Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Onsdag 29. september, 2004

Vår tids Komintern

Onsdag 29. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Er KPMG ein av verdas største politiske organisasjonar?

For fire år sidan utvikla PPIAF eit «kunnskapsprogram», der journalistar frå ni afrikanske land fekk læra om fordelane ved å privatisera vassforsyninga. PPIAF? «Public Private Infrastructure Advisory Facility». Foretaket held til i bygget til Verdsbanken, i Washington DC. Desse folka får pengar frå Norad.

I Tanzania var det konsulentane frå Adam Smith International som, for britiske bistandsmillionar, gav råd til regjeringa om privatisering. Resultatet vart både ein musikkvideo på tv, ein serie korte stykke frå Tanzanias fremste komikar og ein Privatisation Day med ope hus på Dar es Salaams Royal Palm Hotel.

Kvite menn med slips som hjelp svarte, brune og gule kvinner og menn med privatisering av vatn, elektrisitet, helse og undervisning. Rapporten «Profiting from Poverty» skildrar dette som ein bransje i vekst. Og dei sterkaste aktørane drar vi kjensel på frå den norske privatiseringsdebatten: KPMG, Ernst & Young, PricewaterhouseCoopers og Deloitte - kjent som Dei fire store.

Dei fire store «står i spissen for den internasjonale kampanjen for å fremja den private sektoren si overtaking av offentlege tenester», skriv britiske War on Want i rapporten, som Klassekampen omtaler i dag. Fattige land blir påtvinga rådgjevarar frå desse konsulentbyråa. Det inngår i vilkåra for lån og bistand.

Dei private selskapa invaderer offentleg sektor. Det tok til i Storbritannia og USA, med Thatcher og Reagan. Deretter gjekk konsulentveldet laus på dei frigjorde folka i Aust-Europa. No står velferdsstatar som Noreg og fattigstatar som Ghana for tur. Men invasjonen skjer fredeleg. Nesten som den tyske «Anschluss» mot Austerrike. Denne fredeleg overgangen til marknadsdiktatur krev eit enormt forbruk av konsulentårsverk.

Privat sektor argumenterer, rapporterer og reklamerer motstanden i senk. Konsulentveldet investerer enormt i «the battle of hearts and minds», skriv War on Want. Premien er profitt.

Dei siste 25 åra har det nyliberalistiske verdsbiletet fått religiøse dimensjonar, hevdar Sturla Stålsett ved Teologisk Fakultet i Oslo: «Markedet har guddommelige trekk: Det hviler i seg selv, er sin egen begrunnelse. Markedet bærer det helliges kjennetegn: Det fascinerer og skremmer. Tiltrekkende i sine løfter om evig velstand. Skremmende i sin ubønnhørlige dom: Den uproduktive må dø».

Susan George, økonom og Attac-kjendis i Frankrike, poengterer at denne religionen har eit presteskap: «Fra å være en liten, upopulær sekt med praktisk talt ingen innflytelse, har nyliberalismen blitt den største verdensreligionen med sin dogmatiske doktrine, sitt presteskap, sine lovgivende institusjoner».

Yppersteprestane finst i dei høgrevridne tenketankane som vart etablert under overoppsyn av ideologiske entreprenørar som Friederich Hayek og Milton Friedman. Med det globale konsulentveldet frå privat sektor har Hayek også fått det han var den fyrste som våga drøyma om under keyenesianismens tunge åk: «An army of freedomfighters».

Kva er det Dei fire store arbeider med? Økonomi? Eller politikk? Dei leverer råd om outsourcing i kommunar, om privatisering av vatn, om korleis velferdsstaten skal sjå ut. Dersom politikk er det som har å gjera med «styret av polis/staten», er KMPG ein politisk organisasjon.

Ernst & Young, PwC, Deloitte og KPMG er verdas største politiske organisasjonar. Dei er i alle land. Dei har hundretusenar av tilsette. Dei opererer frå regjeringskontora både i London, Oslo og Dar es Salaam. Dei internasjonale møtestadene til konsulentar og tenketankar frå privat sektor er vår tids Komintern.

Makta til dette Komintern er bygd på pengar. Pengar kjøper tid. Tid blir til rapportar og utgreiingar. Som blir til politikk. Berre spør Morten Meyer og KPMG.

