisane vart skrudd opp og lokalsamfunnet eksploderte i opprør. «Vatnkrigarane» fekk kasta ut Bechtel, som svarte med å krevja erstatning.
Globalt arbeid
PPPUE har røter tilbake til 1994. Fleire land bidreg til finansieringa, men Storbritannia tek eit spesielt ansvar. Berre i fjor bidrog det britiske Utviklingsdepartementet med nær 44 millionar kroner til PPPUEs globale informasjonsarbeid for privatisering. PPPUE har også eit nært samarbeid med Public-Private Infrastructure Advisory Facility (PPIAF), som Klassekampen omtalte fredag. Denne OPS-pådrivaren er knytt til Verdsbanken og har ein plass i styringsrådet for FNs PPPUE. Storbritannia har også bidrege til at PPPUE vart oppretta.PPPUE skal utbreia kunnskapen om fordelane ved OPS til «fattige byar verda over». I Namibia har PPPUE sikra produksjonen av ei rettleiing for OPS i heile offentleg sektor, av same type som rettleiinga moderniseringsminister Morten A. Meyer snart skal ha ferdig her i Noreg. PPPUE har gjennomført vekelange skoleringsseminar for lokale administrasjonar i 28 av 30 namibiske lokalområde.
Satsinga på OPS fell inn under det siste av FNs åtte Millenniumsmål: «Utvikla eit globalt partnarskap for utvikling».
FN i partnarskap
Nepal er ei av storsatsingane til PPPUE. FN har jobba iherdig for OPS i landet sidan 25. mars 2002. OPS er ofte «dårleg forstått» i Nepal, viser det seg i fylgje årsrapporten til PPPUE. Arbeidet har «saktare fart enn venta», hos lokale styresmakter er det ofte «alvorleg nøling» og det oppstår mange forseinkingar. Men på grunn av informasjonsarbeidet PPPUE driv sentralt og lokalt i Nepal, skjer det framsteg i «den teoretiske forståinga» av fordelane ved OPS, og no trur PPPUE at Nepal står framfor «ei bylgje av OPS-prosjekt».FN lever i tråd med si eiga lære, og har sjølv inngått ei rad partnarskap med private storselskap dei siste åra. I samarbeid med Coca-Cola drog UNDP i 2002 i gang prosjektet «E-læring for livet», som skal gje auka tilgang til informasjonsteknologi i Malaysia. Det skapte opprør blant mange ikkje-statlege organisasjonar då FNs barnepolitiske arm UNICEF i 2002 slo seg i lag med McDonald's for å «samla inn pengar til verdas born».
Årsdagen for vedtaket av FNs barnekonvensjon, 20. november, skulle bli «McDonald's Verdas Barnedag», i fylgje Unicef. På denne dagen skulle ein viss del av inntektene for kvar selde Big Mac gå til finansiering av Ronald McDonald-hus og andre McDonald's pr-tiltak.
- Trojansk hest
FN er på grunn av sin legitimitet den ideelle samarbeidspartnar for mange selskap. «Selskapa veit at om dei hjelper FN med favorittprosjekta til organisasjonen, vil FN opna dører og agera som ein verdifull buffer mellom dei og regjeringane i land der dei vil ha innpass», kommenterer Claudia H. Deutsch i New York Times.- Selskapa bruker UNDP, med deira gode rykte i utviklingslanda, som ein trojansk hest for å koma seg inn i marknadene, uttaler Sanho Tree ved Institute for Policy Studies i Washington, D.C.
@sitat:«UNICEF i 2002 slo seg i lag med McDonald's for å 'samla inn pengar til verdas born'»@«Offentleg privat samarbeid står igjen fram som eit sentralt verktøy for forretningsekspansjon både i utvikla land og utviklingsland», konstaterte tidsskriftet Business Credit i sitt april-nummer. Bladet går ut til alle toppsjefane i det USA-baserte nettverket FCIB, som samlar toppsjefar innan «finans, kreditt og internasjonal business». Her finn vi selskap som Haliburton, Hydro, PricewaterhouseCoopers, Chevron, Pfizer og JP Morgan Chase Bank. Men tross gode utsikter, skriv Business Credit: På grunn av utbreidd «skepsis og opposisjon» mot offentleg privat samarbeid (OPS), trengst det ofte «ein 'forkjempar' frå offentleg sektor som dei ulike gruppene kan forhalda seg til». I den fattige delen av verda har FN tatt på seg jobben med å vera denne «forkjemparen».
