Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Tirsdag 28. september, 2004

Jublar for Gabrielsen

Tirsdag 28. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ein lekkasje frå statsbudsjettet varslar at løyvingane til gjennomføring av opptrappingsplanen for psykisk helse blir auka med 800 millionar meir i 2005 enn tidlegare venta.

Sjeldan har nokon Høgre-statsråd fått så mange lovord frå dei som ofte er svært kritiske til styremaktene sine prioriteringar av psykiatrien, som helseminister Ansgar Gabrielsen kan innkassera no om dagen.

Årsaka er at løyvinga til opptrappingsplanen for psykisk helse er meir enn dobla i forhold til i fjor, 1,5 milliardar «friske pengar» skal i statsbudsjettet for 2005 gå til gjennomføringa av opptrappingsplanen for psykisk helse.

- Det måtte ein Høgre-statsråd til for å få til ei nyorientering, konstaterer Are Saastad, leiar i Gaustadklubben (Fagforbundet), Aker universitetssykehus.

Sunniva Ørstavik, assisterande generalsekretær i Rådet for psykisk helse, meiner pengane først og fremst må brukast til lokale tilbod til menneske som ikkje skal vera i institusjon.

Bustader

Ørstavik viser til at eit viktig moment i opptrappingsplanen for psykisk helse er å skaffa høvelege butilbod til menneske med psykiske lidingar.

Til no er det gitt 3400 tilsegner om slike bustader, men berre 700 bustader er klare til bruk.

- Ingen kan bu i ei tilsegn, no hastar det med å få bygd dei bustadene som trengst, seier Ørstavik, og minner om at det sannsynlegvis trengst minst 6000 bustader.

Dagen før budsjettlekkasjen kom sist veke, gjekk det ut melding frå helseministeren til helseføretaka om å stansa nedbygginga av dei psykiatriske døgnbehandlingsplassane.

- Mange har etterlyst fleire institusjonsplassar?

- Ein må ikkje byggja ned institusjonane før ein har betre tilbod utanfor. Kanskje trengst det noko fleire enn vi har i dag. Men ein må heile tida spørja kvifor. Kanskje blir institusjonsplassane etterlyste fordi vi ikkje har noko anna, til dømes gode nok butilbod med nok hjelp og eit godt nok poliklinisk tilbod. Folk skal ikkje bu og leva i institusjonar, understrekar Ørstavik.

Konstruerte motsetnader

Saastad meiner det blir konstruert motsetnader mellom ulike tenester.

- Vi må slutta å tru at alle kan få den behandlinga dei treng i sine eigne heimar. Det kan hjelpa mange, men ikkje alle, seier leiaren for Gaustadklubben, som tidlegare har tatt til orde for å styrka «Det gode asylet».

- Vi treng fleire sengeplassar, ikkje fleire kompetansesenter i psykiatrien. Alt i alt treng vi eit mangefasettert tilbod, med tilsette som har tid og kapasitet til omsorg og samtale, seier Saastad.

Vil ha fleire spesialistar

Bjarte Stubhaug, leiar i Norsk psykiatrisk forening (NPF), meiner det er viktig å få fleire psykiatrar og psykologispesialistar for å betra tilbodet til folk med psykiske lidingar.

Når det gjeld vidareføringa av opptrappingsplanen for psykisk helse, meiner han generelt at det har vore lagt for mykje vekt på psykososiale omsorgstiltak i kommunane, og for lite på styrking av spesialisthelsetenesta.

- Sjølvsagt trengst det bustader, aktivitetar, nettverk og førebyggjande tiltak. Men det burde vera ei kommunal oppgåve. Framleis har vi udekte behov for utdanning av og stillingar for psykiatrar og psykologspesialistar. Med dagens utdanningstakt vil det ta ti til femten år før ein fyller basale behov for spesialistar på dette feltet, meiner Stubhaug.

Når det elles gjeld prioriteringar innafor opptrappingsplanen, meiner Stubhaug fleire forhold avgjer kva som trengst av døgnplassar.

- Gode ambulante team kan vega opp for døgnplassar, og kan behandla folk utan innlegging. Kva som trengst av akuttplassar, er avhengig av kor raskt dei som har fått akuttbehandling, kjem vidare i systemet, seier NPF-leiaren.

- Men i dei store byane er det nok for få akuttplassar, legg han til.

Viktig signaleffekt

Bjørg Njaa, leiar for Landsforeningen for pårørende innen psykiatri (LPP), meiner løyvinga til psykiatrien har ein veldig viktig signaleffekt.

- Endeleg kjem ein etterlengta aksept av at dette feltet må styrkast, særleg gjeld det tilbodet til dei aller dårlegaste psykisk sjuke, seier Njaa.

- Det aller viktigaste er å sørgja for at dei som treng hjelp, får det når dei treng det. Det krev ei omlegging til oppsøkjande team og kriseteam, og det krev behandlarar som går ut av kontora sine og oppsøkjer brukarar og pasientar der dei er.

Men det må ikkje setjast opp mot å sikra gode døgninstusjonsplasser for dei som treng det, meinar Njaa.

- Ei hovudutfordring er å setja dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) i stand til å nå dei som har store problem og behov for hjelp. Her ligg det store utfordringar når det gjeld organisering og haldningsendringar, seier LPP-leiaren.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT