Svar til Orkdalsvegen AS
Tirsdag 28. september, 2004
Eit innlegg frå Ketil Sand i Orkdalsvegen AS her i avisa i går skulda meg og Klassekampen for løgn og sitatfusk: «For Orkdalsvegen AS, som er kontraktspart med Vegdirektoratet i prosjektet, er det viktig å få frem at Ernst & Young AS ikke ga råd til Orkdalsvegen AS før OPS-kontrakten ble undertegnet 7. april 2003. Undertegnede har heller aldri sagt dette i samtale med Klassekampen, og reagerer sterkt på at dette hevdes i artikkelen».
Når dette er så viktig å få fram, burde kanskje ikkje Sand uttalt til meg, då eg ringte, at Ernst & Young bidrog med rågjeving «i tilbodsfasen». For det sa han.
Når Klassekampen har sett fokus på rolla til konsulentselskap som KMPG og Ernst & Young er det fordi dei både promoterer privatisering (verda over), dei prosjekterer privatisering i nært samarbeid med staten (til dømes Vegdirektoratet) og dei profitterer på privatisering, i rollene som rådgjevar og revisorfirma for selskapa i privat sektor som kaprar dei store kontraktane. Dette har vore eit slåande mønster ved utviklinga av offentleg privat samarbeid (OPS) i Storbritannia. Mønsteret i Noreg blir ikkje mindre iaugefallande, ser det ut til.
Ketil Sand har hatt ein viss pågang frå Vegdirektoratet etter Klassekampens oppslag. At han dementerer seg sjølv er ok. At han formar dementiet som ein påstand om at Klassekampen lyg, får vera hans problem. Det står ord mot ord.
Men vi har tatt lærdom. Då vi intervjua milliardkontraktør nummer to i det norske OPS-eventyret, Veidekkes «Allfarveg AS», gjorde vi det skriftleg. Vegdirektoratet kan få oversendt e-posten, referert laurdag, der dagleg leiar Torgeir Øvstebø svarer at ja, Ernst & Young er revisor for Allfarveg AS, ja Ernst & Young er revisor for Veidekke ASA, og ja, Veidekke «gjorde bruk av Ernst & Young som rådgjevar i arbeidet med tilbodet».
Eit innlegg frå Ketil Sand i Orkdalsvegen AS her i avisa i går skulda meg og Klassekampen for løgn og sitatfusk: «For Orkdalsvegen AS, som er kontraktspart med Vegdirektoratet i prosjektet, er det viktig å få frem at Ernst Young AS ikke ga råd til Orkdalsvegen AS før OPS-kontrakten ble undertegnet 7. april 2003. Undertegnede har heller aldri sagt dette i samtale med Klassekampen, og reagerer sterkt på at dette hevdes i artikkelen».
Når dette er så viktig å få fram, burde kanskje ikkje Sand uttalt til meg, då eg ringte, at Ernst Young bidrog med rågjeving «i tilbodsfasen». For det sa han.
Når Klassekampen har sett fokus på rolla til konsulentselskap som KMPG og Ernst Young er det fordi dei både promoterer privatisering (verda over), dei prosjekterer privatisering i nært samarbeid med staten (til dømes Vegdirektoratet) og dei profitterer på privatisering, i rollene som rådgjevar og revisorfirma for selskapa i privat sektor som kaprar dei store kontraktane. Dette har vore eit slåande mønster ved utviklinga av offentleg privat samarbeid (OPS) i Storbritannia. Mønsteret i Noreg blir ikkje mindre iaugefallande, ser det ut til.
Ketil Sand har hatt ein viss pågang frå Vegdirektoratet etter Klassekampens oppslag. At han dementerer seg sjølv er ok. At han formar dementiet som ein påstand om at Klassekampen lyg, får vera hans problem. Det står ord mot ord.
Men vi har tatt lærdom. Då vi intervjua milliardkontraktør nummer to i det norske OPS-eventyret, Veidekkes «Allfarveg AS», gjorde vi det skriftleg. Vegdirektoratet kan få oversendt e-posten, referert laurdag, der dagleg leiar Torgeir Øvstebø svarer at ja, Ernst Young er revisor for Allfarveg AS, ja Ernst Young er revisor for Veidekke ASA, og ja, Veidekke «gjorde bruk av Ernst Young som rådgjevar i arbeidet med tilbodet».