FNs utviklingsprogram (UNDP) har etablert store program for å driva fram OPS i Nepal, Namibia og Uganda. UNDP promoterer også privatisering gjennom partnarskap i Argentina, Indonesia, Laos, Malaysia, Mosambik, Ukraina og på Haiti og Filippinane. Dette skjer gjennom prosjektet Public-Private Partnerships for the Urban Environment (PPPUE). Det siktar spesielt mot å få private selskap inn i den urbane infrastrukturen, det vil seia vassforsyning, transport, elektrisitet og så vidare.
I PPPUEs database over FN-relevante OPS-prosjekt finst privatiseringa av drikkevatnet i Cochabamba i Bolivia. Då eit selskap eigd av amerikanske Bechtel fekk denne kontrakten gjekk det to månader før prisane vart skrudd opp og lokalsamfunnet eksploderte i opprør. «Vatnkrigarane» fekk kasta ut Bechtel, som svarte med å krevja erstatning.
Globalt arbeid
PPPUE har røter tilbake til 1994. Fleire land bidreg til finansieringa, men Storbritannia tek eit spesielt ansvar. Berre i fjor bidrog det britiske Utviklingsdepartementet med nær 44 millionar kroner til PPPUEs globale informasjonsarbeid for privatisering. PPPUE har også eit nært samarbeid med Public-Private Infrastructure Advisory Facility (PPIAF), som Klassekampen omtalte fredag. Denne OPS-pådrivaren er knytt til Verdsbanken og har ein plass i styringsrådet for FNs PPPUE. Storbritannia har også bidrege til at PPPUE vart oppretta.
PPPUE skal utbreia kunnskapen om fordelane ved OPS til «fattige byar verda over». I Namibia har PPPUE sikra produksjonen av ei rettleiing for OPS i heile offentleg sektor, av same type som rettleiinga moderniseringsminister Morten A. Meyer snart skal ha ferdig her i Noreg. PPPUE har gjennomført vekelange skoleringsseminar for lokale administrasjonar i 28 av 30 namibiske lokalområde.
Satsinga på OPS fell inn under det siste av FNs åtte Millenniumsmål: «Utvikla eit globalt partnarskap for utvikling».
FN i partnarskap
Nepal er ei av storsatsingane til PPPUE. FN har jobba iherdig for OPS i landet sidan 25. mars 2002. OPS er ofte «dårleg forstått» i Nepal, viser det seg i fylgje årsrapporten til PPPUE. Arbeidet har «saktare fart enn venta», hos lokale styresmakter er det ofte «alvorleg nøling» og det oppstår mange forseinkingar. Men på grunn av informasjonsarbeidet PPPUE driv sentralt og lokalt i Nepal, skjer det framsteg i «den teoretiske forståinga» av fordelane ved OPS, og no trur PPPUE at Nepal står framfor «ei bylgje av OPS-prosjekt».
FN lever i tråd med si eiga lære, og har sjølv inngått ei rad partnarskap med private storselskap dei siste åra. I samarbeid med Coca-Cola drog UNDP i 2002 i gang prosjektet «E-læring for livet», som skal gje auka tilgang til informasjonsteknologi i Malaysia. Det skapte opprør blant mange ikkje-statlege organisasjonar då FNs barnepolitiske arm UNICEF i 2002 slo seg i lag med McDonald's for å «samla inn pengar til verdas born».
Årsdagen for vedtaket av FNs barnekonvensjon, 20. november, skulle bli «McDonald's Verdas Barnedag», i fylgje Unicef. På denne dagen skulle ein viss del av inntektene for kvar selde Big Mac gå til finansiering av Ronald McDonald-hus og andre McDonald's pr-tiltak.
- Trojansk hest
FN er på grunn av sin legitimitet den ideelle samarbeidspartnar for mange selskap. «Selskapa veit at om dei hjelper FN med favorittprosjekta til organisasjonen, vil FN opna dører og agera som ein verdifull buffer mellom dei og regjeringane i land der dei vil ha innpass», kommenterer Claudia H. Deutsch i New York Times.
- Selskapa bruker UNDP, med deira gode rykte i utviklingslanda, som ein trojansk hest for å koma seg inn i marknadene, uttaler Sanho Tree ved Institute for Policy Studies i Washington, D.C.
@sitat:«UNICEF i 2002 slo seg i lag med McDonald's for å 'samla inn pengar til verdas born'»
@