Samtidig sit samfunnsforskarane og klør seg i hovudet og spør kva som skjedde med folkestyret.

For fire år sidan utvikla PPIAF eit «kunnskapsprogram», der journalistar frå ni afrikanske land fekk læra om fordelane ved å privatisera vassforsyninga. PPIAF? «Public Private Infrastructure Advisory Facility». Foretaket held til i bygget til Verdsbanken, i Washington DC. Desse folka får pengar frå Norad.

I Tanzania var det konsulentane frå Adam Smith International som, for britiske bistandsmillionar, gav råd til regjeringa om privatisering. Resultatet vart både ein musikkvideo på tv, ein serie korte stykke frå Tanzanias fremste komikar og ein Privatisation Day med ope hus på Dar es Salaams Royal Palm Hotel.

Kvite menn med slips som hjelp svarte, brune og gule kvinner og menn med privatisering av vatn, elektrisitet, helse og undervisning. Rapporten «Profiting from Poverty» skildrar dette som ein bransje i vekst. Og dei sterkaste aktørane drar vi kjensel på frå den norske privatiseringsdebatten: KPMG, Ernst Young, PricewaterhouseCoopers og Deloitte - kjent som Dei fire store.

Dei fire store «står i spissen for den internasjonale kampanjen for å fremja den private sektoren si overtaking av offentlege tenester», skriv britiske War on Want i rapporten, som Klassekampen omtaler i dag. Fattige land blir påtvinga rådgjevarar frå desse konsulentbyråa. Det inngår i vilkåra for lån og bistand.

Dei private selskapa invaderer offentleg sektor. Det tok til i Storbritannia og USA, med Thatcher og Reagan. Deretter gjekk konsulentveldet laus på dei frigjorde folka i Aust-Europa. No står velferdsstatar som Noreg og fattigstatar som Ghana for tur. Men invasjonen skjer fredeleg. Nesten som den tyske «Anschluss» mot Austerrike. Denne fredeleg overgangen til marknadsdiktatur krev eit enormt forbruk av konsulentårsverk.

Privat sektor argumenterer, rapporterer og reklamerer motstanden i senk. Konsulentveldet investerer enormt i «the battle of hearts and minds», skriv War on Want. Premien er profitt.

Dei siste 25 åra har det nyliberalistiske verdsbiletet fått religiøse dimensjonar, hevdar Sturla Stålsett ved Teologisk Fakultet i Oslo: «Markedet har guddommelige trekk: Det hviler i seg selv, er sin egen begrunnelse. Markedet bærer det helliges kjennetegn: Det fascinerer og skremmer. Tiltrekkende i sine løfter om evig velstand. Skremmende i sin ubønnhørlige dom: Den uproduktive må dø».

Susan George, økonom og Attac-kjendis i Frankrike, poengterer at denne religionen har eit presteskap: «Fra å være en liten, upopulær sekt med praktisk talt ingen innflytelse, har nyliberalismen blitt den største verdensreligionen med sin dogmatiske doktrine, sitt presteskap, sine lovgivende institusjoner».

Yppersteprestane finst i dei høgrevridne tenketankane som vart etablert under overoppsyn av ideologiske entreprenørar som Friederich Hayek og Milton Friedman. Med det globale konsulentveldet frå privat sektor har Hayek også fått det han var den fyrste som våga drøyma om under keyenesianismens tunge åk: «An army of freedomfighters».

Kva er det Dei fire store arbeider med? Økonomi? Eller politikk? Dei leverer råd om outsourcing i kommunar, om privatisering av vatn, om korleis velferdsstaten skal sjå ut. Dersom politikk er det som har å gjera med «styret av polis/staten», er KMPG ein politisk organisasjon.

Ernst Young, PwC, Deloitte og KPMG er verdas største politiske organisasjonar. Dei er i alle land. Dei har hundretusenar av tilsette. Dei opererer frå regjeringskontora både i London, Oslo og Dar es Salaam. Dei internasjonale møtestadene til konsulentar og tenketankar frå privat sektor er vår tids Komintern.

Makta til dette Komintern er bygd på pengar. Pengar kjøper tid. Tid blir til rapportar og utgreiingar. Som blir til politikk. Berre spør Morten Meyer og KPMG.

Samtidig sit samfunnsforskarane og klør seg i hovudet og spør kva som skjedde med folkestyret.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT